Dette er anbefalingane for covid-19 som gjeld no
Nyhet
|Publisert
Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Hold deg heime viss du har nyoppståtte luftsymptom og føler deg sjuk. Du treng ikkje lenger teste deg, og du treng ikkje vere heime fire dagar ved covid-19. Kontakt lege viss du har behov for helsehjelp. Testtilbodet i kommunane vil fortsette ei stund til.
Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsidenRegjeringa oppheva tysdag 5. april rådet om å halde seg heime 4 døgn etter koronasmitte (sjå Langsiktig strategi for å normalisere kvardagen på regjeringa.no).
Oppdaterte anbefalingar
Anbefalingane om covid-19 som no gjeld er:
- Hald deg heime viss du føler deg sjuk, og unngå kontakt med personar som har risiko for å bli alvorleg sjuke dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom.
- Du treng ikkje halde deg heime i 4 døgn.
- Kontakt lege viss du har behov for helsehjelp.
- Du treng ikkje testa deg med sjølvtest. Viss du likevel har fått ein positiv test, gjeld dei same råda om å halde deg heime viss du føler deg sjuk.
- Du treng heller ikkje registrere positive sjølvtestar hos kommunen.
- Det gjeld eigne anbefalingar for dei som har auka risiko for å bli alvorleg sjuke med covid-19 på Råd og informasjon til risikogrupper og pårørande (fhi.no).
Sjå meir om kva du gjer ved Nyoppståtte luftvegssymptom (fhi.no).
Sjølvtestar vil framleis vere tilgjengelege
I ein overgangsperiode vil det vere tilgjengelege sjølvtestar i kommunane for dei i befolkninga som likevel ønsker å testa seg. Råda ved positiv og negativ test er dei same; hold deg heime viss du føler deg sjuk.
Drift av teststasjonar fortset
Kommunen vil framleis drifte teststasjonar ei stund til, mellom anna med omsyn til testing for dokumentasjon av gjennomgått sjukdom eller negativ test for koronasertifikat. Slik testing skjer som hovudregel ikkje hos fastlegen eller på legevakta.
Grunngiving for oppheving av tiltaka
Omikronvarianten gir mindre alvorleg sjukdom enn tidlegare variantar av viruset, og svært mange er no vaksinerte eller har hatt korona. Det gjer at dei fleste no er godt verna mot alvorleg sjukdom.
Vinterbølgja av covid-19 ser ut til å vere på retur i Noreg. Det er ikkje lenger nødvendig å avgrense smitten på same måte som tidlegare. Det er no tilstrekkeleg at folk held seg heime når dei føler seg sjuke.