Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Artikkel

Leiinga ved Folkehelseinstituttet

Instituttet si øvste leiing består av direktøren, områdedirektørane, direktør for instituttstab og administrasjon, stabssjefen, og kommunikasjonsdirektøren.

Toppleiargruppa


Camilla Stoltenberg_2013_4.jpg

Direktør Camilla Stoltenberg

Direktøren er øvste leiar for Folkehelseinstituttet (FHI). Ho er også instituttet sin kontakt til politisk leiing i Helse- og omsorgsdepartementet.


Knut_Inge_Klepp_2018_3133.jpg

Områdedirektør Knut-Inge Klepp

Han leiar området for psykisk og fysisk helse.

Fagmiljøet arbeider med tema som har betydning for psykisk og fysisk helse og rus, og rettar særleg merksemd mot forekomst av sykdom, faktorar for årsak og vern mot sykdom, helsefremjande forhold og evaluering av tiltak. Området har spisskompetanse på epidemiologi og helsestatistikk og byggar opp og utviklar aktivitetar for sykdomsbyrdeanalysar, kunnskapsoppsummeringar og evaluering av folkehelsetiltak. 

Knut-Inge Klepp har tverrgåande koordineringsansvar for forsking og helseanalyse.
Geir_Bukholm_2018_3159.jpg

Områdedirektør Geir Bukholm

Han leiar området for smittevern, miljø og helse.

Fagmiljøet i dette området har ekspertise på eksponeringsfaktorar i miljøet, smittestoff og smittsomme sykdommar. Området driv forsking, helseanalyse og tenester. Området har også høg laboratoriefagleg kompetanse. 

Geir Bukholm har tverrgåande koordineringsansvar for beredskap og råd. Han har også koordineringsansvar for laboratorievirksomheten i instituttet.

Gun_Peggy_Knudsen_2018_3141.jpg

Områdedirektør Gun Peggy Knudsen

Ho leier området for helsedata og digitalisering.

Området har forskings- og forvaltingsekspertise på helseregistre, befolkningsbaserte helseundersøkingar, biobank og IT, e-helse og digitalisering. Området driv registerbasert forsking og helseanalyse, samt genetisk og anna forsking relatert til biobankmateriale. Fagmiljøet har spisskompetanse på bioinformatikk.

Gun Peggy Knudsen har tverrgåande koordineringsansvar for helseregistre, IT og e-helse, og helseundersøkingar og biobank.


Trygve_Ottersen_2018_1 (1).jpg

Områdedirektør Trygve Ottersen

Han leiar området for helsetenester. Dette inkluderer det tidlegare Kunnskapssenteret. 

Området leverer kunnskapsgrunnlag til beslutningstakarar på alle nivå i helse- og omsorgstenestene, frå sentrale styresmakter til kommunehelsetenesta. Området har spisskompetanse på kunnskapsoppsummeringar, metodevurderingar (health technology assessments, HTA), brukererfaringsundersøkingar, indikatorar for kvalitet i helsetenesta og kvalitetsforbetring i kommunehelsetenesta. 

Trygve Ottersen har tverrgåande koordineringsansvar for kunnskapsoppsummeringar, helseøkonomiske analysar, metodevurderingar, helsetenesteanalysar og helsesystemanalysar, og brukarmedverknad. 


Unni Aagedal_2013.jpg

Direktør Unni Aagedal

Ho leier instituttstab og administrasjon.

Dei har ansvar for støtte til leiinga og verksemdstyring av instituttet, forvaltning og utføring av gjennomgåande administrative tenester, for å sikre etterleving av lovar, forskrifter, eksterne og interne krav samt forvalting av interne driftstenester, inkludert lokale.


Gunhild Wøien_2013 .jpg

Stabssjef Gunhild Wøien

Stabssjefen sørgjer for samhandling og koordinering, både internt i instituttet og i kontakten med omverda, og sikre heilskap og samanheng i organisasjonen.

Stabssjefen er rådgivar for direktøren og bidreg spesielt i områdeovergripande prosessar.


Christina Rolfheim-Bye_6_2015_copyright NTB Scanpix.jpg

Kommunikasjonsdirektør Christina Rolfheim-Bye

Kommunikasjonsdirektøren leiar avdeling for kommunikasjon, og har ansvar for kommunikasjon både internt og eksternt i Folkehelseinstituttet.