Få varsel ved oppdateringer av «Ønsker innspel frå brukarar av informasjonsverktøy»
Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:
- Ønsker innspel frå brukarar av informasjonsverktøy
Nyhet
Ønsker innspel frå brukarar av informasjonsverktøy
Folkehelseinstituttet gjennomfører ei undersøking blant brukarar av folkehelseprofilane, oppvekstprofilane og statistikkbankane Kommunehelsa og Norgeshelsa – for å fanga opp behov for betringar og få kunnskap om korleis verktøya blir brukte.
Folkehelseinstituttet gjennomfører ei undersøking blant brukarar av folkehelseprofilane, oppvekstprofilane og statistikkbankane Kommunehelsa og Norgeshelsa – for å fanga opp behov for betringar og få kunnskap om korleis verktøya blir brukte.
Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden
Dette er femte gong Folkehelseinstituttet (FHI) gjennomfører ei slik brukarundersøking om desse informasjonsverktøya. Tidlegare undersøkingar førte til fleire nye indikatorar i statistikkbankane og endringar i korleis innhaldet vert presentert.
– No håper vi på fleire innspel som kan bidra til ytterlegare betringar, seier seniorrådgivar Heidi Lyshol i FHI sin avdeling for helse og ulikskap.
Alle brukarane er inviterte
Alle som bruker desse informasjonsverktøya er inviterte til å seia meininga si om dei fire informasjonsverktøya. Dei inviterte tilhøyrer både offentleg og privat sektor: dei arbeider i helse- og sosialtenestene, oppvekst- eller undervisningssektoren og media – andre er folkehelsekoordinatorar, studentar, skuleelevar, forskarar eller politikarar. Også privatpersonar er inviterte til å delta.
Dei som er i målgruppa for undersøkinga blir mellom anna spurde om i kva grad dei bruker dei ulike informasjonsverktøya, kor fornøgde dei er med dei og om dei har forslag til betringar.
Dette er dei fire verktøya
Alle inviterte er brukarar av eitt eller fleire av desse informasjonsverktøya:
Folkehelseprofilane
Frå denne nettsida kan ein lasta ned folkehelseprofilen for bydelen sin, kommunen eller fylket. Profilen er ein statusrapport i PDF-format som saman med annan informasjon kan ligga til grunn for arbeidet med å betre den lokale folkehelsa.
Oppvekstprofilane
Frå denne nettsida kan ein lasta ned oppvekstprofilen for bydelen eller kommunen sin. Profilen er ein statusrapport i PDF-format som saman med annan informasjon kan ligga til grunn for arbeidet med å betre oppvekstvilkåra til barn og unge.
Kommunehelsa
Kommunal statistikk: Denne nettbaserte statistikkbanken inneheld statistikk om helse, sjukdom, risikofaktorar og befolkning i norske kommunar og for bydelar i Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim. Her kan ein laga tabellar og ulike typar diagram som kan brukast som grunnlag for det lokale folkehelsearbeidet.
Norgeshelsa
Fylkesvis statistikk: Denne nettbaserte statistikkbanken inneheld statistikk om helse, sjukdom, risikofaktorar og befolkning i norske fylke. Her kan ein laga tabellar og ulike typar diagram som kan brukast som grunnlag for det lokale folkehelsearbeidet.
I begge statistikkbankane kan ein enkelt følgje utviklinga over tid, mens profilane gir et augneblinksbilde av stoda.