Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Nyhet

Kraftig auke av bilførarar som brukar metamfetamin

I løpet av dei ti siste åra har delen av bilførarar i Noreg som har brukt metamfetamin auka betydeleg. Delen av bilførarar som har brukt amfetamin har tilsvarande minka betrakteleg. Denne endringa følgjer endringa i politiet sine beslag av desse stoffa. Det viser ein studie gjort av Folkehelseinstituttet.

Trafikk, påvirket kjøring, rus.jpg
Studien omhandlar førekomst av rusmiddelbruk blant bilførarar stoppa av politiet mistenkte for å køyre i påverka tilstand i perioden 2000–2009.

Amfetamin (amfetamin og metamfetamin), benzodiazepinar (middel for å roe ned og sovemedisinar) og THC (hasj) er, etter alkohol, dei stoffa som Folkehelseinstituttet påviser oftast i blodprøver frå bilførarar som er mistenkte for å køyre i påverka tilstand. Denne studien viser samanfallande trendar mellom funn av amfetamin og benzodiazepinar i blodprøver frå bilførarar som er mistenkte for påverka køyring og statistikk av beslag av slike rusmiddel frå politiet.

Flest påverka av metamfetamin

Endringa i total førekomst av bilførarar som har brukt amfetamin endra seg ikkje i studieperioden, men delen av bilførarar med metamfetamin i blodet auka derimot betydeleg. I år 2000 fann ein metamfetamin i berre tre prosent av dei analyserte prøvene. I 2009 hadde denne delen stige til 35 prosent. Resultat frå studien viser funn av amfetamin aleine i berre fem prosent av prøvene i 2009 mot 32 prosent i 2000.

Metamfetamin er eit sentralstimulerande stoff som er kjemisk i nær slekt med amfetamin. Verknadene av amfetamin og metamfetamin er svært like. Etter inntak kan likevel metamfetamin gå noko raskare over til sentralnervesystemet enn amfetamin fordi det er meir feittløyseleg.

Vanleg med kombinert rusmiddelbruk

Det totale datagrunnlaget for studien består av om lag 40 000 bilførarar. Blant desse bilførarane samla i heile perioden hadde om lag 40 prosent amfetamin i blodet, og om lag 55 prosent hadde eitt eller fleire middel for å roe ned eller sovemedisin av typen benzodiazepinar i blodet. To tredjedelar av bilførarane som var påverka av metamfetamin eller amfetamin, hadde i tillegg brukt eitt eller fleire middel for å roe ned eller sovemedisin.

Utvikling i rusmisbruk av medisinar

Klonazepam hadde i same perioden overteke for flunitrazepam som eitt av de to vanlegaste legemidla med ruspotensial. Resultata viste at flunitrazepam hadde høgast førekomst i 2002, der 43 prosent av dei undersøkte var positive for dette medikamentet. I 2009 var denne førekomsten falle til to prosent. Medikamenta som steig mest i perioden var epilepsimedisinen klonazepam frå seks prosent i 2000 til 21 prosent i 2009 og medikamentet alprazolam (for å roe ned) frå éin prosent i 2000 til ti prosent i 2009.

Om studien

Studien nytta eit anonymt uttrekk frå Folkehelseinstituttet si database som inneheld år for prøveanalyse og analyseresultat for benzodiazepinar og amfetamin, og politiet sin publiserte statistikk over beslag av narkotika og legemiddel med ruspotensial.

Referanse

Bogstrand ST, Middelkoop G and Christophersen AS. Trends in amphetamine and benzodiazepine use among drivers arrested for drug impaired driving in Norway 2000-2009. Norsk Epidemiologi 2011; 21 (1): 61-66.

Eksterne lenker