Både låg smittespreeing og større vinterbølge er moglege scenarier for korona-epidemien i Noreg
Nyhet
|Publisert
Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Det at mange er vaksinerte og at folk held seg heime ved sjukdom kan vere nok til å halde epidemien under kontroll gjennom vintersesongen i Noreg. Samstundes er det ei moglegheit for at det kjem ei relativt stor vinterbølge.
Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsidenDet viser ein ny rapport som har sett på ulike scenario framover i Noreg. Scenarioa er baserte på modellering ved to ulike utfall. Dette er ikkje prognosar. Det betyr at vi ikkje veit om det eine eller andre scenarioet vil skje, vi veit ikkje kva sannsynligheita er, eller om noko imellom kan tenkast. Men det er scenario som kan sette oss i stand til å sjå føre oss kva vi bør førebu oss på, dersom det skulle skje.
Sjå modelleringsrapporten her:
– Vi har rekna på to ulike scenario. I det eine scenarioet har vi omtrent like mykje kontakt med kvarandre som vi estimerte folk hadde før gjenopninga 25. september. I det andre scenarioet har vi auka kontaktraten med 35 prosent etter gjenopninga, seier avdelingsdirektør Line Vold i FHI.
Scenario 1: Knapt nokon smittebølgje
Ved scenarioet utan endring i kor mykje kontakt folk har med kvarandre, har gjenopninga liten effekt på smittespreiinga. Dersom vi greier å nå minst 90 prosent vaksinasjonsdekning i alle aldersgruppe over 12 år, og samtidig reduserer smitte ved at 50 prosent av dei symptomatisk sjuke held seg heime, så ser vi i modellen knapt nokon smittebølgje i det heile gjennom vinteren.
Scenario 2: 60–70 sjukehusinnleggingar kvar dag
Det andre scenarioet viser ei betydeleg bølgje frå seinhausten og utover vinteren. Dersom vi legg inn disse forutsetningane viser modellen ei bølgje som kan gje 60-70 innleggingar per dag på det meste. Det er på nivå med dei 60 nye innlagte vi såg 25. mars 2020, som er det høgste daglege talet på innlagte så langt i epidemien i Noreg. Det er også på nivå med kva som kan vere vanleg i ein litt hard influensasesong, som den vi hadde i 2017-2018.
Vanskeleg å vurdere kva som kan skje
– Det er vanskeleg å vurdere sannsynet for kvart av desse scenarioa, så det er naudsynt å førebu oss både på scenario med ein ganske godt kontrollert epidemi, og på scenario med høgre sjukdomsbyrde i vintermånadane. Vi fortset å følge situasjonen og utviklinga nøye, innhentar informasjon, og bruker informasjonen til å innsnevre usikkerheita, seier avdelingsdirektør Line Vold i FHI.
– Ut frå en totalvurdering av situasjonen meiner vi det er mest sannsynleg at vi får en bølgje som ikkje er like stor som scenario 2 viser. Også i Sverige og Danmark har de gjort modellering som viser risiko for en vinterbølge, seier Line Vold.
Mogleg å bremse bølgjer med tiltak
Som med tidlegare bølger vil det også her vere mogleg å stanse eller bremse bølgene ved å innføre tiltak, og desse tiltaka vil i så fall ikkje trenge å vere på langt nær så drastiske som ved tidlegare bølgjer for å få smitta under kontroll. FHI følger nøye med på utviklinga sidan gjenopninga.
Deltavariant, etterleving og vaksinasjonsdekning viktige faktorar
Dei viktigaste faktorane som påverkar scenarioa for vintersesongen er den naturlege smittetakta til deltavarianten, etterleving av råd om testing og sjølvisolering ved sjukdom, vaksinasjonsdekning og storleiken på sesongvariasjonen.
Det å halde seg heime ved sjukdom har vesentleg effekt
– At folk held seg heime når dei er sjuke kan ha ein vesentleg effekt på epidemien, og dersom mange nok følger dette rådet kan det vere tilstrekkeleg til å halde epidemien under kontroll gjennom vinteren, seier avdelingsdirektør Line Vold i FHI.
Sjå også nyheitssak frå Statens Serums Institut i Danmark:
Sjå også nyheitssak frå Folkhälsomyndigheten i Sverige:
- Scenario for fortsatt spreiing (folkhalsomyndigheten.se)