Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Dette gjev grønt og raudt lys i koronasertifikatet i Noreg»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Dette gjev grønt og raudt lys i koronasertifikatet i Noreg

Artikkel

Dette gjer grønt og raudt lys i koronasertifikatet i Noreg

Dette er reglane som bestemmer om koronasertifikatet får grønt eller raudt lys i Noreg. NB! Grønt og raudt lys gjeld kun for innanlands bruk i Noreg. Det er opplysningane i utvida kontrollside som blir kontrollert ved innreise.

Dette er reglane som bestemmer om koronasertifikatet får grønt eller raudt lys i Noreg. NB! Grønt og raudt lys gjeld kun for innanlands bruk i Noreg. Det er opplysningane i utvida kontrollside som blir kontrollert ved innreise.


Ved innreise til Noreg

Ved innreise til Noreg kan du fra 11. juni kl. 15 dokumentere at du enten er fullvaksinert eller har gjennomgått covid-19 for å slippe karantene. Dette gjer du ved å vise utvida kontrollside i koronasertifikatet i grensekontrollen. Grønt og raudt lys i koronasertifikatet er til innanlands bruk. Innanlands bruk er enno ikkje beslutta av regjeringa. 

Grønt og raudt lys i Noreg

Koronasertifikatet skal vise om du er vaksinert, om du er immun etter å ha hatt koronasjukdom, og resultatet viss du har tatt negativ koronatest. I Noreg er det ikkje endeleg vedteke om barn treng eit koronasertifikat. Samtidig blir det utvikla ein kontrollfunksjon som vil gje grønt eller raudt lys avhengig av om du oppfyller dei norske krava til koronasertifikat.

Dersom opplysningar manglar eller er feilregistrert i koronasertifikatet ditt, kan sertifikatet vere ugyldig når du skal bruke det. Finn du feil eller mangelfulle vaksinasjonsopplysningar/testresultat om deg i sertifikatet, kan du ta kontakt med staden der du har blitt vaksinert/testa for å få retta dette.

Kvart land i EU vedtar eigne reglar og på nettsida Re-open EU kan du søke opp reisereglane mellom landa i EU. Her får du også ei oversikt over smittesituasjonen i landa. Informasjonen blir oppdatert kontinuerleg, og er tilgjengeleg på 24 språk.

Du må sjølv setje seg inn i dei reglane som gjeld der du skal bruke sertifikatet, til dømes reglane i land du skal reise til.

Reglane som er beskrive under kan endrast om det skjer endringar med vaksinane, sjukdomen og smittesituasjonen.

Grønt lys i koronasertifikatet for bruk i Noreg betyr ikkje automatisk fri innreise til alle land. Grensekontrollen i landet du skal reise inn i vil sjekke at sertifikatet inneheld det som blir kravd for innreise. I nokre land vil det bety fullvaksinert, medan det i andre land vil vere tilstrekkeleg med negativ test.

Kva blir vist i sertifikatet?

Vaksiner

Sertifikatet vil vise alle vaksinar mot covid-19 som er sett (eller registrert) i Noreg.

Immunitet etter å ha hatt koronasjukdom

Viss du er verna etter å ha hatt koronasjukdom, vil prøvesvar frå PCR eller antigentest som er registrert i Noreg då du testa positivt bli vist. Viss du har testa positivt på nytt meir enn 3 månader etter den første testen, vil det nye prøvesvaret visast.

Negative testar

Eit negativt testresultat frå PCR eller antigentest vil visast viss testen er tatt i løpet av siste 7 døgn, og det ikkje er registrert positive testresultat i same periode.

For vaksinasjon 

Dette gir grønt lys:

