Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Artikkel

Om www.fhi.no og vilkår for bruk av tekstar og illustrasjonar

På fhi.no publiserer instituttet statistikk og analyse i tillegg til informasjon om smittevern, miljømedisin, epidemiologi, psykisk helse og rusmiddelforsking.

Informasjon på fhi.no har generell karakter og kan ikkje erstatte kontakt med, undersøking og behandling hos lege. Har du spørsmål om eiga helse, bør du ta opp dette opp med fastlegen din. 

Folkehelseinstituttet tar ikkje ansvar for innhaldet på eksterne sider som det vert lenka til på fhi.no. 

Kommunikasjonsdirektøren er ansvarleg redaktør for fhi.no

Vilkår for bruk av tekstar på fhi.no

Opphavsretten for alle tekstar på fhi.no tilhøyrer Folkehelseinstituttet dersom ikkje anna er oppgitt. Dersom du siterer frå tekstar, skal du følgje vanleg praksis for sitering og berre gjengi eit kort utdrag. I tillegg skal det lenkast til artikkelen som du siterer, for eksempel slik: "Folkehelseinstituttet. Fakta om ADHD. Elektronisk publisering http://www.fhi.no/(url). Nedlasta/lese dato ….." (legg til dato).

Du kan ikkje hente pdf-filar frå fhi.no og leggje dei ut på ein annan nettstad.

Vilkår for bruk av tabellar og diagram

Norgeshelsa statistikkbank og Kommunehelsa statistikkbank inneheld tabellar og diagram med opne og ikkje-personidentifiserbare data. Du kan fritt lagre elektronisk, skrive ut, mangfaldiggjere og vidareformidle materiale frå Norgeshelsa og Kommunehelsa statistikkbankar (tekst, statistiske tabellar og figurar). Føresetnaden er at du følgjer vanleg praksis for tekstsitat og oppgir kjelde. Kjelde skal oppgjevast ved kvar tabell og figur, for eksempel slik: «Kjelde: Norgeshelsa statistikkbank, Nasjonalt folkehelseinstitutt. http://www.norgeshelsa.no»

Du har på same måte lov til å kopiere tabellar og diagram frå faktaark med helsestatistikk mot å oppgi kjelde, for eksempel: «Folkehelseinstituttet. Hjerte- og karsjukdommar – faktaark med helsestatistikk. Elektronisk publisering  http://www.fhi.no/(url), nedlasta/lese … (legg til dato)".

Dersom du gjenbrukar tabellar og figurar på internett, tilrår vi lenker i staden for å legge ut kopi av tabellar og figurar.

Du kan ikkje bruke tabellar og diagram på ein måte som framstår som villeiande informasjon.

Folkehelseinstituttet fråskriv seg ansvar for kvaliteten på informasjon der data frå Norgeshelsa og Kommunehelsa statistikkbankar vert nytta.

For andre statistikkbankar på fhi.no, sjå vilkår for bruk.

Vilkår for bruk av foto og illustrasjonar som er publiserte på fhi.no

  • Media har høve til fritt å nytte pressefoto og logo frå sidene med presseinformasjon. Du kan laste ned pressebilde frå denne sida: Bilder og Folkehelseinstituttets logo 
  • Andre foto og teikningar som er publiserte på fhi.no, og som instituttet har råderett over, kan ikkje gjenbrukast av andre. Blant annet gjeld dette foto og illustrasjonar av skadedyr, foto frå laboratorium, historiske foto m.v.  
  • Illustrasjonsfoto som instituttet har kjøpt frå leverandørar og der den eksterne leverandøren har opphavsretten, kan ikkje gjenbrukast av andre.
  • Relaterte saker