Artikkel
Alvorlege coronavirus-sjukdommar
Publisert Oppdatert
I 2002-2003 førte eit coronavirus til ein global SARS-epidemi. I 2012 vart det oppdaga eit nytt virus som også gir alvorleg lungesjukdom, MERS-CoV. Dei fleste tilfella er melde frå Saudi Arabia. Folkehelseinstituttet følgjer utviklinga.
I 2002-2003 førte eit coronavirus til ein global SARS-epidemi. I 2012 vart det oppdaga eit nytt virus som også gir alvorleg lungesjukdom, MERS-CoV. Dei fleste tilfella er melde frå Saudi Arabia. Folkehelseinstituttet følgjer utviklinga.
MERS coronavirus kan gi akutt, alvorleg lungebetennelse. Norske helsemyndigheiter følgjer situasjonen nøye, og fagmiljøa i Noreg er i tett dialog med det europeiske og internasjonale nettverket for smittevern.
Det er ikkje gitt råd om reiserestriksjonar til nokre av dei landa der den nye coronavirussjukdomen er registrert.
- MERS - reiseråd - råd om forebygging og råd om når ein bør kontakte lege dersom ein blir sjuk etter retur til Norge
- Reiseråd for pilegrimer til Mekka (Hajj)
- Utbruddet av coronaviruset MERS-CoV: Oppdatert informasjon om spredning - sjå oversikt over antall tilfelle, alder og smittestad
Råd til helsepersonell om varsling og andre tiltak
Helsepersonell som mistenkjer eller påviser eit tilfelle av MERS coronavirus, skal straks varsle kommuneoverlegen.
- Råd til helsepersonell om MERS-CoV - om varsling og råd ved mistenkt smitte og ved bekrefta MERS-sjukdom
Avdeling for virologi ved Folkehelseinstituttet har tilgjengeleg diagnostisk test for det nye viruset, og kan ta imot prøver for å påvise det nye viruset.
- Diagnostikk og tester for MERS- informasjon til helsepersonell om prøvetaking og innsending av prøver
Coronavirus - mange ulike virus
Coronavirus høyrer til ei stor gruppe virus som blant anna omfattar virus som gir vanleg forkjøling og andre luftvegsinfeksjonar.
Nokre coronavirus kan gi alvorleg sjukdom. Eit coronavirus var årsak til SARS-utbrotet i 2003. MERS blei identifisert i 2012 og er genetisk forskjellig frå viruset som er årsaka til SARS.