Korleis planlegge og gjennomføre evalueringar av folkehelsetiltak?
Artikkel
|Oppdatert
Evalueringar av folkehelsetiltak i kommunane kan ha som føremål å undersøkje kva effekt tiltaket har hatt, årsaker, grad av gjennomføring og brukarerfaringar. Her finn du innspel og informasjon som kan vera nyttig når ein vurderer å evaluere eit folkehelsetiltak i kommunen.
Systematikken i folkehelsearbeidet er skildra i folkehelselova og ulike folkehelsemeldingar. Våren 2023 la regjeringa fram ei ny folkehelsemelding.
Kommunane har ei sentrale rolle i dette arbeidet. Dette inneber at kommunane skal:
- ha oversikt over helsetilstanden til innbyggarane og faktorar som påverkar den
- identifisera utfordringar og ressursar relatert til helse og trivsel
- setje seg mål for å løyse utfordringane og integrere desse i kommunale planar
- setje i verk tiltak for å nå dei måla ein har sett seg
- evaluere tiltak og om ein når måla
Kommunane skal vurdere om tiltak skal evaluerast og eventuelt om korleis det skal gjerast. I dette inngår også kven som skal ha ansvaret for gjennomføringa.
I mange tilfelle må kommunane gjennomføre evalueringar ved bruk av eigne ressursar, mens i andre tilfelle kan det vera tenleg å samarbeide med eksterne aktørar som har spisskompetanse på evaluering.
Val og utarbeiding av tiltak – grunnlaget for god evaluering
Kommunane si oversikt over helsetilstanden og påverknadsfaktorar, identifiserte utfordringar og eigne folkehelsemål er utgangspunkta for å setje i verk eit folkehelsetiltak.
Etter at ein har bestemt seg for kva som skal vera føremål og målgruppe, må ein undersøkje om det er tilgjengeleg kunnskap og informasjon om tiltak som kan vera aktuelle å gjennomføre. Slik informasjon finn ein primært i forskingslitteraturen i form av kunnskapsoppsummeringar og studiar. Rapportar og anna informasjon kan også vera nyttig.
Målet med å søka kunnskap er å setta i gang og / eller utvikle tiltak basert på tiltak som har synt positive resultat i andre samanhengar. Like viktig er det å unngå tiltak som andre har prøvd ut utan, eller med negativt resultat.
I vurderinga av tiltak bør ein også ta omsyn til potensielt sosialt utjamnande effektar. Utjamning kan skje gjennom universelle tiltak som når alle grupper, men bidreg til å løfte særleg utsette grupper. Alternativt kan tiltaket primært rettast mot utvalde grupper.
Helsedirektoratet har laga vegvisarar i lokale folkehelsetiltak innanfor ulike innsatsområder. Desse vegvisarane har med referansar til kunnskapsgrunnlag, aktuelt regelverk og gjev dømer på tiltak som er gjennomført.
Råda er delt opp tematisk i alkohol, fysisk aktivitet, seksuell helse, tobakk, ernæring, bustad, arbeid, økonomi og psykisk helse.
Vurdere behov for evaluering
Før ein startar opp tiltaket må ein ta stilling til kva type evaluering som trengs. Evaluering av folkehelsetiltak kan seie noko om effekt, gjennomføring, brukarerfaringar og deltaking. Samstundes vil tid, kompetanse og tilgjengelege ressursar leggje føringar på kva som er mogleg å få til. Alle tiltak treng ikkje å evaluerast. Evaluering bør prioriterast når det er:
- utprøving av nye tiltak
- tiltak med stor overføringsverdi
- kostbare tiltak
- tiltak med risiko for negative effektar
- tiltaket er forankra i regionale eller nasjonale strategiar og handlingsplanar
Har tiltaket (eller andre liknande tiltak) tidlegare blitt evaluert og gjeve eintydige funn, treng ein ikkje gjennomføre eit mindre omfattande evalueringsopplegg.
Ulike former for evaluering
Eit folkehelsetiltak vil kunne evaluerast på ulikt vis, avhengig av kva spørsmål ein ynskjer svar på, og kor sikre svar ein vil ha.
Effektevaluering
Ei forskingsbasert effektevaluering vil gje kunnskap om kor stor effekt tiltaket har hatt. Slike evalueringar stiller krav til design og gode målingar/data. Les meir om effektevaluering.
Prosessevaluering
Prosessevaluering er evalueringar der ein ser på deltaking, sjølvrapportere effektar, om tiltaket er gjennomført som planlagt, og kor mykje det kosta. Slike evalueringar kan gjennomførast saman med ei effektevaluering, eller åleine. Les meir om prosessevalueringar.
Følgjeevaluering
I nokre tilfelle kan det vera aktuelt å ha ei følgjeevaluering medan tiltaket går. Følgjeevalueringar kan vera spesielt nyttig dersom innhaldet i tiltaket er ein utviklingsprosess der det er aktuelt å gjera justeringar og endringar undervegs i gjennomføringa.
Kven skal gjennomføre evalueringa?
Evalueringar kan gjennomførast av kommunane sjølv, i samarbeid med eksterne aktørar eller utelukka som eksterne oppdrag.
Evalueringar som er gjennomført av andre enn kommunen sikrar distanse som gjev funna eit meir objektivt preg. Dette gjeld særleg når ein eventuelt rapporterer om positive sider ved tiltaket. Samstundes vil tid og ressursar sett av til evalueringa avgrense kor omfattande evalueringa blir.
Evalueringar som kommunane gjennomfører sjølve vil også ha ein verdi, men det vil i slike tilfelle vera viktig med ei open tilnærming som også sikrar at negative funn vert rapportert (t.d. i form av ingen eller uynskte effektar).
Skal ein knytte til seg eksterne aktørar, kan det vera mest relevant å involvere lokale og/eller regionale aktørar som kompetansesenter, forskingsinstitutt, høgskular og universitet. Desse vil kunne ha ein del lokal og regional kunnskap som både er relevant og nyttig, i tillegg til metodekunnskap og generell erfaring med denne type oppgåver. I somme tilfelle er det aktuelt å samarbeide med nasjonale institutt og forskingsinstitusjonar.
Folkehelseinstituttet vil i særskilte tilfelle kunne gå inn i evaluering av konkrete folkehelsetiltak. Instituttet vil prioritere prosjekt med tiltak av ein viss storleik, med potensiell stor overføringsverdi og der tiltaket er tematisk og fagleg relevant. Det vil til dømes spesielt gjelde for nye og innovative tiltak som det er gjort lite evalueringar av tidlegare.
Kostnader og budsjettering
Kostnader til å gjennomføre ei evaluering vil variera, spesielt avhengig av kor omfattande evalueringsopplegget er og korleis evalueringa er utforma. Uavhengig av kven som har ansvar for evalueringa, vil det kunne generera større kostnadar knytt til slikt som datainnsamling, datakjøp og eventuelt kjøp av dataanalyse.
Samarbeid med lokale og regionale kompetansesenter og forskingsinstitusjonar kan opne moglegheiter for å søke om ekstern finansiering.