Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Kva døde folk av i Noreg og Sverige før og under pandemien?»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Kva døde folk av i Noreg og Sverige før og under pandemien?

Nyhet

Dødsårsaksregisteret

Kva døde folk av i Noreg og Sverige før og under pandemien?

Folkehelseinstituttet har no samanlikna tal frå dei norske og svenske dødsårsaksregistera sidan 2010. Det er fleire interessante skilnader.

Dette er et bilde av en folkemengde i en gate.
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Folkehelseinstituttet har no samanlikna tal frå dei norske og svenske dødsårsaksregistera sidan 2010. Det er fleire interessante skilnader.


Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden

Den 10. juni publiserte både dødsårsaksregistera i Noreg og Sverige sine årsstatistikkar for 2020. Dødsårsaksregisteret i Folkehelseinstituttet har no gjort ei førebels samanlikning av ulike dødsårsaker i dei to landa sidan 2010.

– Talet på døde i Noreg i pandemiåret 2020 var som forventa, men i Sverige var det 6,8 prosent fleire dødsfall enn ein elles kunne rekne med. Når det gjeld utviklinga mellom 2010 og 2019, blei kreft og lungesjukdommar oftare innrapporterte som underliggande dødsårsak i Noreg samanlikna med Sverige, men hjarte- og karsjukdommar sjeldnare, seier overlege Guttorm Raknes i Dødsårsaksregisteret i Folkehelseinstituttet.

Dei viktigaste tala med forklaring:

Pandemiåret 2020

Sverige hadde 9441 covid-19-dødsfall i 2020, og Noreg 412. Ved å samanlikne med trenden i dødsratar mellom 2010 og 2019, var det nesten 7000 fleire dødsfall enn forventa i Sverige.  

For lungesjukdommar var det færre dødsfall enn forventa i begge landa i 2020. Færre luftvegsinfeksjonar på grunn av effektive smitteverntiltak er ei sannsynleg forklaring. I Sverige er det dessutan grunn til å mistenke at nedgangen delvis skuldast at ein del av dei som elles ville død av lungesjukdommar vart registrerte med covid-19 som underliggande dødsårsak.

Elles ser det ikkje ut til at pandemien eller smitteverntiltaka har påverka andre store dødsårsaksgrupper i vesentleg grad.

2010– 2019: Tydelege skilnader mellom nabolanda

– Ratane er overraskande like for totaldødelighet og for mange av dødsårsakene i dei to landa, men det er tydelege skilnader mellom landa for store dødsårsaksgrupper som kreft, lungesjukdommar og hjarte- og karsjukdommar, seier Guttorm Raknes.

Dette er skilnadene i dei aldersstandardiserte dødsratane for desse store dødsårsaksgruppene:

  • Fleire er meldt døde av kreft og lungesjukdommar i Noreg enn i Sverige.
  • Færre er meldt døde av hjarte- og karsjukdommar i Noreg enn i Sverige.
Tabell: Observert og forventa (predikert) dødsrate med 95% prediksjonsintervall. Forventa rate er basert på trenden i dødelighet mellom 2010 og 2019. Avvik frå forventa i 2020 i prosent, og i tal på døde dersom utanfor 95% prediksjonsintervall.
 

 

 

Aldersstandardisert dødsrate (per 100.000)

Avvik mellom observert og predikert dødsrate

Estimert avvik frå forventa tal på dødsfall

 

 

Tal på døde

Predikert

Observert

95 % prediksjons-intervall

Alle

>65 år

Alle dødsårsaker

 

Noreg

40534

845,8

842,5

826 til 865,5

-0,38 %

 

 

Sverige

97811

863,4

922,3ǂ

825,7 til 901,2

6,82 %

6 888

6 570

Kreft

 

Noreg

10809

230,9

229,8

227,2 til 234,5

-0,5 %

 

 

 

Sverige

22510

219,2

214,8

212,2 til 226,2

-2,0 %

 

 

Hjarte- og karsjuksommar

Noreg

9513

200,6

206,4

187,6 til 213,6

2,9 %

 

 

 

Sverige

27973

268,0

266,1

253,8 til 282,2

-0,7 %

 

 

Lungesjukdommar

Noreg

3754

100,0

81,5*

87,8 til 112,2

-18,5 %

-796

-778

 

Sverige

5530

66,0

52,2*

54,4 til 77,5

-20,8 %

-1334

-764

ǂ Signifikant høgare enn forventa ut frå trend 2010–2019
* Signifikant lågare enn forventa ut frå trend 2010–2019

Kan skuldast ulik rapportering

– Vi kan ikkje utan vidare slå fast at fleire dør av kreft og lungesjukdommar, og færre av hjarte- og karsjukdommar i Noreg enn i Sverige.

Totaldødelighet, det vil seie summen av alle dei ulike dødsårsakene, er omtrent lik.

– Det kan vere eit teikn på at det er systematiske skilnader i kva som blir innrapportert, meir enn faktiske skilnader i kva dei døde av, understrekar han.

Raknes seier det kan vere ulike tradisjonar for kva for diagnose legane brukar i dødsmeldingane. Svært mange  av dei som dør er gamle og skrøpelege personar med mange kroniske sjukdommar samstundes, og det er ikkje alltid lett å avgjere kva som er den viktigaste dødsårsaka.

– Kanskje har svenske legar ein større tendens til å rapportere hjartesjukdom enn lungesjukdom som dødsårsak hos ein pasient som hadde begge tilstandane? spør overlegen ved det norske Dødsårsaksregisteret.

Raknes seier at ein no vil ta kontakt med dei andre dødsårsaksregistra i Norden i håp om å få undersøkt nærare kva som ligg bak skilnadene i dødsårsaker.

Figur: Justert for alder og folkemengd, er kreft vanlegare som underliggande dødsårsak i Noreg samanlikna med Sverige. Nedgangen i kreftdødelighet er størst i Noreg. Prediksjonsintervalla viser forventa variasjon ut frå trenden 2010–2019..
Figur: Justert for alder og folkemengd, er kreft vanlegare som underliggande dødsårsak i Noreg samanlikna med Sverige. Nedgangen i kreftdødelighet er størst i Noreg. Prediksjonsintervalla viser forventa variasjon ut frå trenden 2010–2019..