Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Psykiske lidelser

Avdeling for psykiske lidingar gir kunnskapsbaserte råd til helsestyresmakter, klinisk verksemd og den generelle befolkninga.

Avdelingsdirektør

Ted Reichborn-Kjennerud

Fasttelefon: 21 07 82 25

Besøksadresse

Marcus Thranes gate 6

0473 Oslo

Vis i kart

Postadresse

Folkehelseinstituttet, Postboks 222 Skøyen

0213 Oslo

Vis i kart

Kontakt

Sentralbord: 21 07 70 00

Send e-post

Målsettinga for forskingsaktiviteten vår er å innhente ny kunnskap om førekomst, årsaks- og risikofaktorar samt konsekvensar av desse lidingane.

Forskingsaktiviteten vår omfattar både vanlege psykiske lidingar som angst og depresjon samt meir sjeldne alvorlege sinnslidingar som bipolar liding og schizofreni. Avdelinga har òg fleire prosjekt knytte til nevroutviklingsforstyrringar generelt og ADHD spesielt i tillegg til personlegdomsforstyrringar, misbruk og avhengigheit av rusmiddel samt spiseforstyrringar.

Vi kartlegg førekomsten av alvorlege psykiske lidingar, hovudsakleg gjennom å bruke helseregister. I likskap med dei andre skandinaviske landa har Noreg eineståande register som gjer oss i stand til å utføre undersøkingar som ikkje lèt seg gjere andre stader. Registerinformasjon inkluderer mellom anna bruk av primær- og spesialisthelsetenesta, sjukemeldingar, uføretrygd og bruk av medikament på resept.

Helseregister

Når det gjeld meir vanlege psykiske lidingar som depresjon og angstlidingar, må ein i tillegg utføre spørjeundersøkingar i eit representativt utval av befolkninga for å få sikre tal på førekomsten. Dette er under planlegging.

Psykiske lidingar er komplekse når det gjeld årsaker. Det er ei rekkje faktorar som speler inn, både genetiske og miljømessige. Kvar enkelt av desse risikofaktorane har relativt liten effekt, men inngår i eit komplisert samspel. Det finst med andre ord inga enkeltårsak til desse lidingane, det er derimot eit komplekst samspel av risikofaktorar. Dersom vi skal kunne kartleggje den relative tydinga av arv og miljø, treng vi genetisk informative data, det vil seie data på individ som er i slekt, for eksempel familiar eller tvillingar, eller DNA der vi direkte kan studere kva gena har å seie.

Tvillingstudiar

 Tvillingstudiar

Avdelinga driv ein longitudinell tvillingstudie som i utgangspunktet omfatta alle tvillingar fødde i Noreg etter 1967. Desse er følgde opp med intervju og spørjeskjema for å kartleggje psykiske lidingar, inkludert ruslidingar og personlegdomsforstyrringar. Gjeldande prosjekt dreier seg mellom anna om samanhengen mellom personlegdom og personlegdomsforstyrringar og rusmiddellidingar samt samanhengen mellom tidleg alkoholbruk og seinare psykisk helse. 

For å finne årsaks- eller risikofaktorar er det ein stor fordel å ha informasjon som dekkjer heile livsløpet og, om mogleg, data frå fleire generasjonar. Folkehelseinstituttet driv ein stor fødselskohortstudie der vi følgjer over 100 000 barn og foreldra deira frå tidleg i svangerskapet og vidare etter fødselen (Den norske mor og barn-undersøkinga (MoBa).  

Den norske mor og barn-undersøkinga (MoBa)

Den norske mor og barn-undersøkinga (MoBa)

Vi bruker data frå MoBa til å studere både genetiske og miljømessige risikofaktorar, og til å undersøkje korleis for eksempel angstlidingar eller depresjon blir overførte frå generasjon til generasjon. Dette er mogleg fordi vi kan utnytte det store utvalet i MoBa, der vi har informasjon om ei rekkje ulike slektskapsforhold. I tillegg har vi genetisk informasjon på både foreldre og barn. Vi studerer òg korleis forhold i svangerskapet (for eksempel infeksjonar, mor si røyking eller bruk av medikament) verkar inn på risikoen for mellom anna ADHD hos barnet. Dette kan vi gjere ved å kopla MoBa til Norsk pasientregister.

