Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Unngå etseskadar under vårreingjeringa»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Unngå etseskadar under vårreingjeringa

Nyhet

Unngå etseskadar under vårreingjeringa

Giftinformasjonen ved FHI oppmodar til varsemd ved bruk av vaskemiddel under vårreingjeringa. Fleire av midlane kan føre til alvorlege etseskadar på hud og augne dersom du får dei på deg. 

vårrengjøring-hanske-sprayflaske-liggende-02.png

Giftinformasjonen ved FHI oppmodar til varsemd ved bruk av vaskemiddel under vårreingjeringa. Fleire av midlane kan føre til alvorlege etseskadar på hud og augne dersom du får dei på deg. 


Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden

Giftinformasjonen opplever kvar vår ein kraftig auke i talet på førespurnader om uhell med sterke vaskemiddel. 

– Typiske produkt til vårreingjering er husvask, kraftvask, terrasserens og soppfjernare. Desse inneheld gjerne alkaliske stoff og kationtensid som kan føre til alvorlege etseskadar på hud og augne dersom du får det på deg, seier seniorrådgivar Helga Ruus Lorentzen ved Giftinformasjonen i FHI. 

April til juli høgsesong for skader på grunn av vaskemiddel

Giftinformasjonen får årleg rundt 700 førespurnader om sterke vaskemiddel. Tidlegare erfaring viser at cirka halvparten av førespurnadene kjem i månadene april til juli. Denne toppen kjem av typiske vårreingjeringsmidlar. 

Kvar dag i vekene framover kjem Giftinformasjonen til å rettleie mange som har hatt uhell med denne typen produkt. Det gjeld både råd ved søl på hud, i auge og uhellsinntak.

– Med auken Giftinformasjonen ser no, ønskjer vi å gjere alle potensielle vårreingjerarar merksam på farane, slik av vi kan unngå alvorlege skadar og unødvendig belastning på helsetenesta, seier Helga Ruus Lorentzen. 

Behald produkta i original emballasje 

Det er veldig viktig å alltid behalde vaskemidla i original emballasje. Å helle vaskemiddel over i glas, drikkeflasker eller tomme brusflasker kan føre til farlege situasjonar. Giftinformasjonen har erfaring med at forvekslingar skjer, både hos barn og vaksne. Dersom ein svelgjer etsande produkt, kan det føre til alvorleg forgifting, etseskadar og i verste fall død. Ved slike uhell er det viktig å skylje munnen godt, drikke eit glas vatn og ringje 113 med ein gong. 

Råd ved søl på hud/klede eller auge 

Får du reingjeringsmidlar i auge eller på hud/klede er det viktig å ta av tilsølte klede og starte å skylje med ein gong. Lang kontakttid kan forverre skade. Langvarig skyljing er ofte nødvending. Bruk rennande lunkent vatn om du har tilgjengeleg, så du ikkje blir nedkjølt. Det viktigaste er uansett å starte skyljing med ein gong, der du er. Det er skyljing tidleg i forløpet som har best effekt. Kor fortynna produktet er vil ha noko å seie for kor alvorleg skaden kan bli. Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) for vidare vurdering. 

Tips for å unngå skadar under vårreingjeringa

  • Les alltid bruksrettleiinga FØR bruk 
  • Bruk rett fortynning til rett bruksområde
  • Bruk eigna og tette hanskar  
  • Dekk til armar og bein 
  • Bruk augevern/vernebriller 
  • Bruk tette sko/støvlar 
  • Oppbevar produkta utilgjengeleg for barn (og dyr) 

Førstehjelp ved svelging 

  • Ring 113 - ved svelging av etsande stoff kan du raskt få hevelsar i svelget som gir pusteproblem  
  • Ikkje framkall brekkingar 
  • Skyll munnen i fleire minutt viss du er i stand til det 
  • Drikk litt vatn 
  • Giftinformasjonen (22 59 13 00) kan gi råd om vidare oppfølging og behandling 

Førstehjelp ved søl i auge 

  • Ta ut eventuelle kontaktlinser 
  • Skyll straks med lunkent rennande vatn 
  • Lang skyljetid kan vere nødvendig (frå 30 minutt til fleire timar) 
  • Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) for råd om vidare oppfølging og behandling 

Ved søl på hud 

  • Ta av eventuelle tilsølte klede, smykke og liknande 
  • Skyll straks med rennande lunkent vatn 
  • Lang skyljetid kan vere nødvendig  
  • Kontakt Giftinformasjonen for råd om vidare oppfølging og kor lenge du bør skylje huda 

Sjå også Råd om husvask, kraftvask og terrasserens (helsenorge.no)