Workshop med samarbeidspartnarar frå Litauen
Artikkel
|Publisert
I midten av februar 2023 fekk senteret besøk frå to samarbeidspartnarar frå Litauen. Målet for samarbeidet er å auka kompetansen på evaluering av folkehelsetiltak på tvers av landegrensene.
Tysdag 21. og onsdag 22. februar var Senter for evaluering av folkehelsetiltak vertskap for ein workshop for fire gjester frå to institusjonar i Litauen; Institute of Hygiene og Lithuanian University of Health Sciences. Gjestene var forskarar som skal evaluere to folkehelsetiltak som vert gjennomført i Litauen. Målet for dei to dagane var å lære meir av evaluering av folkehelsetiltak. Samarbeidet er ein finansiert av dei såkalla EØS-midla.
Under besøket vart gjestene presentert for ulike prosjekt som senteret er involvert i. Det vart særleg diskuterte evaluering av tiltak retta mot baorne- og ungdomsforeldre, pandemi-tiltak og tiltak for å betre den psykiske helsa. Gjestane presenterte og fekk diskutert evalueringsprosjekta som dei sjølve er i gang med. Det eine prosjektet er evaluering av «De utrolige årene», medan det andre prosjektet er eit tiltak for rettleiing og oppfølging av kvinner i sårbare livssituasjonar gjennom svangerskap og borns fyrste leveår.
I det vidare samarbeidet skal Senteret følgje opp arbeidet med evaluering av tiltaka i Litauen digitalt og ved eit seinare feltbesøk. Samarbeidet held fram ut 2024.