Få varsel ved oppdateringer av «Oppvekstprofilar for kommunar og bydeler 2020»
Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:
- Oppvekstprofilar for kommunar og bydeler 2020
Oops, noe gikk galt...
... ta kontakt med nettredaksjon@fhi.no.
... last inn siden på nytt og prøv igjen.
Rapport
Oppvekstprofilar for kommunar og bydelar 2020
Publisert
Oppvekstprofilane inneheld statistikk og vurdering av ulike tema knytt til oppvekst. Tema i 2020 er planlegging av gode oppvekstforhold i kommunen. Profilane følger den nye kommune- og fylkesinndelinga.

Oppvekstprofilane inneheld statistikk og vurdering av ulike tema knytt til oppvekst. Tema i 2020 er planlegging av gode oppvekstforhold i kommunen. Profilane følger den nye kommune- og fylkesinndelinga.
Hovedbudskap
Formålet med oppvekstprofilane er å samle oppdatert statistikk for oppvekst på èin stad og samtidig publisere statistikk som er unik for kvar enkelt kommune.
Det er utarbeidd ein oppvekstprofil for kvar kommune og for bydelane i Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim. Oppvekstprofilane er utgjevne på bokmål og nynorsk.
Profilane kan lastast ned frå nettsida Hent oppveksthelseprofil Sjå relaterte dokument, her finn du eksempel på 2020-profilane.
Profilen er på fire sider med eit oppvekstbarometer på side 4 og ein felles temaartikkel med kommunespesifikke illustrasjonar. Artikkelen i 2020-profilane handlar om korleis kommunane kan planlegge for god oppvekst.
I tillegg til statistikken som blir vist i profilen, kan kommunane hente statistikk frå Kommunehelsa statistikkbank og Norgeshelsa statistikkbank.
Samarbeidsprosjekt
Fem direktorat har samarbeidd med Folkehelseinstituttet om utviklinga av dei nye oppvekstprofilane: Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Helsedirektoratet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Utdanningsdirektoratet.
Profilene er utarbeidde på oppdrag frå 0-24-samarbeidet.
Kontakt
Om rapporten
- Utgitt: 10.9.2020