Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Prosjekt

Kunnskap skal bremse auken i trafikkskadar i Malawi (prosjektbeskrivelse) - prosjektbeskrivelse

Mens talet på trafikkskadde og trafikkdrepne går ned i rike land, aukar talet mykje i fattige land. Malawi er blant dei verst stilte og skal få norsk hjelp til å betre kunnskapen om trafikkskadar og tilhøva rundt ulykkene og i kva grad alkohol spelar ein rolle. Resultata skal takast i bruk for å førebyggje ulykker betre i framtida.

Sammendrag

Mål

Hovudmål

  • Gi lokalt sjukehuspersonell trening i å samle basisinformasjon om trafikkskadde pasientar som kjem inn til akuttmottaket ved Kamuzu sentralsjukehus i hovedstaden Lilongwe. Innsamla data vil omfatte detaljert informasjon om ulykka:  kva slag veg ho skjedde på, om det hende på landet eller i byen, når på døgeret ulykka skjedde, om det var på ein vekedag eller helg, kva slag køyretøy som vart brukt, om alder og kjønn på pasienten, om pasienten var sjåfør, syklist, passasjer eller fotgjengar, om kor alvorleg skaden var og alkoholnivået ved innlegging målt ved spytt- eller pusteprøve.

Sekundærmål

  • Gi utvald sjukehuspersonell trening i å bruke tilgjengeleg utstyr til å teste for alkohol ved pusteprøve eller spyttprøve.
  • Bruke dei innsamla dataane til å få ei oversikt over førekomsten av alkoholrelaterte vegtrafikkulykker i ulike regionar.
  • Bruke innsamla data som grunnlag for å lage ein meir permanent database for framtidige vegtrafikkulykker. Denne databasen kan brukast til å planlegge førebyggande tiltak. Denne nye databasen vil ikkje ha informasjon om alkoholbruk.
  • Lage tilgjengelege prosedyrar om korleis ein reproduserer testinga og analysane til hjelp for helsestyresmaktene og andre statlege myndigheiter i andre regionar og i andre låg- og middelinntektsland. Dei opplærte helsearbeidarane må vere førebudde på å bidra til å trene personalet både ved eige og andre sjukehus og helsesentre i å samle liknande informasjon til ein komande database om vegtrafikkulykker som kan dekke eit større område av landet. 

Norske ekspertar frå Folkehelseinstituttet og Ullevål universitetssjukehus er rettleiarar, og det er lagt opp til at ein student frå Malawi kan ta mastergraden sin på prosjektet ved universitetet i Lilongwe. 

Metode

Studieprosedyre

Eit spørjeskjema er utvikla for å samle pasientinformasjonen (alder, kjønn), rollen deira i ulykka og kva slag trafikant (bil-, motorsykkel- eller mopedsjåfør, syklist, passasjer, fotgjengar), type ulykke og type kjøretøy, klassifisering av skaden, alvorsgrad, når på dagen ulykka skjedde, om det skjedde i tettbygd strøk eller på landet, kva slags veg og kva slags medisinsk behandling og alkoholtestresultat. 

Medvitne pasientar som er i stand til å svare, vil bli spurde om alkoholbruk. Alkohol vil bli målt i utåndingslufta ved hjelp av eit alkometer tilsvarande det som politiet brukar ved vegkontroll, eller spyttest for dem som ikkje er i stand til å gi ein akseptabel blåsetest. Alle prosjektmedarbeidarar som er med i rekruttering av pasientar, innsamling av informasjon og utføring av alkoholtestar vil bli opplærte i samarbeid med norske prosjektarbeidarar. Instruksjonen vil bli tilgjengeleg på teststaden. 

Ved utåndingstesten må pasienten blåse inn i eit eingongsmunnstykke kopla til eit alkohollesarinstrument.  

For pasientar som ikkje er i stand til å utføre ein akseptabel blåsetest, vil alkohol bli målt frå spyttet. Testen startar med at ein spyttsamlar ligg i munnen i eit halvt til eitt minutt. Spyttsamlaren blir så kopla til ein lesar som kan gi resultat innan om lag to minutt. 

Alkoholmålingsutstyret er testa ferdig i 2017.

Rekruttering av pasientar

Dei som vil bli spurde om å delta, er skadde pasientar frå 18 år og oppover som kjem til akuttmottaket ved Kamuzu Central Hospital i Lilongwe på grunn av ei vegtrafikkulykke. Rekrutteringa vil skje over omtrent seks månader der om lag 600 pasientar blir inkluderte i prosjektet. Prosjektdeltakinga er friviljug. Kort prosjektinformasjon vil bli gitt til kvar pasient både munnleg og skriftleg. Alle pasientar må skrive under på eit samtykkeskjema. 

All informasjon om pasienten og ulykka vil bli anonymisert for å førebygge misbruk av personvernet.  Det vil ikkje bli mogleg å identifisere pasientane seinare basert på informasjon frå spørjeskjema og testresultat. Ein konfidensiellerklæring vil bli avkrevd frå alle prosjektarbeidarar. Prøver tatt av umedvitne pasientar som i ettertid avslår å delta, vil bli destruert. 

Testperioden vil gjelde alle arbeidsdagar og helgedagar og heile døgeret.  

Vakthavande lege vil vere ansvarleg for rekruttering av pasientar, vil gi kort informasjon om prosjektet og spørje om dei er viljuge til å delta, samle all informasjon og utføre alkotesten. 

Databehandling

Alle data vil bli samla i ein database ved Kamuzu sentralsjukehus. Ein rapport som inneheld all informasjon frå prosjektet vil bli utarbeidd med fokus på alkoholresult relatert til kva slag type brukar av vegen dei skadde er, type ulykke, kjøretøy, alder og kjønn, ulykkesstad og tid på døgeret og vekedag. 

