Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Artikkel

Fylkeshelseundersøkingar i Noreg

Hordaland er fjerde fylke ut og det første der fylkehelseundersøkinga blir gjennomført ved hjelp av spørjeskjema på mobiltelefon og e-post.

Det er utarbeidd ein spørjeskjema-mal som i houvdsak blir brukt i alle fylke, men med noen lokale variasjonar. Dei første fylka som gjennomførte undersøking etter den nye malen var Vestfold og Agderfylka der "Helse og trivsel i Agder og Vestfold" vart gjennomført i 2015. 

Hordaland er det fjerde fylket og også det første fylket med heil-elektronisk undersøking, ingen skjema skal sendast inn på papir.

Eit anna namn for folkehelseundersøkingar i fylka er fylkeshelseundersøkingar. 

Tidsplan for Hordaland

Invitasjonane til "Folkehelseundersøkinga i Hordaland 2018" blir sende ut 10. og 11. april. Om lag 70 000 personar får invitasjon, sjå nyheitsartikkel.

I februar 2018 vart 2000 personar inviterte som ei pilot-pulje. Sidan det er første gong alle spørjeskjema er elektroniske, var det behov for å teste om alt fungerte som det skulle. Små justeringar blei gjort før hovudundersøkinga starta 10.  april.

Rapport vil etter planen vere klar til hausten.

Korleis er deltakarane valde ut?

Deltakarane er trukke tilfeldig frå Folkeregisteret. Kontaktregisteret til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) er brukt for å hente e-post eller mobilnummer. I starten på spørjeskjemaet får du spørsmål om alder og kjønn, det er for å bekrefte at opplysningane frå Folkeregisteret er rette.

Kva skjer med opplysningane i spørjeskjemaet?

Opplysningane som du gir, blir lagra og behandla i samsvar med gjeldande reglar om personvern. 

Alle opplysningane vil bli behandla utan navn og fødselsnummer eller andre direkte gjenkjennande opplysningar.

Undersøkinga er godkjend av Datatilsynet og all forskning vil følgje reglane i helseforskingslova, og blir utført av Folkehelseinstituttet eller andre forskningsinstitusjoner som er godkjende av regionale forskningsetiske komiteer.

Det vil ikkje vere mogleg å kjenne att einskildpersonar i statistikk eller forsking som blir publiserte frå undersøkinga. Resultata vil berre bli publiserte på gruppenivå og aldri på individnivå.

Opplysningane vil bli oppbevart opptil ti år etter avslutta innsamling.  

Fylkeskommunen/bostadkommunen vil berre motta anonyme datafilar for videre analysar.   

Det kan bli aktuelt for Folkehelseinstituttet å hente inn opplysningar også frå andre kjelder, slik som opplysningar om hushaldet, landbakgrunn, sysselsetting, inntekt og helse. Slike data vil då bli henta frå registre i Statistisk sentralbyrå. Føremålet er kvalitetskontroll og framstilling av gode analysar. 

Fylket kan også bruke resultata til forsking, som for eksempel å studere kva betydning inntekt, utdanning eller andre sosiale påverknadsfaktorar har å seie for helseforholda i fylket. 

Kva er føremålet med folkehelseundersøkingar i fylka?

Undersøkinga skal gi betre kunnskap om kva som verkar inn på både fysisk og psykisk helse. Resultata skal delast med politikarar og tilsette i kommunar og fylkeskommune. Resultata kan dermed påverke tiltak og utvikling som skal sikre god helse til alle innbyggjarane i fylket.

Ifølgje folkehelselova skal kommunane ha oversikt over folkehelsa i kommunen. Fylkeshelseundersøkingane er ein del av dette arbeidet. Ein annan viktig del av oversiktsarbeidet er folkehelseprofilane med statistikk som Folkehelseinstituttet kvart år utarbeider for kommunar, bydelar og fylke.

Fylkeskommunen og kommunane skal legge statistikk og undersøkingar til grunn for folkehelsearbeidet. Kommunen og fylkeskommunen skal vere særleg merksame på utviklingstrekk som kan skape eller vedlikehalde sosiale eller helsemessige problem eller sosiale helseforskjellar. 

I tillegg til bruk i folkehelsearbeidet er det eit mål å bruke opplysningane frå fylkeshelseundersøkingane i forsking.

- Det er viktig at mange deltar slik at vi får eit rett bilete av helse og trivsel i befolkninga. Vi håper at så mange som mogeleg av dei inviterte fyller ut spørjeskjemaet, seier Rune Johansen ved Folkehelseinstituttet.

Kva blir det spurt om i spørjeskjemaet?

Spørsmåla handlar om helse, trivsel og andre forhold som har betydning for folkehelsa. Spørjeskjemaet tar utgangspunkt i folkehelselova som seier at følgjande skal inngå i oversiktsarbeidet i kommunane:

  • Oppvekst- og levekårsforhold: blant anna økonomiske vilkår og forhold som gjeld bustad, arbeid og utdanning, sosial støtte
  • Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø: blant anna nærmiljø og støyplager
  • Skader og ulykker
  • Helserelatert åtferd: fysisk aktivitet, ernæring, bruk av tobakk og rusmiddel
  • Helsetilstand: helse, tannhelse, sjukdom og psykiske plager

Får alle kommunar eigen statistikk?

Som tommelfingerregel trengst det minst 400 svarskjema for å lage påliteleg statistikk frå ei spørjeundersøking.

Om lag 70 000 av innbyggarane i Hordaland over 18 år blir trekte ut og får spørsmål om å delta i fylkeshelseundersøkinga. Utvalet blir tilpassa slik at det blir ei balansert fordeling på kjønn og aldersgrupper.

I små kommunar vil vi truleg få færre enn 400 svar i fylkeshelseundersøkinga. I Hordaland er det dessutan to enkeltkommunar med 400-600 innbyggjarar totalt og kanskje er berre eit par hundre av desse i aldersgruppa over 18 år. Fem kommunar har 1000-2000 innbyggjarar totalt.

For at små kommunar med færre enn 400 svarskjema likevel skal få statistikk, slår statistikarane saman små kommunar til kommunegrupper, såkalla interkommunale regionar. Kommunane i slike regionar er ofte nabokommuner med liknande befolkningssamansetnad og helsetilstand.

Når ein lagar statistikk for slike interkommunale regionar, vil den gjelde for dei kommunane som inngår i regionen.  

– Når vi får resultata frå fylkeshelseundersøkinga i Hordaland og har gjort dei første analysane, kan vi seie kva for kommunar som får eigen statistikk, og kva for kommunar som får statistikk gjennom interkommunal regionstatistikk, seier Rune Johansen i Folkehelseinstituttet.

Ei anna årsak til at små kommunar får interkommunal statistikk, er behovet for anonymitet.  I små kommunar aukar risikoen for at enkeltpersonar indirekte kan bli identifiserte når ein set opp tabellar over ulike spørsmål og svar. Ved mange nok svar er det ikkje lenger risiko for at nokon blir kjende att.

Det finst ei løysing for å tilby eigen statistikk også for små kommunar. – I planlegginga av fylkesundersøkinga kan vi invitere forholdsvis fleire deltakarar frå små enn frå store kommunar, såkalla oversampling frå små kommunar. Då kan vi få fleire svar frå småkommunane. Men då risikerer vi blant anna at statistikken blir lite representativ for fylket samla sett. Derfor er ikkje dette ei god løysing, seier Johansen.