Få varsel ved oppdateringer av «Toksikologi og risiko»
Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:
- Toksikologi og risiko
Oops, noe gikk galt...
... ta kontakt med nettredaksjon@fhi.no.
... last inn siden på nytt og prøv igjen.
Toksikologi og risiko
Seksjon for toksikologi og risiko deltek i nasjonalt og internasjonalt arbeid med å vurdere mogleg helsefare frå slike faktorar i miljøet.
Medarbeidarane gir dessutan råd til styresmakter: Mattilsynet, Miljødirektoratet, Helse- og omsorgsdepartementet og andre etatar, kommunar, Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM), European Chemicals Agency (ECHA), European Food Safety Authority (EFSA) og Scientific Committee on Consumer Safety (SCCS). Avdelinga gir òg fagleg hjelp i arbeidet med kjemikalieberedskap.
Forskinga i seksjona skal gi auka kunnskap om korleis miljøfaktorar verkar inn på helsa. I fleire prosjekt fokuserer vi på helseeffektar etter eksponering tidleg i livet. Vi er opptekne av å etablere ein årsakssamanheng for å førebyggje helseproblem. Forskinga baserer seg derfor både på bruk av epidemiologi, avanserte dyremodellar og cellekulturar. Vi ser på effektar på immun- og nervesystemet spesielt etter eksponering tidleg i livet. Resultata blir publiserte i fagfellevurderte, internasjonale tidsskrifter og i populærvitskaplege tidsskrifter.
Seksjona driv Register for bivirkninger ved bruk av kosmetiske produkter i Norge.
Arbeidsområde, oppgåver og ansvar
Beredskap
Alle forskarar i avdelinga bruker kompetansen dei sit på, til å gi råd (proaktivt eller på førespurnad) om kjemikalieberedskap nasjonalt og internasjonalt. Seksjona har spesielt kompetanse på toksiske effektar av plantevernmiddel, biocid, industrikjemikaliar, nanomaterialar og kontaminantar i mat og drikkevatn.
Helseanalyse og forsking
Forskinga i seksjona skal gi auka kunnskap om korleis miljøfaktorar verkar inn på helsa. Miljømedisinske risikovurderingar baserer seg i aukande grad på bruk av mekanistisk kunnskap. Vi må derfor målrette forskingsinnsatsen vår mot å oppnå kunnskap om årsakssamanhengar.
Spesielle satsingsområde er helseeffektar på immunsystemet og nervesystemet. Studiar på menneske, forsøksdyr og celle- og organkulturar samt databaserte metodar blir brukt. Seksjona har erfaring med spesifikke modellar og metodar som desse: epidemiologiske metodar, åtferdstesting av mus/rotter, dyremodellar for tarmkreft, artritt og diabetes og mat- og luftvegsallergi, modellar for opptak av kjemikaliar i hud, multiplex cytokin-analysar, høgdimensjonell immunfenotyping (flowcytometri og massecytometri), måling av frie radikal og oksidative skadar, immunologiske testar og histologi, testar for effektar av kjemiske stoff på reproduksjon og gentoksisitet/DNA-reparasjon. «Mechanisms of Action» (bruk av «Adverse Outcome Pathways») står sentralt i forskinga vår på effektar av kjemikaliar (enkeltvis eller i blandingar).
Vurderingar og råd
Hovudleveransane våre er risikovurderingar eller farevurderingar av kjemikaliar som finst i mat, vatn, forbrukarprodukt og kosmetikk. Vurderingane blir leverte til departement, Miljødirektoratet, Mattilsynet, kommunane, VKM, EFSA, ECHA og SCCS.
Seksjona har spesielt kompetanse på toksiske effektar av plantevernmiddel, biocid, industrikjemikaliar, tilsetjingsstoff, aromastoff, prosessframkalla kontaminantar, matkontaktmaterialar, nanomaterialar, kontaminantar i mat, drikkevatn og forbrukarprodukt og på matallergi.
For miljødirektoratet og ECHA har seksjona ansvar for å skrive klassifiseringsdokument, restriksjonar (for eksempel Stockholmskonvensjonen) og stoffevalueringar. Når det gjeld rådgivingsarbeid til ECHA, bidreg avdelinga mellom anna innanfor hormonforstyrrande stoff samt utviklingstoksikologi med vekt på immunsystemet og utviklinga av nervesystemet.
Kontakt
Sentralbord: 21 07 70 00
Medarbeidere







