Sentersamarbeid om seminar om tiltak for betre kosthald
Nyhet
|Publisert
Måndag 13. oktober vart det arrangert eit vellukka seminar om kosthaldstiltak på Lindern. Hovudpost på programmet var leiar ved Senter for matpolitikk (Centre for Food Policy) ved University of London, Christina Vogel som presenterte arbeidet deira.
Denne meldingen er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsidenNyleg samarbeidde Senter for evaluering av folkehelsetiltak og Senter for bærekraftig kosthold om eit seminar om tiltak for eit betre kosthald. Til seminaret vart ernæringsfysiolog og professor i matpolitikk Christina Vogel invitert.
Christina Vogel
Vogel har i mange år forska på utvikling, implementering og evaluering av matpolitikk og tiltak som betrar innbyggarar si helse, reduserar sosial ulikskap og tek vare på miljø. Dette gjer ho mellom anna ved å ved å sjå på matomgjevnader og undersøke ulike strukturelle tiltak som skattlegging og lovgiving.
Vogel delte relevante eksempel på tiltak innført, og planlagt innført, i England. Eksempel på desse inkluderte gradert sukkeravgift på drikke, restriksjonar på plassering av usunne varer frå visse soner i butikken og kalorimerking av menyar i serveringsbransjen. I England er dei også i ferd med å innføre restriksjonar på «3 for 2-tilbod» på usunn mat og på gratis påfyll av drikke ved kjøp av mat. Seminaret var ope for tilsette på FHI og andre aktuelle inviterte som arbeider med kosthald.
Det vart også lagt fram relevante rapportar og prioriteringar frå arbeid på feltet i Noreg. Der vart det løfta fram kva for tiltak som kan vera aktuelle i ein norsk kontekst og korleis FHI kan bidra til betre matomgjevnader.
- Me sette stor pris på moglegheita til dette samarbeidet som gjorde det mogleg for oss å invitera professor Vogel hit. Vogel er ein pioner på dette området og det skjer utruleg mykje spennande på dette feltet i England for tida, seier forskar Marianne Hope Abel som var ein av arrangørane.
Etter innlegget var det lagt til rette for for diskusjon og idemyldring blant sentermedlemane på dei to sentra om korleis desse, og andre tiltak kan føra til eit sunnare og meir berekraftig kosthald i Noreg. Dette vil bli nyttig inn i det vidare arbeidet med tiltak for betre kosthald.