Avdeling
Helse og ulikhet
Avdeling for helse og ulikskap analyserer og formidlar kunnskap om helsa til folket og faktorar som verkar inn på denne, med fokus på sosiale og geografiske forskjellar i helse.
Kjerneoppgåvene til avdelinga
Sosiale og geografiske helseforskjellar: Avdelinga har ansvar for å kartleggje og analysere dei store linjene i helsetilstanden på befolkningsnivå, og har spesielt fokus på forskjellar mellom sosiale grupper og på tvers av geografi. Dette omfattar mellom anna å analysere samanhengen mellom helsa i befolkninga og sosiodemografiske karakteristika som utdanning, inntekt, yrke og bustad. Forsking og helseanalyse på desse områda inkluderer òg dei meir underliggjande sosiale og samfunnsmessige årsaksforholda som gir seg utslag i helseforskjellar i befolkninga.
Skadar og ulukker: Avdelinga følgjer utviklinga av ulukker og personskadar i Noreg og driv epidemiologisk forsking på sosioøkonomiske og geografiske forskjellar i førekomst av skadar, årsaker til og konsekvensar av ulukker og analyse av datakvalitet på skadefeltet. Avdelinga har eit breitt samarbeid med andre aktørar på skadefeltet, både nasjonalt og internasjonalt.
Vekstkohorten: Avdelinga har det faglege ansvaret for Vekstkohorten. Vekstkohorten består av fem tverrsnittundersøkingar om vekt og høgde blant 8-åringar (Barnevekststudien) samt ei tverrsnittsundersøking om vekt og høgde blant 13-åringar (Ungvekstundersøkinga). Formålet med Vekstkohorten er å kunna følgja trendar i førekomsten av undervekt, normalvekt, overvekt og fedme hos barn og unge. Vekstkohorten er ein del av WHO European Childhood Obesity Surveillance Initiative (COSI).
Tiltaksevaluering: Avdelinga samarbeider tett med Senter for evaluering av folkehelsetiltak, og fleire medarbeidarar er tilknytte senteret. Senteret sine målsetnadar er å gjennomføre evalueringar av folkehelsetiltak, styrke tiltaksforskinga ved instituttet, utvikle modellar for brukarmedverknad og å vera ein nasjonal ressurs på evaluering av folkehelsetiltak ovanfor kommunal, fylkeskommunal og nasjonal forvaltning.
Sjukdomsbyrde: Fleire forskarar i avdelinga er tilknytte Senter for sjukdomsbyrdeanalysar. Utrekningar av sjukdomsbyrde viser korleis ulike sjukdomar, skadar og risikofaktorar rammar ei befolkning i form av helsetap og dødelegheit.
Presentasjon av helsestatistikk: Data om helsa til befolkninga og påverknadsfaktorar blir presenterte på fleire måtar, tilpassa ulike brukarar:
- Folkehelseprofilar: Avdelinga har ansvar for å utarbeide folkehelseprofilar for alle kommunane og fylkeskommunane i landet (og bydelar i dei største byane).Folkehelseprofilane er korte nøkkeltalsrapportar som blir gitte ut i løpet av første kvartal kvart år. Dei blir brukte av kommunar og fylkeskommunar i arbeidet deira med å få oversikt over helsa til befolkninga og faktorar som verkar inn på denne, jamfør lov om folkehelsearbeid.
- Oppvekstprofilar: Avdelinga samarbeider med Barne- ungdoms- og familiedirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Integrerings- og mangfoldsdirektoratet og Helsedirektoratet om publisering av oppvekstprofilar. Oppvekstprofilane er bygde opp etter mal av folkehelseprofilane, og har statistikk om barn og unge og deira oppvekstvilkår.
- Statistikkbankar: I statistikkbankane Norgeshelsa og Kommunehelsa kan ein lage tabellar, kart og diagram inndelte etter kjønn, år og aldersgrupper.
Internasjonal rapportering og deltaking i internasjonale arbeidsgrupper: Avdelinga har ansvar for ein del internasjonale rapporteringar og deltek i ulike arbeidsgrupper for å koordinere innsamling og publisering av helsestatistikk:
- Expert Group on Health Information (EGHI): Expert Group on Health Information (EGHI) har mellom anna ansvar for å samordne helseindikatorar i Europa.
- Nordisk Medisinalstatistisk Komité (NOMESKO): Nordisk Medisinalstatistisk Komité og Nordisk Sosialstatistikkomité er mellom anna ansvarleg for å koordinere helsestatistikk og sosialstatistikk i dei nordiske landa.
- WHO sin European health for all database (HFA-DB): Avdeling for helse og ulikskap har ansvar for å rapportere data for Noreg til den nettbaserte databasen til Verdas helseorganisasjon.