Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Erfaringar frå ni kommunar etter covid-19-handtering»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Erfaringar frå ni kommunar etter covid-19-handtering

Nyhet

Erfaringar frå ni kommunar etter covid-19-handtering

Det er viktig med tidleg informasjon ved endringar av nasjonale tiltak, og grunngjevinga for tiltaka må vera god. Det er nokre av funna frå samtaler med ni kommunar i ein ny rapport frå Folkehelseinstituttet. Rapporten er ein av fleire utgreiingar der ein ser på pandemihandteringa etter to år med covid-19.

Det er viktig med tidleg informasjon ved endringar av nasjonale tiltak, og grunngjevinga for tiltaka må vera god. Det er nokre av funna frå samtaler med ni kommunar i ein ny rapport frå Folkehelseinstituttet. Rapporten er ein av fleire utgreiingar der ein ser på pandemihandteringa etter to år med covid-19.


Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden

I ei kartlegging av erfaringar har ni utvalde kommunar, med tilhøyrande statsforvaltarar, blitt stilt ulike spørsmål i fokusgrupper. Spørsmåla har vore knytt til deira erfaringar om kva som har fungert bra, og kva som kunne ha blitt gjort betre. I denne gjennomgangen har ein hatt fokus på TISK (testing, isolering, smittesporing og karantene), kontaktreduserande tiltak og tiltak knytt til skular. Studieperioden har vore frå veke 33 i 2021 til 6 i 2022. 

Ein av fleire rapportar 

–  Etter to år med covid-19 pandemi, og med ulike meir og mindre inngripande tiltak, trenger det seg fram eit behov for å sjå på handteringa av pandemien med eit kritisk blikk. Dette blir gjort på ulike nivå og med ulikt fokus på FHI, og mange statsforvaltarar og kommunar vil óg oppsummera og evaluere korona-pandemien. Denne rapporten er eit av mange ledd i dette, seier fagdirektør Frode Forland.  

Viktig å hauste erfaringar 

I rapporten har FHI invitert  ni utvalde kommunar og statsforvaltarar for å kartlegge deira erfaringar med covid-19 pandemien frå skulestart hausten 2021 (veke 33) til februar 2022 (veke 6). Rapporten har vore avgrensa til denne perioden, med fokus på dei tre tiltaka: TISK, kontreduserande tiltak og tiltak knytt til skular. Målet med rapporten har vore å hausta erfaringar for så å kunna trekka lærdom av handteringa av covid-19, og slik møta behov for handtering på ein betre måte ved seinare utbrot. 

Arbeidet, som er koordinert av  Folkehelseinstituttet (FHI) med støtte frå Helsedirektoratet, er den andre i rekka i erfaringsgjenomgangar om handsaming av covid-19 der FHI har invitert utvalde kommunar til en felles diskusjon etter metoden “After Action Review”. Den fyrste, Erfaringsgjennomgang etter utvalgte utbrudd av covid-19 i Norge, desember 2020 – mars 2021  vart publisert i 2021. Dei involverte kommunane og statsforvaltarane har fått lesa gjennom, og kome med kommentarar, i forkant av publisering av rapporten. 

Kommunane har vore avgjerande 

Kommunane har hatt ei avgjerande rolle i handteringa av pandemien. Kommunelegen har ei viktig og sentral rolle i rapportering, samhandling og rådgjeving, medan statsforvaltar har hatt ei sentral rolle i samhandling.   

Viktig med god informasjon  

  Innspela frå kommunane viser at det er viktig med god informasjon når det er endring av nasjonale tiltak. Kommunane ville sett pris på å vera orientert om endringar i forkant av pressekonferansar då dei treng noko tid for å førebu og innføra omfattande tiltak, som til dømes test for karantene for skulebarn. God informasjon kan forebygga uro, seier fagdirektør Frode Forland.  

