Drikkevatnet i Noreg er trygt, men den gode kvaliteten kan bli utfordra
Nyhet
|Publisert
90 prosent av befolkninga i Noreg har overflatevatn som drikkevasskjelde. Overflatevatn er spesielt sårbart for endringar i temperatur, kraftig nedbør og flaum.
Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsidenDen gode kvaliteten på drikkevatnet i Noreg har historisk sett bidratt sterkt til betring av folkehelsa. Mange tenker lite på kvar drikkevatnet kjem frå og kor viktig kvaliteten på drikkevatnet er for helsa.
I Noreg er vi heldige og har god kvalitet på drikkevatn. Men vi er sårbare for endringar i klimaet. I Noreg får 90 prosent av befolkninga drikkevatnet sitt frå elver og innsjøar. Dei resterande 10 prosentane får drikkevatn frå grunnvatn. Under 1500 personar får drikkevatnet sitt frå saltvatn.
– Det er god kvalitet på norske drikkevasskjelder. Men dei fleste av dei er sårbare for endringar i klimaet. Endringar i temperatur, nedbør og flaum kan gi forureina vatn, som igjen kan gi mage-tarm-sjukdom og i verste fall sjukdomsutbrot. Konsekvensane kan vere store fordi det rammar mange fort, seier seksjonsleiar Susanne Hyllestad ved Folkehelseinstituttet.
Sårbart
Noreg skil seg frå dei andre nordiske landa ved at vi har høgare førekomst av overflatevatn som drikkevasskjelde, det vil seie ope vatn som innsjøar. I Danmark er det grunnvatn som er kjelda, medan det er ei blanding av kjeldene i Finland og Sverige.
– Vi har vi ein robust behandling av vatn i Noreg, som blir rekna å vere tilstrekkeleg, men svært store endringar i kvaliteten på råvatnet kan gi ein aukande risiko for at behandlinga ikkje handterer det. Vi har òg eit distribusjonssystem som er meir sårbart for forureining enn nabolanda våre, mellom anna fordi vi har gamle vassleidningar, seier Hyllestad.
Symptom
Dei fleste sjukdommar knytt til forureina drikkevatn gir mild sjukdom, og det er vanskeleg å seie kor mange som blir sjuke som følgje av forureina drikkevatn.
– Mange bakteriar gir milde symptom. Nokon går ikkje til legen, og legen tenker ikkje på at dette kjem frå drikkevatn, seier ho.
Dei siste 20 åra har det vore registrert 78 utbrot med totalt 17 000 sjukdomstilfelle knytt til drikkevatn. På Askøy i 2019 hadde vi det største utbrotet frå drikkevatn i Noreg i seinare tid. Då vart om lag 2000 personar sjuke av bakterien Campylobacter etter at eit høgdebasseng vart forureina på grunn av ekstrem nedbør.
Kva kan vi gjere?
Det er sett i verk mange kontrolltiltak for å sikre ei trygg vassforsyning i Noreg. Vassforsyninga er regulert, og Mattilsynet er forvaltningsmyndigheit. FHI bidreg med kunnskap om framtidige helsetruslar og rådgjeving.
For den enkelte innbyggjaren som er knytt til vatn frå eit vassverk, så kan ein stole på at drikkevatnet er trygt å drikke, men det blir alltid tilrådd å vere merksam på endringar i vasskvaliteten og ta kontakt med kommunane eller vassverket om det skulle vere avvik.
For eigarar av private brønnar og små vassforsyningssystem, er det tilrådd å følgje opp drikkevasskjelda si med førebyggande tiltak, og søke råd ved behov. Du kan til dømes finne råda her: Drikkevatn i spreidd busetnad og på hytta (brosjyre frå FHI)
- Les meir om kva drikkevatnet betyr for folkehelsa i kapittelet om drikkevatn i Folkehelserapporten.