TOPSE: Mestring hos foreldre med babyar
Prosjekt
|Sist endret
TOPSE er eit verktøy som måler foreldres opplevde meisting, og har vist seg å være nyttig i fleire land og verdsdelar. Opphaveleg blei det utvikla for å kunne evaluere intervensjonar og tiltak for foreldre. TOPSE for Babies er ein versjon av det originale verktøyet som er tilpassa foreldre med babyar og små barn. Me har undersøkt korleis den norske versjonen av TOPSE for Babies fungerer, og har gjennomført ei utprøving av denne
Sammendrag
TOPSE er eit verktøy som måler foreldres opplevde meistring, og har vist seg å være nyttig i fleire land og verdsdelar. Opphaveleg blei det utvikla for å kunne evaluere intervensjonar og tiltak for foreldre. TOPSE for Babies er ein versjon av det originale verktøyet som er tilpassa foreldre med babyar og små barn. Me har undersøkt korleis den norske versjonen av TOPSE for Babies fungerer, og har gjennomført ei utprøving av denne.
Me har gjennomført ei utprøving av ei norsk omsetjing av TOPSE for Babies («Tool to measure Parenting Self Efficacy»), eit verktøy som måler foreldres opplevde meistring.
Hensikten med utprøvinga er å vurdere korleis TOPSE fungerer etter omsetjinga til norsk. Den norske omsetjinga består av 36 påstandar, som rangerast på ein skala frå 0 til 10 (der 0 betyr heilt ueinig og 10 betyr heilt einig). Påstandane handlar om opplevingar av foreldrerolla, relasjonar og samspel med barnet deira. Deltakarane i denne studien var foreldre med barn i alderen 0 til 18 månader. I tillegg til påstandane spurte me deltakarane om å rapportere foreldrerolla deira (mor eller far), barnets kjønn og barnets alderskategori (0-3 månader, 4-6 månader, 7-9 månader, 10-12 månader eller 13-18 månader). Det tok mellom 5 og 10 minutt å svare på alle påstandane og tilleggsspørsmåla.
Deltaking i studien var frivillig og anonym. Deltakarane blei informert om at svara deira ikkje kan slettast etterpå på grunn av anonymiteten. Svara blei samla inn elektronisk ved hjelp av spørjeskjema-modulen Nettskjema.
Datainnsamlinga til dette prosjektet er no avslutta.
Studien vår er publisert i Primary Healthcare Research and Development, der me beskriv omsetjinga og korleis en norske versjonen av TOPSE for babies fungerer. Det viktigaste funnet vårt er at verktøyet fungerer godt for å måle opplevd foreldremeistring hos norske småbarnsforeldre. I tillegg tenkjer me at TOPSE for babies kan fungere godt som både eit samtaleverktøy for helsestasjonstenesta og andre fagpersonar som jobbar med denne målgruppa, og som eit evalueringsverktøy – slik det opphaveleg var tenkt å være. Studien finner du her.
Folkehelseinstituttet leia forskingsprosjektet, og prosjektleiar er seniorforskar Jens Christoffer Skogen ved avdeling for helsefremjande arbeid
Prosjektleder
Jens Christoffer Skogen, Folkehelseinstituttet
Prosjektdeltakere
Jens Christoffer Skogen, Avdeling for helsefremmende arbeid, Folkehelseinstituttet
Marit Burkeland-Lie, Folkehelseinstituttet
Start
15.08.2023
Slutt
31.08.2026
Status
Pågående
Prosjekteier/ prosjektansvarlig
Folkehelseinstituttet