Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Helseskadelege effektar av e-sigarettar»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Helseskadelege effektar av e-sigarettar

Nyhet

Helseskadelege effektar av e-sigarettar

E-sigarettar med nikotin kan gi fleire helseskadelege effektar for brukaren. Det viser ein ny rapport frå FHI.

Illustrasjonsbilde: Colourbox.com
Illustrasjonsbilde: Colourbox.com

E-sigarettar med nikotin kan gi fleire helseskadelege effektar for brukaren. Det viser ein ny rapport frå FHI.


Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden

Folkehelseinstituttet (FHI) har på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) vurdert om bruk av e-sigarettar med nikotin kan gi helseskadelege effektar. Rapporten bygger på resultat frå systematiske kunnskapsoversikter og ei toksikologisk vurdering av innhaldsstoff i e-sigarettdampen. 

Rapporten er avgrensa mot forbruksmønster, overgangar og ulik helserisiko mellom ulike tobakks- og nikotinprodukt.

Rapporten er ei oppdatering av instituttet si tidlegare kunnskapsoppsummering frå 2015. Les den nye rapporten her:

Kan gi auka risiko for skadelege helseeffektar

Basert på noverande kunnskap er den samla vurderinga frå FHI at bruk av e-sigarettar med nikotin kan gi skadelege helseeffektar på mellom anna luftvegar og hjarte- og karsystem. 
I likskap med andre nikotinhaldige produkt, vil også bruk av e-sigarettar under svangerskapet utgjere ein risiko for mor og barn. Tilsvarande kan nikotin påverke utvikling av hjernen, som ikkje er ferdigutvikla før i midten av 20-åra. 

I tillegg har det vore rapportert tilfelle av forgiftingar etter inntak av e-sigarettvæske, samt skader forårsaka av eksplosjon eller at eininga/batteriet har blitt overoppheta.
Dei fleste studiane utført med menneske, har berre sett på effektar av kortvarig bruk. For å presist kunne anslå den auka risikoen, treng ein langtidsstudiar utført på menneske, men slike studiar finst ikkje.

– Likevel er kunnskapsgrunnlaget tilstrekkeleg til å konkludere med at bruk av e-sigarettar kan gi helseskadar, seier seniorforskar Rune Becher ved FHI.

Har vore på marknaden sidan 2005

E-sigarettar blei introdusert på den amerikanske marknaden i perioden 2005-2010 utan at det var gjort tilstrekkelege studiar for å avklare helseskadelege potensial ved produktet.

– E-sigarettar utgjer ei samansett produktgruppe med stor variasjon i produkttypar og innhald i e-sigarettvæska. Det gjer at det også vil vere stor variasjon i kva den enkelte brukar blir eksponert for. E-sigarettar bør ikkje sjåast på som eit ufarleg nikotinprodukt, seier Becher.

I Noreg er det lov å selje e-sigarettar med nikotinfri e-væske. Det har foreløpig vore ulovleg å selje e-væske med nikotin, men privatpersonar kan på visse vilkår importere ei avgrensa mengd til eige bruk. Det er vedtatt nye reglar som vil tillate sal av e-væske med nikotin i Noreg, basert på tobakksdirektivet til EU. Den nye reguleringa er forventa å tre i kraft i løpet av det nærmaste året.

Sjå også: