Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Artikkel

Tipsar eldre om influensavaksine via SMS

Personar som er fødde i åra 1945 og 1950 får den 7. november ein SMS frå Folkehelseinstituttet. Instituttet ønskjer på denne måten å minne om at det er tid for influensavaksine.

SMS-melding_lavoppl.png

– Når vi vert eldre, toler vi influensasjukdom dårlegare enn før. Det gjeld sjølv om vi elles er friske og aktive, seier Siri Helene Hauge, avdelingsdirektør ved Folkehelseinstituttet.

SMS-melding som prøveprosjekt

SMS-meldinga frå Folkehelseinstituttet er noko vi gjer for å teste ut korleis dette fungerer. Føremålet er å minne om at tida er inne for den årlege influensavaksinasjonen, og å informere om at personar over 65 år er anbefalt å ta vaksine. 

Det er sjølvsagt opp til den enkelte om ein vil ta vaksinen, men i meldinga står det følgjande:
«Hei! Har du tatt influensavaksine? Den er anbefalt til alle frå 65 års alder.
Kontakt fastlegekontoret og les meir på www.fhi.no/influensavaksine
Helsing Folkehelseinstituttet».
 

Personar som har reservert seg mot digital kommunikasjon vil ikkje få SMS frå Folkehelseinstituttet.

Kvar kan ein få influensavaksine?

Influensavaksine kan du få hos fastlegen din. Nokre fastlegar sørgjer for tilbod om vaksinasjon direkte til pasientane sine. Kontakt fastlegekontoret for informasjon og avtale. I nokre kommunar vert det òg arrangert eigne vaksinasjonsdagar. Sjekk om kommunen har lagt ut informasjon om influensavaksinasjon på nettsidene sine.

Det er ikkje mogleg å bestille vaksinasjon hos Folkehelseinstituttet.

Siste influensasesong var særleg hard for eldre

Influensasesongen 2016/2017 kom tidleg og ramma eldre særleg hardt. Over 5 000 var innlagde i sjukehus, og det er anslått at 1 700 døydde som følgje av influensasjukdom. Dei fleste av desse var eldre.

Influensavaksine er eit tilbod

Normalt vil vaksinen gje 6 av 10 vaksinerte vern mot alvorleg influensa.

Alder og helsetilstand hos den som vert vaksinert, vil påverke kor godt vaksinen verkar. Dersom ein får influensa trass i at ein er vaksinert, er det sannsynleg at symptoma vert mildare, og at ein vert fortare frisk enn om ein ikkje hadde vaksinert seg.

Kvart år vert fleire hundre millionar menneske vaksinert mot influensa over heile verda. Sidan vaksinen har vore i bruk i mange tiår, er moglege biverknader av vaksinen godt kjende.

– Alvorlege biverknader av influensavaksinen er svært sjeldne. Dei fleste er milde og forbigåande, som ømheit på stikkstaden. Opp mot 1 av 10 vaksinerte får symptom i form av ei lett sjukdomskjensle som minner om influensa, men sidan vaksinen ikkje inneheld levande influensavirus, kan ein ikkje få influensasjukdom og heller ikkje smitte andre, seier Hauge.

Over 1,5 millionar born og vaksne har auka risiko for alvorleg influensasjukdom i Noreg. Nær 900 000 av desse er over 65 år.

– Det kjennest kanskje ikkje like nødvendig å ta influensavaksinen berre fordi ein har passert 65 år. Men det å ta vaksinen i tide kan gje ein betydeleg helsegevinst. Det reduserer risikoen for alvorlege komplikasjonar som lungebetennelse. I mange tilfelle kan ein òg unngå å verte lagt inn i sjukehus, seier Hauge.

Stadig fleire eldre tek influensavaksine. Særleg dei som har ein kronisk sjukdom er opptekne av å førebygge alvorleg influensasjukdom og slik unngå at den kroniske sjukdomen vert forverra.

– Det er gledeleg at stadig fleire tek influensavaksinen årleg, og vi håper at den positive utviklinga held fram i år, avsluttar Hauge

Desse personane er spesielt anbefalte å ta influensavaksine

  • Alle som har fylt 65 år.
  • Dei som bur i omsorgsbustader og sjukeheim.
  • Barn og vaksne med:
    • diabetes mellitus, type 1 og 2
    • kronisk luftvegssjukdom
    • kronisk hjarte- og karsjukdom
    • kronisk leversvikt
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller -skade
    • nedsett immunforsvar
    • svært alvorleg fedme (BMI over 40)
    • anna alvorleg eller kronisk sjukdom
    • gravide frå 12. veke i svangerskapet.