Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Betydeleg nedgang i nemndabortar dei siste ti åra»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Betydeleg nedgang i nemndabortar dei siste ti åra

Nyhet

Betydeleg nedgang i nemndabortar dei siste ti åra

Sidan 2012 har det vore nesten 22 prosent nedgang i talet på nemndabortar, og nesten 60 prosent nedgang i abortar som vart innvilga grunna kvinna sin livssituasjon. Det viser dei nye 2021-tala frå Abortregisteret.

abortregisteret-skjema-mindre.jpg

Sidan 2012 har det vore nesten 22 prosent nedgang i talet på nemndabortar, og nesten 60 prosent nedgang i abortar som vart innvilga grunna kvinna sin livssituasjon. Det viser dei nye 2021-tala frå Abortregisteret.


Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden

Dette er den faktiske nedgangen i nemndabortar og abortar som vart innvilga på grunn av livssituasjonen, ifølgje dei nye 2021-tala frå Abortregisteret i Folkehelseinstituttet:

Nedgangen i utførte nemndabortar:

  • 2012: 640
  • 2021: 500 (-21,9 prosent)

Nedgang i nemndabortar grunna kvinna sin livssituasjon:

  • 2012: 276
  • 2021: 112 (-59,4 prosent)

Aborttala gjekk ytterlegare ned frå 2020 til 2021 og er no 9,0 per 1000 kvinner.

Alle dei nye tala er publiserte her:

Nedgang i både sjølvbestemte og nemndbehandla abortar

Frå 2020 til 2021 var det ein nedgang i både sjølvbestemte og nemndbehandla svangerskapsavbrot. Aborttala har aldri vore lågare enn i 2021, ifølgje Abortregisteret:

  • 2021: 10.841 registrerte svangerskapsavbrot
  • 2012: 15.229 registrerte svangerskapsavbrot

Dette er ein nedgang 29,8 prosent.

Ettersom befolkninga har auka i denne perioden, må ein sjå på abortraten – tal per 1000 innbyggarar i alderen 15–49 år – for å finne den reelle utviklinga. Dei tre siste åra har raten for første gong i historia  vore under ti per 1000 kvinner, nærare bestemt 9,0 for dei som tok abort i alderen 15–49 år i 2021.

– Hovudsakleg skuldast nedgangen i talet på svangerskapsavbrot sidan 2008 at færre aborterer i aldersgruppa under 25 år, men det har vore ein fallande tendens i alle aldersgrupper. I år ser vi for fyrste gong ein liten oppgang i aldersgruppa 15-19 år frå 4,4 til 4,6 per 1000 kvinner, seier overlege Mette Løkeland-Stai i Abortregisteret, Folkehelseinstituttet.

Nedgang i talet på nemndbehandla svangerskapsavbrot

Svangerskapsavbrot etter tolvte veke må behandlast av ei nemnd. Dei sakene som får avslag i primærnemnda, vert automatisk sende vidare til ei klagenemnd.

I 2021 vart det i alt utført 500 nemndbehandla avbrot. Dette er det lågaste talet sidan 2003. Av dei nemndbehandla abortane vart nesten alle (491) innvilga i primærnemnd.

Det er ein nedgang på 59,4 prosent dei siste ti åra i talet på abortar grunna kvinna sin livssituasjon. Det er dei som er innvilga etter §2 tredje ledd bokstav b. I 2012 var det utført 276 avbrot på den indikasjonen mot 112 i 2021.

– Dei fleste nemndbehandla avbrota vart innvilga på grunnlag av risiko for fosterskader og dei tala held seg stabile, seier Løkeland-Stai.

– Betre prevensjonsvanar

Overlegen seier at ein av hovudårsakene til den store nedgangen dei seinaste åra truleg er at dei unge har vorte flinkare til å nytte prevensjon og tar med seg prevensjonsvanane sine inn i vaksenlivet. Nedgangen av seinabortar heng truleg saman med den generelle nedgangen i abortar og at fleirtalet av abortane stadig vert utført tidlegare i svangerskapet.

– Studiar viser at bruk av langtidsverkande prevensjon, som til dømes p-stav og spiral, er den type prevensjon som i størst grad førebygger uynskte svangerskap, seier Løkeland-Stai.Åtte av ti abortar vert utført før 9. veke, og ni av ti abortar vert utført medikamentelt.

Ein ser det same fallet i aborttala blant dei yngre og at ein aukande andel abortar vert utført før 9. veke i mange land.

Framleis regionale skilnader

Ein ser framleis regionale skilnader, men dei er mindre enn tidlegare.

Høgast abortrate

I 2021 hadde desse fylka dei høgaste abortratane, målte i antal abortar per 1000 kvinner i alderen 15–49 år:

  • Troms og Finnmark: 11,5
  • Oslo:                         10,2
  • Innlandet:                    9,3

Lågast abortrate

Desse fylka hadde dei lågaste abortratane:

  • Rogaland:                     7,1
  • Møre og Romsdal:        7,3
  • Trøndelag:                     7,6


–  Kva skuldast desse forskjellane?

– Dette er skilnader ein har sett i alle år. Dei nordlegaste fylka og Oslo har generelt sett lege høgast på abortstatistikken. Det interessante er at Trøndelag har kome inn på lista over dei med lågaste aborttal. Den lista har vanlegvis vore dominert av Agder og fylka på Vestlandet. Vi har ikkje noko sikkert svar på kva årsaka er til dette, svarer Mette Løkeland-Stai.