Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Stort sett gode erfaringar med fastlegen»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Stort sett gode erfaringar med fastlegen

Nyhet

Stort sett gode erfaringar med fastlegen

Pasientane har stort sett positive erfaringar med fastlegen og fastlegekontoret, men mange meiner at ventetida er for lang, viser ein ny rapport frå Folkehelseinstituttet.

Pasientane har stort sett positive erfaringar med fastlegen og fastlegekontoret, men mange meiner at ventetida er for lang, viser ein ny rapport frå Folkehelseinstituttet.


Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden

Folkehelseinstituttet har laga denne rapporten:

Rapporten bygger på ei nasjonal undersøking frå 2018 og er laga på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD).

Spurde nesten 8000 pasientar

Undersøkinga vart gjennomført blant 7912 vaksne pasientar i 2021 og 2022.

Rapporten viser resultat for både enkeltspørsmål og fire indikatorar om erfaringane til pasienten med: fastlegen, organisering og andre tilsette på fastlegekontoret, tilgjengelighet og fastlegens koordinering og samhandling med andre helsetenester og -tilbod. Det er òg ein femte indikator som handlar om pasientens opplevde utbytte når det gjeld mestring. Svara til pasientane er rangerte på ein skala frå 0 til 100 poeng.

– Styrken i undersøkinga er at vi har data av god kvalitet ved at vi har nytta eit validert spørreskjema, at vi har eit utval på nesten 8000 vaksne pasientar som vart trekt tilfeldig frå befolkninga og at det er nytta frafallsvekting, seier forskar og prosjektleiar Rebecka Norman i Folkehelseinstituttet.

Skårer best på dette

På same måte som med undersøkinga i 2018 gir pasientane best skårar på desse indikatorane, alle over 75 poeng:

  • fastlegen
  • organisering og andre tilsette
  • koordinering og samhandling

– På enkeltspørsmål ser vi at pasientane er særleg fornøgde med evna fastlegen har til å gjera seg forstått, ta pasienten på alvor, og at vedkommande er fagleg dyktig og viser vidare ved behov, seier Rebecka Norman.

Ved samanlikning av skårar med undersøkinga i 2018, er det få signifikante forskjellar på nasjonalt nivå, men det er ei positiv utvikling på bidraget som fastlegane har til pasientanes mestring, koordinering av helsetenestetilbodet, ventetid på venterommet, og moglegheita for å ha fortrulege samtalar på legekontoret. Det er òg ei positiv utvikling på opplevinga til pasienten av at legekontoret er godt organisert.

Framleis nokre utfordringar

Som i 2018 meiner mange pasientar at ventetida er for lang: Fastlegekontora får dårlegast skår på indikatoren Tilgjengelighet (63 poeng). Tilgjengelighet handlar om i kva grad pasientane opplever ventetida til vanleg og akutt time som akseptabel.

–  Pasientane meiner at fastlegetenesta kan bli betre på dette området, seier Norman.

Ventetida til å få tima raskt var signifikant dårlegare i 2021 samanlikna med 2018:

36 prosent av pasientane oppgav at dei måtte venta to dagar eller meir. Til samanlikning var denne delen 32 prosent i 2018.

Når behovet ikkje er akutt oppgav 41 prosent av pasientane at dei vanlegvis måtte venta meir enn éi veke for å få time. I 2018 var denne andelen 36 prosent.

På indikatoren Mestring handlar tre spørsmål om i kva grad kontakten med fastlegen bidrar til å meistra helseproblem. Indikatoren har signifikant betre skår i 2021 enn i 2018, men skåren på 68 poeng indikerer likevel eit betringspotensial.

Andre svar med låg skår, og med det betringsområde, er informasjon om bruk og biverknader av medisinar, og at pasientar får skrive ut medisinlister ved endringar i medisinering.

Andelen pasientar som svarer at dei «Ikkje i det heile» eller «I lita grad» får informasjon om bruk og biverknader av medisinar er på 14 prosent. Andelen pasienten som svarer «Nei, aldri» eller «Nei, sjeldan» blant dei som får skrive ut medisinlister ved endringar i medisinering, er på 58 prosent.  Det er inga signifikant endring mellom dei to undersøkingsåra.

Fritekstene samsvarer med tala

Fritekstkommentarene samsvarer i stor grad med talresultata. Tekstskildringane indikerer at mange er fornøgde med tilbodet slik det er i dag, og at den kontinuiteten som fastlegen representerer er viktig. Likevel signaliserer majoriteten òg at dei ønsker betringar.

Dei kvalitative kommentarane bekreftar at ventetid på akutte og ikkje-akutte timar er klare betringsområde. Pasientar skriv at mange ulike vikarar for eigen fastlege opplevast som særleg utfordrande.

Ein del pasientar opplever at dei ikkje får nok tid under konsultasjonen og at fastlegen kan verka stressa. Nokon kommenterer òg at det verkar som legen har eit stort arbeidspress.

Geografiske variasjonar

Det er variasjon i erfaringar mellom delar av landet, både på landsdels- og fylkesnivå.

Landsdelsnivå:

  • Nord-Noreg har signifikant lågare skårar på alle indikatorar samanlikna med ein gjennomsnittsskår.
  • Austlandet har signifikant lågare skårar på tre av indikatorane samanlikna med gjennomsnittet.
  • Sørlandet har signifikant høgare skårar på alle indikatorar samanlikna med gjennomsnittet.

Fylkesnivå:

Same mønster blir sett på fylkesnivå:

  • Oslo og Nordland har ein signifikant lågare skår enn gjennomsnittet på éin indikator kvar.
  • Agder har signifikant høgare skårar på fire av indikatorane samanlikna med gjennomsnittsskåren.

Kommunenivå:

På kommunenivå var det små forskjellar samanlikna med snittet over alle kommunar, men:

  • Pasientar i Bærum og Trondheim har signifikant høgare skårar enn gjennomsnittet for alle kommunane i landet på indikatorane Fastlegen og Tilgjengelighet.

Aktuell informasjon

Tilsvarande undersøking i 2018:

Metoden som er brukt i undersøkinga: