Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Fleire unge menn røykjer av og til»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Fleire unge menn røykjer av og til

Nyhet

Fleire unge menn røykjer av og til

Aldri har talet på unge vaksne menn som seier at dei av og til røykjer vore høgare. Det viser rapporten Tobakk i Norge frå Folkehelseinstituttet.

røyking
Foto: Colourbox.com

Aldri har talet på unge vaksne menn som seier at dei av og til røykjer vore høgare. Det viser rapporten Tobakk i Norge frå Folkehelseinstituttet.


Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden

Sidan 1973 har nordmenn kvart år vorte spurt om røykevanane sine. I 2022 svarte nær null prosent av unge vaksne i alderen 16-24 at dei røykte dagleg. Samtidig var andelen unge vaksne menn som svarte at dei røykte av og til høgare i 2022 enn nokon gong tidlegare. 19 prosent blant menn og 13 prosent blant kvinner (figur 1b).

– Det er nærliggjande å tru at denne fordelinga i ei viss grad reflekterer at av og til-røyking blir rekna som meir akseptabelt enn dagligrøyking, seier Tord Finne Vedøy, forskar ved FHI.

Dagligrøyking og av-og-til-røyking i alderen 16-24

Figur 1b: Andelen unge menn og kvinner i alderen 16-24 som oppgir å røykje dagleg eller av og til, i prosent, 1973-2022. Treårig glidande gjennomsnitt. Kilde: Folkehelseinstituttet, Statistisk sentralbyrå

Rapporten presenterer bruksmønster og forsyningskjelder for tobakk. Den viser også fordelinga av tobakksbruk i befolkninga, og beskriv risikooppfatningane til befolkninga om tobakk.