Evaluering av foreldrerettleiingsprogram
Artikkel
|Publisert
Forskarar ved FHI har utført to evalueringar på foreldrerettleiingsprogrammet International Child Development Programme (ICDP). Programmet har vore brukt i store delar av verda over fleire tiår. Tradisjonelt har programmet vore tilrettelagt for å rettleie foreldre til barn opp til 18 år, men nå har også ein versjon tilrettelagt for tenåringsforeldre blitt utvikla. Begge programma har blitt evaluert av FHI og resultata er publisert.
Foreldrerettleiingsprogrammet ICDP har som mål å gjere foreldre trygge i foreldrerolla ved å reflektere rundt, og bli medvitne på, kva som gjer borna godt. Deltakarane (foreldra) sine erfaringar blir brukt i samtalar og diskusjonar knytt opp til ulike tema og hendingar ein opplever i kvardagen.
Programmet vart utvikla av dei to norske psykologiprofessorane Karsten Hundeide og Henning Rye på 1990-talet, og vart prøvd ut i Noreg og i Etiopia. I dag blir programmet brukt i meir enn 50 land over heile verda. I Norge er det Bufetat som administrerar programmet som blir hyppig referert til i regjeringa sin strategi «Trygge foreldre – trygge barn: Regjeringas strategi for foreldrestøtte (2018-2021)».
ICDP er utforma på ein slik måte at det skal passe til foreldre og profesjonelle omsorgsgivarar til barn i alle aldrar opp til 18 år. Sertifiserte rettleiarar fasiliterar grupper med foreldre. Dei same foreldra møtes ein kveld i veka over åtte veker og blir ved kvar samling introdusert for eit spesifikt tema. Samspel og relasjon mellom barn og foreldre/omsorgsgivar er dei sentrale tema.
FHI fekk i oppdrag å evaluere
I 2015 fekk FHI i oppdrag frå Bufdir å evaluere standardvarianten av ICDP-programmet som rettar seg mot foreldre til barn i aldersgruppa 0-18 år. Det vart då utført ei randomisert kontrollert studie (RCT). Resultata herifrå vart i 2021 presentert i rapporten Effektevaluering av International Child Development Programme (ICDP) - En randomisert kontrollert studie. Hovudfunna viste at ICDP hadde små men positive effektar på foreldre og på relasjonen mellom foreldre og barn. Foreldra som hadde vore gjennom programmet opplevde å kjenna seg tryggare i rolla og dei utvikla ein meir støttande foreldrestil. Det vart også rapportert om færre konfliktar knytt til barneoppdraging med partnar.
Seinare har Bufetat utvikla ein ny variant av programmet; “ICDP Ung”. Denne varianten, som vart prøvd ut i 2021-2023, retta seg mot ungdomsforeldre. Også denne tilpassa ICDP-varianten basera seg på erfaringsutveksling og refleksjonar mellom foreldre/omsorgspersonar. ICDP Ung skil seg likevel frå standard ICDP både i struktur og innhald. Ei sentral forskjell er at ICDP Ung har inkorporert læring om emosjonsrettleiingsferdigheiter frå det Australske foreldrerettleiingsprogrammet Tuning in to Teens (Tint). Programmet vart òg manualisert.
Foreldra kjente seg tryggare
FHI vart også då gitt i oppdrag å evaluere programmet og starta i 2022 på ei kvalitativ evaluering av foreldre, ungdommar og rettleiarar si oppleving av den nye varianten “ICDP Ung”. Resultata, som er presentert i rapporten Følgeevaluering av ICDP veiledning for foreldre med ungdommer, viste også til god nytte av programmet i form av at foreldra kjente seg tryggare i foreldrerolla og opplevde meir ro i relasjonen med ungdommen. Ungdommane var samde om at foreldra var rolegare etter rettleiinga. Dei rapporterte ingen negative erfaringar knytt til foreldra si deltaking. Fleire av rettleiarane, på si side, var skeptiske til strukturendringa i programmet og samanslåinga med TinT.
ICDP finnes også tilpassa for foreldre blant migrasjonspopulasjonen.