Lokale sett opp mot nasjonale tiltak 

Rapporten viser óg at lokale tiltak  i mange tilfelle kan passa betre til den lokale situasjonen enn nasjonale tiltak, sidan utbrot kan variera i omfang og tid ulike stader i landet. På den andre sida er det omfattande og arbeidskrevjande å utvikla lokale tiltakspakkar. Det krev også erfaring.  

Hyppige endringar sett opp mot oppsamling av tiltak 

  Det kom ulike tilbakemeldingar om kva som var best av hyppige endringar for å avlaste tiltaksbør, eller å samle opp endringar for å lettare kommunisera desse ut. Det kan vera meir krevjande å avvikla tiltak enn å innføra dei. Avvikling av enkelttiltak kan også føra til press på andre tenester som lokal test- og smittesporingskapasitet, seier Forland.  

Viktig med støtte frå FHI 

Innspela viser også til at råd og tiltak bør vera tydelege og logiske for at dei skal bli respekterte, og rettleiing i form av kommunelegehandboka, Sykdomspulsen og webinar, samt skriftleg og individuelle råd, er avgjerande og viktige. Når FHI har støtta kommunelegar og kommunar med fagleg fundament, vert kommunane trygga i si rolle. 

Negative konsekvensar 

Det kan vera utfordrande for kommunane å balansera smittevern og frykt for smitte opp mot negative konsekvensar av tiltak. Tydeleg kommunikasjon kan førebygga dette. Rapporten viser også at tiltak kan ha ført til negative konsekvensar for ulike grupper i form av auka pågang til ulike helsetenester, utanforskap sosialt, psykisk og økonomisk.  

Læringspunkt 

Utifrå gruppesamtalane med utvalde kommunar og statsforvaltarar vil me trekka fram følgande læringspunkt knytt til smitteverntiltaka:  

  • Ved endringar av tiltak bør informasjon frå sentralt hald vera tydeleg og oppdatert. 
  • Grunngjeving for tiltaka må vera god og tydeleg kommunisert ut til innbyggarane. Anbefalingar og råd bør vera logiske for at innbyggarar skal respektera dei. 
  • Det har vore hyppige endringar av tiltak på nasjonalt plan. Ein må gjera grundige vurderingar om kor hyppig ein vil innføra endringar, for slik å balansera tydeleg kommunikasjon opp mot lågast mogleg tiltaksbør. 
  • Tydlegare kommunikasjon knytt til strategi og tiltak gjer kommunane betre budde på endringar. I tillegg kan dette både førebygga kaos og skape lojalitet gjennom tydeleg kommunikasjon.  
  • Når det blir innført omfattande nasjonale tiltak, som test for karantene ved skulestart (august 2021), bør dette kommuniserast til kommunane i god tid før innføring, og ikkje i ferie. Det er ein fordel for kommunane å få informasjon om endring av tiltak i forkant av pressekonferansar, slik at dei får førebu seg på desse endringane. 
  • Det skal svært tungtvegande grunnar til for å stenge skular, og nytte må vegast nøye opp mot konsekvensane for born, unge og samfunnet på lengre sikt. 
  • Råd rundt bruk av tiltak og trafikklysmodellen bør vera eintydige og klare frå nasjonalt hald. 
  • Tiltak som har stor tiltaksbør bør ikkje vara lenger enn naudsynt for å unngå uønskte effektar som psykiske plager, einsemd, utanforskap og personlege økonomiske tap. 
  • Det bør vera eit nasjonalt ansvar å utvikla kunnskapsgrunnlag for ulike enkelttiltak, inkludert både kunnskap om smitteverneffekt av tiltaka og tiltaksbøra. 
  • Det kan vere behov for å utvikle eit digitalt nasjonalt smittesporingsverktøy. Dette kan også vera nyttig til anna type utbrotshandtering.   
  • FHI og Helsedirektoratet bør vera samstemte i si rådgjeving til kommunane.