Barn blir påverka av miljøgifter allereie i magen til mor
Nyhet
|Publisert
UNICEF-rapport trekker fram FHI-forsking om miljøgifter hos gravide og hjerneutviklinga til barn.
Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsidenEin ny rapport frå FN sitt barnefond UNICEF undersøker miljøfaktorar som er viktige for god helse og livskvalitet hos barn i 39 høginntektsland, inkludert Noreg.
Rapporten «Places and spaces. Environments and children's well-being» samanliknar og rangerer den miljømessige helsa til barn og livskvalitet basert på om landa varetar eit godt og sunt oppvekstmiljø når det mellom anna gjeld:
- klimaendringar
- tilgang på grøntareal
- bomiljø
- trafikktryggleik
- støy-, lys-, luft- og kjemikalieforureining
Rapporten ser òg på berekraft og korleis forbruket og utsleppet i eit land påverkar helsa og livskvaliteten til barn i andre land.
Noreg kom her på 14. plass av dei 39 vurderte høginntektslanda.
Miljøgifter under svangerskap kan påverke hjerneutvikling
I rapporten inngår forskingsfunn frå FHI-prosjektet NeuroTox. Denne omfattande studien har undersøkt samanhengen mellom helseskadelege miljøkjemikaliar hos norske kvinner under graviditeten og barnas kognitive funksjonar og psykiske helse.
NeuroTox viser at ei rekke av miljøgiftene som gravide dagleg blir utsette for – via mat, vatn, luft og forbrukarprodukt – kan ha uheldig verknad på hjerneutviklinga til barn og auka risikoen for reduserte kognitive evner, mellom anna arbeidsminne, og forekomsten av ADHD og autisme.
– At UNICEF er opptatt av forskinga og funna våre, viser at miljøgifter i svangerskapet er relevant for helsa til barn verda rundt, og at det er stort behov for denne forskinga, seier FHI-forskar Gro Dehli Villanger, som er forfattar av NeuroTox-bidraget i rapporten.
– Eit sunt miljø er ein grunnleggande rett for alle barn
– Rapporten viser tydeleg at miljøgifter er eit problem i heile verda – og Noreg er ikkje eit unntak. Difor er denne rapporten viktig, og det er flott at den norske forskinga har fått ein viktig plass, seier fagsjef for global helse i UNICEF Noreg, Kyrre Lind, og legg til:
– Eit sunt miljø er ein grunnleggande rett for alle barn. Det er difor svært viktig å vite korleis giftstoff som endar opp i barn, påverkar helsa og livet deira.
Camilla Viken, generalsekretær i UNICEF Noreg, er tydeleg på at Noreg ikkje kan kvile på laurbæra, sjølv om vi rangerer høgt på mange av indikatorane.
– Sjølv om Noreg scorar betre enn mange land på miljøtilstanden her heime, veit vi at barn blir påverka av forureining, naturtap og klimaendringar òg i Noreg, påpeiker Viken.
NeuroTox-prosjektet
NeuroTox-studien vart leia av forskarar ved Folkehelseinstituttet og University of North Carolina. Han inkluderte 3500 gravide kvinner og barna deira frå den norske mor, far og barn-undersøkinga (MoBa) og omfatta målingar av:
- tungmetall (mellom anna kvikksølv, arsen og bly),
- menneskeskapte fluorkjemikaliar (PFAS-er, m.a. PFOS og PFOA),
- ftalater («plastmykgjørare»)
- fosfatbaserte sprøytemiddel og flammehemmarar
Sidan 1950-talet har meir enn 140 000 kjemikaliar dukka opp på marknaden. Sjølv om dette er viktig i eit folkehelseperspektiv, er det forska lite på effektane av desse stoffa, som blir overførte frå mor til barn i fosterstadiet og gjennom morsmjølka til nyfødde. Ein har grunn til å gå ut frå at mange av kjemikaliane er skadelege for hjerneutviklinga hos foster og nyfødde, sjølv ved svært låge nivå.
Sosial ulikskap kan forsterke effektane på helsa til barn
Ein tidlegare UNICEF-rapport, «The Toxic Truth» om tungmetallet bly, viste at ein av tre barn i verda hadde for høgt blynivå i blodet. Barn frå låginntektsland er hardast ramma, men nivåa i høginntektsland som Noreg er ikkje ubetydelege.
Den nye UNICEF-rapporten reknar med at rundt 1,8 prosent av norske barn har forhøgde blynivå (over 5 mikrogram bly per desiliter blod), noko ein veit kan skada IQ og kognitiv utvikling.
Bly er skadeleg for utvikling av hjerne og nervesystem ved svært låge nivå, og så lågt som 1,2 mikrogram bly per desiliter blod kan påverka barnas IQ. Resultat frå NeuroTox-studien viste òg at låge blynivå hos gravide kan auke risikoen for autisme.
UNICEF-rapporten viser at rundt 2,9 prosent av norske barn bur i område med høg sprøytemiddel-forureining. Dette inkluderte fosfatbaserte sprøytemiddel, som vart undersøkte i gravide i NeuroTox-studien. Fleire av desse stoffa var forbunde med reduserte kognitive funksjonar og ADHD hos barna.
– Rapporten viser at gravide og barn i Noreg er utsett for tilsvarande miljøgiftnivå som i andre høginntektsland, men vi veit lite om korleis det er i lav- og mellominntektslanda. Ein veit heller korleis sosial ulikskap kan påverka nivå og helseeffektar i barn, seier Adriano Winterton, postdoktor ved FHI og medforfattar av NeuroTox-bidraget i UNICEF-rapporten.
Dette skal FHI, i samarbeid med Centre for Global Health Inequalities Research (CHAIN) ved NTNU, forske vidare på.