Under 2 prosent har korona-antistoff i blodet (arkivert)
Nyhet
|Publisert
Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Blodprøver frå ei ny gruppe med 480 personar bekreftar at det er under 2 prosent som har antistoff mot koronavirus i blodet. Dette tyder på at det berre er ein liten del av befolkninga som har vore smitta med koronavirus
Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsidenDet er uvisse om kor mange som har vore smitta av koronaviruset i Noreg. Antistoffundersøkingar kan gi informasjon om dette, fordi antistoff er teikn på gjennomgått infeksjon, i motsetning til ein PCR-test (sjå nederst i artikkelen).
Så langt tyder data på at dei aller fleste som gjennomgår koronavirusinfeksjon (covid-19), dannar antistoff mot dette viruset.
Deltakarar frå Oslo
I månadsskiftet april-mai vart det tatt blodprøve av 397 deltakarar i Den norske mor, far og barn-undersøkinga (MoBa) for å undersøke om dei hadde antistoff mot koronavirus (SARS-CoV-2).
Resultata viste at under 2 prosent hadde antistoff mot koronavirus i blodet, det vil seie færre enn 1 av 50.
No gir prøver frå ei ny gruppe på 480 personar same resultat. Desse prøvene blei tatt i dagane 6.- 8. mai, og også desse deltakarane var frå Oslo-området.
– Resultata bekreftar at det truleg er svært få som hittil har hatt infeksjonen, seier prosjektleiar Per Magnus, Folkehelseinstituttet.
Testinga held fram
– I vekene framover kjem vi til å fortsette å teste grupper med tilfeldig utvalde personar frå MoBa. Hensikta er å kunne følge med på spreiinga av koronavirus i den generelle befolkninga, seier Magnus.
Undersøkingane blir gjennomførde i samarbeid med Oslo universitetssjukehus. Analysane av antistoff er gjort med ein test utvikla av ei forskargruppe under leiing av Fridtjof Lund-Johansen og Jan Terje Andersen på avdeling for Immunologi og transfusjonsmedisin ved Oslo universitetssjukehus (OUS). Dei har undersøkt antistoffresponsar mot ulike virusprotein og samanlikna metoden med kommersielle testar som er under utprøving ved avdeling for mikrobiologi ved OUS, og alle testane peikar i same retning.
To testar for koronavirus
Det er to typar testar for koronavirus:
- Virustesten (PCR-test) blir tatt med ein vattpinne i nasen eller svelget og viser om personen har virus i kroppen, eller nyleg har hatt det. Testen viser om det finst arvestoff frå viruset i slimhinnene. Slike testar blir tilbode til dei som har symptom og enkelte andre grupper.
- Antistofftestar er ein blodprøve og viser om personen har utvikla antistoff mot viruset. Antistoffproduksjonen kjem først i gang etter nokre dagar. Ein trur at antistofftestar av tilfeldig utvalde personar i befolkninga vil gi informasjon om kor mange som har vore utsette for smitte med koronavirus. Tilbod om antistofftest blir i dag berre gitt til bestemte utval av befolkningen, men tilbodet vil bli utvida etter kvart som testkapasiteten blir utvida.
Les meir:
- Testkriterier - om virustesting
- Serologi og hurtigtester - om utvikling av antistofftester