Individ med psykiske lidingar har auka risiko for å få fysiske sjukdomar, og døyr tidlegare enn andre menneske. Dei har i tillegg auka risiko for å bli langtidssjukemelde og uføre. Vi har mellom anna prosjekt som omhandlar samanhengen mellom psykiske lidingar og sjukemelding, uførleik, hjarte-/karlidingar og død.

Avdelinga har høg metodisk kompetanse, spesielt innan analyse av tvilling- og familiedata (genetisk epidemiologi), men vi arbeider òg med tradisjonell epidemiologi, farmakoepidemiologi og molekylærgenetiske studiar. Vi er spesielt opptekne av analysemetodar som kan gi oss informasjon om moglege årsaksforhold der det er ein samanheng mellom eksponering og utfall. Gruppa er tverrfagleg samansett av personar med bakgrunn frå mellom anna psykologi, psykiatri, informatikk og anvendt matematikk.

Fleire av prosjekta ved avdelinga skjer i samarbeid med nasjonale og internasjonale forskingsgrupper og forskingsinstitusjonar. I Noreg samarbeider vi mellom anna med UiO, UNN og Norsk senter for forskning på mentale lidelser (NORMENT). Internasjonale samarbeidspartnarar er mellom anna Virginia Commonwealth University, Columbia University og University of North Carolina i USA; University of Bristol og Institute of psychiatry i London i England; og Karolinska Institutet i Sverige. Vi har òg eit samarbeid på gang med alle dei store fødselskohortane i Europa.

Prosjekta våre er finansierte av mellom anna Noregs forskingsråd, EU og National Institutes of Health i USA. Vi deltek for tida òg i ein stor søknad til EU der alle dei største fødselskohortane i Europa er med.

Avdelinga har rundt 20 medarbeidarar, der 8 er fast tilsette forskarar og fleire er doktorgradsstipendiatar og post.doc. på eksternt finansierte prosjekt.

Medarbeidere

Bilde av Eivind Ystrøm

Eivind Ystrøm

Seniorforsker, PhD i psykologi

Tlf: 21 07 83 34

Send e-post

Ansatt bilde

Elizabeth Corfield

Tlf: 21 07 82 59

Send e-post

Bilde av Espen Moen Eilertsen

Espen Moen Eilertsen

Postdoktor, Ph.D

Tlf: 21 07 82 68

Send e-post

Bilde av Helga Ask

Helga Ask

Forsker, PhD in psychology

Tlf: 21 07 83 75

Send e-post

Bilde av Ingunn Olea Lund

Ingunn Olea Lund

Seniorforsker, PhD

Tlf: 45 28 56 53

Send e-post

Ansatt bilde

Karoline Brobakke Seglem

Post dok, PhD

Tlf: 21 07 84 32

Send e-post

Ansatt bilde

Kristin Gustavson

Seniorforsker, Ph.D.

Tlf: 21 07 81 86

Send e-post

Ansatt bilde

Line Cecilie Gjerde

Seniorforsker, "Cand.psychol.," PhD

Tlf: 21 07 83 79

Send e-post

Bilde av Marte Handal

Marte Handal

Overlege, PhD

Tlf: 21 07 78 86

Send e-post

Bilde av Martin Steen Tesli

Martin Steen Tesli

Forsker 1109, MD, PhD

M: 979 45 450

Send e-post

Bilde av Ragna Bugge Askeland

Ragna Bugge Askeland

PhD student og rådgiver, Mastergrad i psykologi

Tlf: 21 07 80 55

Send e-post

Bilde av Svetlana Ondrasova Skurtveit

Svetlana Ondrasova Skurtveit

Senior forsker / professor UiO, Ph.D

Tlf: 21 07 81 72

Send e-post