  • Dersom du berre skal ha 1 dose vaksine fordi vaksinetypen du har fått berre krev éin dose, vil du få grønt lys når det er gått 3 veker etter vaksinasjonen. Deretter blir du rekna som fullvaksinert og inntil vidare vil det ikkje vere nokon sluttdato for grønt lys. Men koronasertifikatet vil kun vere gyldig 30 dagar fram i tid for kvar gong du lastar det ned eller skriv det ut, blant anna for å unngå bruk av utdaterte koronasertifikat.
    Det kan likevel komme forbigåande raudt lys, som blir beskrive under.
  • Dersom du berre skal ha 1 dose vaksine fordi du har hatt koronasjukdom meir enn 3 veker før vaksinasjon, vil du få grønt lys når det er gått 1 veke etter vaksinasjonen. Deretter blir du rekna som fullvaksinert og inntil vidare vil det ikkje vere nokon sluttdato for grønt lys. Men koronasertifikatet vil kun vere gyldig 30 dagar fram i tid for kvar gong du lastar det ned eller skriv det ut, blant anna for å unngå bruk av utdaterte koronasertifikat. Det kan komme forbigåande raudt lys, som blir beskrive under. Viss du har hatt koronasjukdom må det vere dokumentert med registrerte prøveresultat. Det skal vere enten PCR (eller ein tilsvarande laboratoriemetode), antigentest, eller antistofftest utført ved mikrobiologisk laboratorium.
  • Dersom du har fått 1 av 2 dosar vaksine, vil du få grønt lys når det er gått 3 veker etter vaksinasjonen. Deretter blir du rekna som verna og grønt lys vil vare 14 veker etter den første dosen med vaksinen.
  • Dersom du i perioden mellom vaksinedose 1 og 2 får koronasjukdom (meir enn 3 veker etter første vaksinedose), vil du få forbigåande raudt lys, som nemnt under. Deretter blir du rekna som fullvaksinert, og inntil vidare vil det ikkje vere nokon sluttdato for grønt lys. Men koronasertifikatet vil kun vere gyldig 30 dagar fram i tid for kvar gong du lastar det ned eller skriv det ut, blant anna for å unngå bruk av utdaterte koronasertifikat. Det kan komme forbigåande raudt lys, som vi beskriver under. Infeksjon med covid-19 må dokumenterast med registrerte prøveresultat. Det skal vere enten PCR (eller tilsvarande laboratoriemetode) eller antigen hurtigtest.
  • Dersom du har fått 2 av 2 dosar vaksine, vil du få grønt lys når det er gått 1 veke etter vaksinasjonen. Deretter blir du rekna som fullvaksinert og inntil vidare vil det ikkje vere nokon sluttdato for grønt lys. Men koronasertifikatet vil kun vere gyldig 30 dagar fram i tid for kvar gong du lastar det ned eller skriv det ut, blant anna for å unngå bruk av utdaterte koronasertifikat. Det kan komme forbigåande raudt lys, som blir beskrive under. Kombinasjonar av dosar frå ulike produsentar blir godkjente dersom det har gått tilstrekkeleg tid mellom dosane til å tilfredsstille minstekravet for den første vaksinetypen du fekk.

Dette gir forbigåande raudt lys:

  • Viss du testar positivt etter vaksinasjon, vil du få forbigåande raudt lys i 10 dagar.
  • Dersom du har fått din fyrste vaksinedose for mindre enn 3 veker sidan.
  • Dersom det går meir enn 14 veker mellom fyrste og andre vaksinedose vil du få raudt lys inntil 7 dagar etter andre dose.

Dette gir raudt lys:

  • Viss opplysningane som er registrerte om vaksinasjonen din er feil slik at du blir vist som uvaksinert.
  • Viss du ikkje er vaksinert.

For negativt prøvesvar

Dette gir grønt lys:

  • Negativ test gir grønt lys i 24 timar frå prøven er tatt, men berre viss du ikkje har nokon positive testar siste 7 dagar.
  • Antigen hurtigtestar kan ein sjeldan gang gi falskt positivt resultat. Viss du tar ein ny test med PCR innan 48 timar som er negativ, får du grønt lys i 24 timar, sjølv om du nyleg har fått ein positiv antigentest.

Dette gir raudt lys:

  • Dei første 10 dagane etter du har testa positivt første gang.
  • Viss ein ikkje har ein negativ test siste 24 timar.

Immunitet etter å ha hatt koronasjukdom

Dette gir grønt lys:

  • Viss du har hatt koronasjukdom og dette er dokumentert med enten PCR, tilsvarande laboratorieanalyse eller antigen hurtigtest, gir det grønt lys i 6 månader frå første positive test. Men koronasertifikatet vil kun vere gyldig 30 dagar fram i tid for kvar gong du lastar det ned eller skriv det ut, blant anna for å unngå bruk av utdaterte koronasertifikat. Det må alltid gå minst 10 dagar frå første positive test før ein kan få grønt lys viss ein ikkje er vaksinert.  
  • Viss du testar positivt på nytt dei første 3 månadene etter den første positive testen, vil du likevel ha grønt lys. Det er fordi laboratorieanalysene er så kjenslevare at dei kan påvise delar av viruset ei stund etter at ein ikkje lenger er smittsam. Ein blir sett på som verna, men vil ikkje få forlengt grønt lys basert på ein ny test tatt dei første 3 månadene etter den første.

Dette gir forbigåande raudt lys:

  • Viss du testar positivt på nytt meir enn 3 månader etter den første positive testen, vil sertifikatet vise raudt lys i 10 dagar etter den siste testen. Deretter vil du få grønt lys i nye 6 månader. Men koronasertifikatet vil kun vere gyldig 30 dagar fram i tid for kvar gong du lastar det ned eller skriv det ut, blant anna for å unngå bruk av utdaterte koronasertifikat.

Dette gir raudt lys:

  • Viss du ikkje har testa positivt dei siste 6 månadene.
  • Dei første 10 dagane etter positiv test

Historikk

10. juni 2021: Lagt til i ingress og første avsnitt at grønt og raudt lys kun gjeld for innanlands bruk i Noreg. Det er opplysningane i utvida kontrollside som blir kontrollert ved innreise. 

8. juni 2021: Lagt til at sjølve sertifikatet til einkvar tid kun er gyldig 30 dagar fram i tid i kulepunkta som angir at du ikkje har nokon sluttdato for grønt lys.