Vi treng fleire Smittestopp-brukarar (arkivert)
Nyhet
|Publisert
Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
FHI treng fleire aktive Smittestopp-brukarar. Færre sendte nemleg data frå Smittestopp-appen inn til Folkehelseinstituttet denne veka opp mot sist veke.
Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsidenMellom 28. april og 4. mai sendte nesten 750 000 (749 365) brukarar GPS- og Bluetooth-data til FHI. Andelen aktive brukarar over 16 år ligg no på 17 prosent. Tilsvarande tal for sist veke var nesten 900 000 (899 142) brukarar og 20,5 prosent av befolkninga.
Sjå oversikt både nasjonalt nivå og på kommunenivå på Antall nedlastingar og antall brukarar av Smittestopp.
– Vi testar no løysinga i Drammen, Trondheim og Tromsø, så no gjeld det å ikkje miste tolmodet, men sikre at du sender inn data frå appen. Slik kan du bli varsla om smitte når løysinga er i bruk over heile landet, og allerede no gi tilgang til data slik at vi kan se korleis smitteverntiltaka fungerer. Det seier fungerande assisterande direktør Gun Peggy Knudsen i Folkehelseinstituttet.
Det betyr blant anna å passe på at Bluetooth og GPS er skrudd på, og takke ja til meldingar som spør om appen skal få tillating til å bruke posisjonen din.
Strenge personverntiltak
Grunnen til at det kjem inn mindre data no enn for ei veke sidan kan skyldast at folk har skrudd av sporingsfunksjonen, ved for eksempel å trykke nei til å dele data når dei får påminning om dette frå telefonen. Sletting av data kan også vere ein av grunnane.
– På grunn av dei svært strenge personverntiltaka vi har rundt appen blir data sletta dersom appen ikkje rapporterer inn data innan 7 dagar. Dette er sannsynlegvis ein av grunnane til at vi har færre aktive brukarar denne veka, seier Gun Peggy Knudsen.
Folk kan også ha sletta appen, fordi de synast han bruker mykje strøm.
– Vi er klar over at nokre opplev at han gjer det, og utviklarane har jobba med å forbetre batteriforbruket. I mellomtida håper eg at det ta med ein ladekabel og å lade litt ekstra kan vere ein del av dugnaden. Vi set veldig pris på alle som gjer dette for å bidra, seier Gun Peggy Knudsen i FHI.
Oppdatering på plass
FHI jobbar no med å sjå på løysingar for å sikre at alle som vil levere inn data får moglegheit til dette på ein enkel måte, for eksempel ved eit varsel på mobiltelefonen om at dei må aktivere appen.
Ei oppdatering av appen kom denne veka. Oppdateringa inneheld blant anna ei forbetring av sikkerheita, slik at alle data som samlast inn no blir kryptert mens dei er lagra på telefonen. Universell utforming er forbetra slik at brukarvalgt størrelse av skrifta fungerer. I tillegg er tekst og design oppdatert med lenker til digitale verktøy, brukarstøtte og informasjon om appen og koronavirus.