Overvaking av avløpsvatn gir tidleg varsel om nye smittebølger
Nyhet
|Publisert
Overvaking av avløpsvatn gir varsel om nye smittebølger med koronavirus tidlegare enn andre typar overvaking. Det viser ei ny evaluering frå Folkehelseinstituttet.
Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsidenFHI sette i gang våren 2022 ei pilotundersøking for å måle nytteverdien av avløpsbasert overvaking. Dette var i ein fase av pandemien der pålitelegheita til dei test-baserte, tradisjonelle overvakingssystema var lågare enn tidlegare i pandemien.
- Se evalueringsrapporten på Evaluering av Folkehelseinstituttets pilot forovervåking av SARS-CoV-2 i avløpsvann
Fleire kommunar involverte
Systemet vart etablert i samarbeid med Tromsø, Trondheim, Oslo, Bergen og Ullensaker kommune og dekte eit område tilsvarande rundt 25-30 prosent av befolkninga i Noreg.
– Vi fann haldepunkt for at systemet gav 1–2 veker tidlegare varsel om inngangen til ei ny bølgje av epidemien hausten 2022, samanlikna med dei tradisjonelle kliniske overvakingssystema. Dette samsvarer godt med rapportar frå internasjonal forskingslitteratur, seier prosjektleiar Elisabeth Henie Madslien ved FHI.
Systemet gav likevel ikkje noko tidlegare varsel om nedovergåande trend, samanlikna med dei kliniske indikatorane. Dette er ikkje uventa ettersom smitteutskiljing i avføring er funne å fortsette opp til nokre veker, og nivået truleg vil samle seg opp over tid, ifølge rapporten frå FHI.
Kost-effektiv metode
– Denne tilnærminga har styrkane sine i at ho er symptom- og testuavhengig, ein er ikkje avhengig av massetesting av befolkninga og ho belastar dermed ikkje enkeltpersonar, seier Madslien.
Systemet er eigna til å følge med på smittetrenden nasjonalt, mens det er litt meir uro og variasjon lokalt. Ein bør derfor vere varsam med tolking av enkeltsignal.
Verdifullt verktøy til overvaking av nye helsetruslar
– Samla vurderer vi at avløpsovervakinga er eit verdifullt verktøy i overvakinga av SARS-CoV-2 i Noreg. Framover, og uavhengig av covid-19-situasjonen, bør det vurderast å halde oppe infrastrukturen i systemet slik at det kan takast i bruk som eit mogleg beredskapsverktøy i handteringa av nye helsetruslar, seier prosjektleiar Elisabeth Henie Madslien ved Folkehelseinstituttet.