I spesialisthelsetenesta blir fem prosent av barn og unge diagnostisert med psykiske lidingar
Nyhet
|Publisert
Tala er frå 2020 og gjeld barn og unge i aldersgruppa 0 til 24 år. Angstlidingar og depressive lidingar er dei mest utbreidde diagnosane.
Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsidenBlant jenter har delen som blir behandla stige jamt dei siste ti åra og aukinga gjeld hovudsakleg jenter i aldersgruppa 12–24 år.
Dette kjem fram i data frå Norsk pasientregister som er inkludert i Folkehelserapporten sitt kapittel om psykiske plager og lidingar hos barn og unge.
Totalt har delen jenter som blir behandla for psykiske lidingar i spesialisthelsetenesta auka frå 3,9 prosent i 2010 til 5,4 prosent i 2020. Delen jenter som blir diagnostiserte aukar med alder, og er høgast for jenter i alderen 16–24 år. Det kan sjå ut som at aukinga har flata noko ut dei siste åra.
– Vi veit ikkje sikkert kva som er årsaka til aukinga. Det kan vere at terskelen for å søke hjelp for psykiske vanskar har vore lågare over tid, til dømes fordi det er meir openheit rundt slike vanskar eller fordi tenestene opplevast som meir tilgjengelege. Det er òg mogleg at fleire har psykiske lidingar, men dette veit vi ikkje. I tillegg kan det vere strukturelle forhold i helsetenestene eller klinisk praksis som gjer at fleire unge jenter blir greidd ut for psykiske lidingar, seier seniorforskar Lasse Bang ved Folkehelseinstituttet.
– Delen gutar som blir registrert med psykiske lidingar har vore meir stabil på 4–5 prosent, og blant dei yngste (0–11 år) er det fleire gutar enn jenter. Gutar utviklar oftare lidingar som debuterer tidleg i livet, som til dømes ADHD, autismespekterforstyrringar og åtferdsforstyrringar, seier Bang.
Delen barn og unge i befolkninga (i prosent) som var registrert med diagnosekode for psykiske lidingar i spesialisthelsetenesta i perioden 2010–2020, etter kjønn- og alderskategori. Datagrunnlag: Norsk pasientregister.
Auka bruk av lækjemiddel
Bruken av lækjemiddel mot psykiske lidingar har òg auka sidan 2010. I perioden 2010–2020 har bruk av lækjemiddel mot depresjon blant dei eldste jentene og gutane auka jamt. Auken har vore størst blant jentene. Om lag dobbelt så mange jenter som gutar bruker antidepressiv medisin.
– Dette gjeld særleg unge kvinner i alderen 20–24 år. Dette kjem i stor grad av auken i delen jenter som blir diagnostisert med psykiske lidingar, seier Bang.
Angst mest utbreidd
Angstlidingar er den mest utbreidde diagnosegruppa når det gjeld psykiske lidingar blant barn og unge. Desse lidingane finn vi på alle alderstrinn, men dei er mest utbreidd blant ungdommar.
Det har vore ein jamn og betydeleg auke mellom 2011 og 2020 i delen jenter mellom 16 og 24 år med angstlidingar. Hos jenter mellom 16 og 19 år har delen auka med 1,4 prosent i 2010 til 2,9 prosent i 2020.
– Kvifor akkurat angstlidingar aukar slik, veit vi ikkje. Dels kan det skyldast endringar i klinisk kultur eller praksis. Det er òg mogleg at førekomsten av akkurat desse lidingane har auka over tid, men det treng vi nyare førekomstundersøkingar for å belyse, seier Bang.
Hos gutar har det i perioden 2010–2020 vore ein beskjeden auke hos dei mellom 16 og 24 år, men denne er betydeleg mindre enn auken ein ser hos jenter. Delen med angstlidingar hos dei under 16 år har vore stabil i perioden 2010–2020.
– At det er ein høgare del unge jenter enn gutar som blir diagnostisert med angstlidingar, kjem dels av høgare førekomst blant jenter i denne aldersgruppa, og dessutan at jenter i større grad oppsøker helsehjelp, seier Bang
Delen barn og unge som spesialisthelsetenesta diagnostiserer med angstlidingar er lågare enn førekomstundersøkingar. Mange med angstlidingar blir truleg ikkje diagnostisert og behandla i spesialisthelsetenesta.
Delen barn og unge (i prosent) i perioden 2010–2020 som var registrert med diagnosekode for angstliding (ICD-10-kode F40/F41/F92.8/F93.0-F93.2) i spesialisthelsetenesta, etter kjønn og alderskategori. Datagrunnlag: Norsk pasientregister.
– Dette er trendar som vi følgjer med på, og det vil vere viktig at vi framover fortset å følgje med på utviklinga. I kor stor grad trendane er bekymringsfulle, avheng av årsakene og konsekvensane. Vi veit for lite om orsakane, det er behov for norske førekomstundersøkingar til å belyse dette. Konsekvensane av auken må òg diskuterast; kva slags innverknad har dette på ressursane i helsetenestene? spør Bang.