Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Utbrot av apekoppar i Europa»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Utbrot av apekoppar i Europa

Nyhet

Utbrot av apekoppar i Europa

Det europeiske smittevernbyrået (ECDC) rapporterer om tilfelle av apekoppar (monkeypox) i fleire land i Europa. Folkehelseinstituttet følger situasjonen nøye.

Det europeiske smittevernbyrået (ECDC) rapporterer om tilfelle av apekoppar (monkeypox) i fleire land i Europa. Folkehelseinstituttet følger situasjonen nøye.


Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden

Det europeiske smitteverninstituttet, ECDC, publiserer fortløpande oversikt over kva for land som har rapportert tilfelle av apekoppar:

Uvanlege smittekjeder

Dette er første gong det er rapportert om smittekjeder i Europa der dei smitta ikkje har vore på reise til område i Afrika der denne sjukdomen finnast, eller har hatt kontakt med andre smitta personar. Mange av tilfella er unge menn, blant menn som har sex med menn (MSM).

– Det er uvanleg at det blir rapportert så mange tilfelle, og at dei smitta ikkje har vore på reise til Vest-Afrika. Folkehelseinstituttet følger situasjonen nøye, seier fungerande avdelingsdirektør Siri Feruglio ved FHI.

Det har tidlegare kun vore nokre få tilfelle av apekoppar i Europa, alle i Storbritannia (i 2018, 2019 og 2021). Alle desse tilfella hadde vore på reise til Nigeria eller vore tilknytt ein annan smitta person.

Om sjukdomen

Apekoppar gir feber og vannkoppeliknande utslett. Dei fleste blir friske utan behandling. Det er kun i sjeldne tilfelle ein ser alvorleg sjukdom. Apekoppar fører svært sjeldan til dødsfall. Sjukdomen smittar frå dyr (primært gnagare) til menneske, men kan også smitte mellom menneske via kontakt med utslett og/eller dropar. Viruset smittar primært ved tett kontakt. Apekoppar er vanligast i ein del land i Vest- og Sentral-Afrika. 

Denne nyheita er oppdatert 20.05.22 med lenke til ECDC si nettside med fortløpande oversikt over kva for land som har rapportert tilfelle av apekoppar. Oppdatert lenke til ECDC si temaside om apekoppar er lagt inn 06.07.22.