Få varsel ved oppdateringer av «Verdas handhygienedag er 5. mai»
Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:
- Verdas handhygienedag er 5. mai
Nyhet
Verdas handhygienedag er 5. mai
FHI oppfordrar landets helsetenester til å styrke handhygienen og melde seg på markeringa av verdas handhygienedag 5. mai.
FHI oppfordrar landets helsetenester til å styrke handhygienen og melde seg på markeringa av verdas handhygienedag 5. mai.
Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden
Markeringa er eit ledd i det kontinuerlege arbeidet for godt smittevern i helse- og omsorgstenesta. Folkehelseinstituttet, dei fire regionale kompetansesentera i landet for smittevern og representantar frå kommunehelsetenesta inviterer som tidlegare år til nasjonal markering av dagen.
– Markeringa rettar seg mot alle typar einheiter innan helse- og sosialtenesta. Tradisjonelt deltek nær alle sjukehusa i landet og mange sjukeheim, heimebaserte tenester, samlokaliserte bustader, einheiter innan tannhelse med fleire i markeringa, seier seniorrådgivar Mette Fagernes ved FHI.
Årets tema: Det skal vere lett å gjere rett!
– I år rettar me ekstra merksemd mot viktigheita av å legge til rette for handhygiene, seier Mette Fagernes.
Årets tema er at det skal vere lett å gjere rett.
Deltema er:
- Handhygienefasilitetar – god tilgjengelegheit av handdesinfeksjon
- Bar frå albuen og ned (fri for handsmykke, med korte, naturlege negler og korterma arbeidsantrekk)
- Etterleving av handhygiene (observasjon ved bruk av NOST, verktøyet for observasjon av handhygiene og andre smitteførebyggjande tiltak i helsetenesta)
– Når helsepersonell er bar frå albuen og ned og det er gode handhygienefasilitetar, er det lettare å utføra handhygiene korrekt og til rett tid, seier Mette Fagernes ved FHI.
Undervisnings- og kampanjemateriell
Det er opp til den enkelte deltakande eining å avgjera kva område dei ønsker å rette merksemd mot, og dessutan type og kor mykje aktivitet. Arbeidsgruppa som står bak kampanjen fremjar likevel ei rekke forslag til kva som kan gjerast, og har dessutan laga nytt informasjons- og undervisningsmateriell. Alt er fritt tilgjengeleg på temasida om handhygiene på fhi.no, i artikkelen Markering av handhygienedagen 5. mai 2023.
Nokre utvalde forslag til aktivitetar:
- Kartlegging av handhygienefasilitetar (kartleggingsskjema)
- Kartlegging av etterleving av tilrådingar om å vera bar frå albuen og ned (ved bruk av NOST)
- Undervisning om viktigheita av å vera berr frå albuen og ned (ved bruk av undervisningspresentasjonar, filmar og plakatar)
- Quiz om årets tema (ved bruk av papirskjema eller som undervisning med spørsmål, sjå lenke over)
- Stand med utlevering av materiell som handdesinfeksjon, smykkeposar, dropsesker med meir
Hugs å melde dykk på!
- Påmelding til handhygienedagen 5. mai 2023 (Questback.com)