Eigenevaluering av rådgiving til helsetenesta under omikronbølgja
Melding
|Publisert
Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
I ei evaluering (After action review) i regi av det europeiske smittevernbyrået ECDC har ein funne at det er ei rekkje gode tiltak andre kan lære av den norske prosessen for å utvikle råd til helsetenesta. – Vi har sjølvsagt også sett kva vi burde gjort betre, seier Hanne-Merete Eriksen-Volle, leiar for seksjon for resistens- og infeksjonsførebygging ved Folkehelseinstituttet.
Denne meldingen er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden– Eg vil understreke kor viktig det var at vi hadde ein open kommunikasjon med medarbeidarar i fleire lag av helsetenesta, nasjonale smittevernplanar som allereie var i bruk, og ikkje minst oppdaterte og detaljerte data mellom anna om infeksjonar og vaksinasjonsdekning i helsetenesta frå beredskapsregisteret vårt Beredt-C19, seier Eriksen-Volle.
Prosessen for rådgiving i Noreg var eit resultat av fleire kjelder; internasjonal kunnskap, særleg frå Danmark og Skottland, der omikronbølgja starta tidlegare enn i Noreg; erfaringsbasert kunnskap frå helsepersonell og leiarar i spesialist- og kommunehelsetenesta, og ikkje minst frå dagleg oppdaterte epidemiologiske data frå Beredt-C19.
– Vi håpar erfaringane våre kan vere til hjelp for andre, og har sjølv fått viktige lærdommar gjennom pandemien og denne evalueringa. Vi skulle til dømes ha inkludert stemma frå bebuarar og pårørande ved sjukeheimar i større grad – og også meir kunnskap om åtferdspsykologi, seier Eriksen-Volle.
Rapporten er utarbeidd som ein teknisk rapport i samarbeid med det europeiske smittevernbyrået ECDC, der representantar frå Oslo kommune, Helsedirektoratet, Helse- og omsorgsdepartementet og sjukeheimar i Oslo deltok.
Sjå rapporten på Evidence-based advice processes long term care facilities covid 19-pandemic (ecdc.europa.eu).
Om evalueringsprosessen
I denne evalueringa har FHI i samarbeid med andre aktørar sett på bruken av kunnskap i prosessen med å gi råd til helsetenesta i løpet av omikron-bølgja, i perioden november 2021– april 2022.
I arbeidet med å skaffe den kunnskapen som var oppdatert og tilgjengeleg om eigenskapane til omikronviruset, har evalueringsgruppa frå ECDC også inkludert erfaringar frå aktørar utanfor FHI og Helsedirektoratet der dei også har undersøkt uformell praksis og samhandling i og utanfor instituttet som påverkar rådgivingsprosessen. Datainnsamlinga bestod av to dagar med samtalar med nøkkelinteressentar (utpeika av FHI) og dessutan semistrukturerte intervju.