Etter at studien er fullført, vil ein ny database bli laga for regulær innsamling av data frå vegtrafikkskadde pasientar.  Denne nye databasen vil bli bygd på den første og eigd av Kamuzu sentralsjukehus og kan bli brukt til regulær rapportering av data og til forskingsføremål, men vil ikkje omfatte data om alkoholbruk. 

Spreiing av resultata og framtidig potensial

Sluttrapporten blir send til alle interessentar i Malawi, helsestyresmakter, politi, friviljuge organisasjonar og andre organisasjonar som arbeider for å redusere alkoholmisbruken og auka trafikksikringa. Prosjektet og resultata vil bli publiserte i internasjonale tidsskrift.

Eit seminar vil bli organisert i Lilongwe for representantar frå dei nemnde institusjonane og organisasjonane. I tillegg vil representantar frå andre afrikanske land bli inviterte til å styrke og halde oppe interessa i å utføre liknande studiar for å bidra til ei voksande kjelde av kunnskap om trafikkulykker og risiko for trafikkulykker som følge av alkoholbruk.

Målet med å presentere resultata er tresidig:

  1. Å skaffe regjeringa i Malawi og helsestyresmaktene kvalitetsdata om trafikkulykker og kva verknad alkoholbruk har.
  2. Å utvikle ein modell for andre låg- og middelinntektsland som tek opp korleis ein kan redusere trafikkulykker, særleg dei som har med alkohol å gjere.
  3. Å styrke kunnskapen på sentralsjukehuset i Kamuzu, særleg når det gjeld vegtrafikkulykker og risikofaktorar. Ekstra vekt vil bli lagt på risikoen ved alkoholbruk saman med vegtrafikk.  

Finansiering

Verdsbanken finansierer prosjektet. Det er fyrste gong Folkehelseinstituttet har fått prosjektmiddel frå Verdsbanken. Den internasjonale organisasjonen ICADTS (International Council on Alcohol Drugs and Traffic Safety) bidrar òg. 

Etiske vurderingar

Prosjektsøknaden er godkjend av The National Health Sciences Research Committee (NHSRC) ved helsedepartementet i Malawi Søknaden ventar no på handsaming i norske REK – Regionale komitear for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk. 

Reknskapsføring og anti-korrupsjon 

Lokal reknskapsføring og utbetaling i Malawi vil bli handtert av lokalkontoret til Kyrkjas naudhjelp i Lilongwe. Regnskapsføringa vil følge reglane fastsett av den norske riksrevisjonen.

Bakgrunn

Trafikkskadar handlar om helse, både direkte og indirekte. Ved sida av dei reint fysiske og psykiske helseskadane trafikkulykker fører med seg, er skadane ofte så alvorlege at pasientane blir uføre resten av livet og avhengige av andre familiemedlemmar. Skadane fører med andre ord ikkje berre til tap av helse, men òg til økonomisk tap. Dette problemet aukar i alle fattige land, og Malawi er blant landa med flest trafikkdrepne i heile verda. Frå 1990 til 2010 dobla talet på trafikkskadar seg og steig til tiandeplassen over årsaker til for tidleg død i Malawi ifølgje ein studie frå det globale sjukdomsbyrdeprosjektet, jf. figur under.

 

Grafisk figur
Årsaker til for tidleg død i Malawi i 1990 og 2010..

Dei viktigaste årsakene til for tidleg død i Malawi i 1990 og 2010. Trafikkskadar dobla seg og kraup opp to plassar til tiandeplassen i 2010. Kjelde: Institute for Health Metrics and Evaluation (IHME), University of Washington

Promillekøyring er eit av problema, men kor stort omfanget er, veit ein ikkje. Ei spørjeundersøking har synt at promillegrensa på 0,8 i Malawi er lite kjend blant folk.  Meir kunnskap om vegtrafikkskadar vil gi merksemd og insentiv til styresmaktene om å setje i gang førebygging.

Om prosjektet

  • Prosjektnummer 38285,112
  • Varighet 2 år
  • Start Haust 2018 for det praktiske
  • Status Ventar på handsaming av søknad i REK
  • Finansiering Verdsbanken
  • Prosjekteier/prosjektansvarlig Folkehelseinstituttet
  • Prosjektdeltakere ved FHI

    Asbjørg S. Christophersen – prosjektleiar, Folkehelseinstituttet; Elin H. Wyller – prosjektkoordinator, Folkehelseinstituttet; Bjørn Iversen – avdelingsdirektør, rådgjevarrolle, Folkehelseinstituttet

  • Eksterne prosjektdeltakere

    Frå Noreg: Hallvard Gjerde – seniorforskar, Oslo universitetssjukehus; Stig Tore Bogstrand – seniorforskar, Oslo universitetssjukehus; Kyrkjas Naudhjelp, lokalkontoret i Lilongwe, vil stå for utbetalingar i Malawi. Frå Malawi: Dr. Carlos Varela, overlege på kirurgisk avdeling ved Kamuzu sentralsjukehus, lokal prosjektleiar – hovudansvarleg i Malawi, KCH; Dr. Sven Young, konsulent, barnelege og ortopedisk kirurg – rådgjevarrolle, KCH; Dr. Jonathan Ngoma, direktør ved Kamuzu sentralsjukehus – rådgjevarrolle, KCH; Dr. Leonard Banza, sjef for ortopedisk avdeling, – rådgjevarrolle, KCH Prosjektkoordinator, KCH (ikkje utnemnd ennå)