Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Arrangement

Opent fagmøte: Skulemat – stort potensial, men mange utfordringar

Foto: Colourbox.com
Foto: Colourbox.com

Skulemat står på den politiske dagsordenen. Dei fleste er einige om at det er viktig at skuleelevar et god og riktig mat. Men det er stor usemje om kven som bør vere ansvarleg, korleis ei eventuell offentleg skulematordning skal vere, og korleis ho bør organiserast.


Har du funnet en feil?

27. nov 2019 - 08:30-10:00 | Seminar
Skatten, Tøyen torg i Oslo, Hagegata 22-24

Folkehelseinstituttet synest skulematdebatten er interessant og viktig.  Vi arrangerer derfor eit seminar som belyser tematikken frå ulike perspektiv. Skulemat kan ha eit stort potensial for betre folkehelse. Samtidig vil ei offentleg skulematordning by på ulike utfordringar – kven skal lage maten og kor skal han etast. I tillegg veit vi lite om effekten av ulike skulematordningar. Er skulemat verd pengane – og er det mogleg å få svar på det spørsmålet?

På dette opne fagmøtet skal vi diskutere desse problemstillingane. Møtet blir leia av Arnfinn Helleve, leiar for Senter for evaluering av folkehelsetiltak ved Folkehelseinstituttet.

Program:

  • 08:15 Velkommen med litt kaffi og frukt.
  • 08.30 Elling Bere, seniorforskar, Folkehelseinstituttet. Helseperspektivet - stort potensial men usikker effekt.
  • 08.55 Stine Christensen Holtet, medlem i sentralstyret i Utdanningsforbundet. Lærerperspektivet: Uten mat og drikke… Måltidets plass og betydning i skolen.
  • 09.15 Arnt Steffensen, kokk, leiar Kost- og ernæringsforbundet i Delta. Kjøkkenperspektivet – ikke finnes det kjøkken og ikke finnes det kokker.
  • 09.35 Paneldebatt/diskusjon leia av Arnfinn Helleve, Folkehelseinstituttet.
  • 10.00 Slutt.

Møtet er gratis og opent for alle, ingen påmelding. Det streames også live på instituttet sin Youtube-kanal, og opptaket kan sjåast etterpå.

Velkommen til eit spennande møte og debatt!