Kartlegging av foreldre si navigering i ein digital kvardag
Nyhet
|Publisert
FHI har inngått samarbeid med Bergen kommune om å kartleggje korleis foreldre navigerer barn og unge sin skjermbruk. Forskarane ved FHI meiner dette er viktig i ei tid der digital oppvekst står sentralt.
I dag veks barn og unge opp i ei digital verd som endrar seg raskare enn nokon generasjon tidlegare har opplevd. Foreldre står midt i ein digital virvelvind: Dei skal støtte, verne og rettleie borna sine, samtidig som dei sjølve prøver å forstå sosiale media, algoritmar, skjermtid, digitale skulekrav og nye KI-verktøy. Mange foreldre opplever dette som både viktig og krevjande, men det finst lite kunnskap om korleis foreldre faktisk løyser denne oppgåva i kvardagen, og om kva som fungerer for ulike familiar.
Startar kartlegging
Difor startar no Folkehelseinstituttet og Bergen kommune ei stor kartlegging av digitalt foreldreskap blant foreldre til ungdomsskuleelevar i kommunen.
Prosjektet skal undersøke korleis foreldre set grenser, følgjer med, gir tillit, handterer konfliktar og snakkar med borna om skjermbruk, sosiale medium, gaming og KI. Målet er å forstå uro, utfordringar, moglegheiter, strategiar og det som faktisk kjennest handterbart i familien sin digitale kvardag. Denne kunnskapen skal så brukast til å utforske ungdom sin eigen oppleving av digital oppvekst og foreldrerolla gjennom kvalitative undersøkingar.
– Foreldre står i dag i eit spenn mellom tydelege forventningar og ein teknologisk kvardag som endrar seg raskare enn nokon gong. Mange kjenner seg usikre og utilstrekkelege, medan andre opplever at det stort sett går ganske greitt. Begge deler er viktige å forstå om vi skal lage råd og støtte som faktisk treff, seier forskar Jens Christoffer Skogen i prosjektgruppa ved FHI.
Ungdommen sjølv vert høyrd
Eit viktig element i prosjektet er at også ungdom sjølv vert høyrd. I mange familiar finst eit generasjonsgap: Foreldre ynskjer gjerne å verne og regulere, medan ungdom ynskjer fridom, privatliv og tillit. Nokre reglar kjennest nødvendige, andre vert opplevde som urettferdige eller utdaterte. Ved å samle begge perspektiva får prosjektet eit unikt innblikk i korleis digitale grenser, digital praksis og relasjonar faktisk fungerar.
Kartlegginga skal mellom anna bidra til å gi skulane eit betre kunnskapsgrunnlag for heim-skule-samarbeid, undervisning og gi eit grunnlag for utvikling av ressursar for foreldre. Resultata vil også vere relevante langt utanfor Bergen, i ei tid der digital oppvekst har blitt eit av dei viktigaste og mest omdiskuterte foreldrespørsmåla.
- Vi ønskjer eit breitt bilete, både frå familiar der skjermbruk og sosiale medium er problematisk og krevjande, men også erfaringane frå familiar der det er lite konflikt og dette vert opplevd som uproblematisk. Denne kunnskapen kan bidra til utvikling av relevante verktøy for foreldre og barn i den digitale oppveksten, seier Amanda Iselin Olesen, som også er forskar og med i prosjektgruppa.
Som eit første steg i prosjektet vert no foreldre i Bergen inviterte til å delta i ei undersøking som tek om lag 10 minutt. Jo fleire som deltek, desto betre vert kunnskapsgrunnlaget for å støtte både foreldre, ungdom og skulen. Lenke med moglegheit for deltaking vil bli sendt ut i slutten av januar 2026.
Meir informasjon om digital oppvekst og Ung på sosiale medium: