Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Flyktningstraum frå Ukraina vil krevje større kapasitet i helsetenestene»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Flyktningstraum frå Ukraina vil krevje større kapasitet i helsetenestene

Nyhet

Flyktningstraum frå Ukraina vil krevje større kapasitet i helsetenestene

Ein betydeleg flyktningstraum frå Ukraina vil krevje større kapasitet i helsetenestene. Det viser ein ny rapport frå FHI.

Ein betydeleg flyktningstraum frå Ukraina vil krevje større kapasitet i helsetenestene. Det viser ein ny rapport frå FHI.


Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden

I rapporten Scenario for helsetenestebehov for flyktningar frå Ukraina har FHI utarbeidd ulike scenario for bruk av helsetenester for flyktningar frå Ukraina i Noreg framover. Scenarioa er bygd på antal på registrerte asylsøkarar fram til 10. mai som anslag på demografisk samansetning, og kombinert med UDI sine scenario for antal på flyktningar framover, og dessutan det vi veit om helsetenestebruk blant norskfødde i Noreg etter alder og kjønn.

Stor auke for allmennlegetjenester

– Scenarioa viser at ein betydeleg flyktningstrum vil krevje at vi tenker på kapasiteten i helsetenestene. Fleire personar i landet med moglege helsetenestebehov vil gi ein auke i helsetenestebruk i kommunar som tar imot flyktningar.  Auken er særleg stor for allmennlegetenester, seier avdelingsdirektør Hege Marie Gjefsen i FHI.

For allmennlegetenesta gir ein føresetnad om lik helsetenestebruk som norskfødde med same kjønn og alder, og midtscenariet frå UDI med 40.000–50.000 flyktningar totalt, ein auke i allmennlegetenester i oktober 2022 tilsvarande 40 allmennlegar.

Store forskjellar mellom kommunane

– Sjølv konservative estimat for antal flyktningar og den forventa helsetenestebruka deira gir markant auke i behovet for helsetenester. Dette vil vere spesielt merkbart i område der helsetenestene allereie er nær kapasitetsgrensene. Scenarioa viser større auke i allmennlegebruk enn auke i liggedøgn på sjukehus, seier Hege Marie Gjefsen i FHI.

FHI har i rapporten beskrive situasjonen for Noreg som heilskap. Likevel er det store forskjellar mellom kommunar i kor mange flyktningar dei skal busetja og ha i akuttinnkvartering. Det er grunn til å anta at kommunar som tar imot mange flyktningar relativt til innbyggartalet sitt, vil oppleva betydeleg større belastning for helsetenestene enn kommunar som tar imot færre. Kommunar med mindre allmennlegekapasitet i utgangspunktet vil òg oppleva større belastning. Det er grunn til å tru at belastninga på helsetenesta knytt til akuttinnkvartering kan vera større enn ved busetjing.