Få varsel ved oppdateringer av «Inviterer over 54.000 vaksne i Møre og Romsdal til å delta i folkehelseundersøking»
Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:
- Inviterer over 54.000 vaksne i Møre og Romsdal til å delta i folkehelseundersøking
Oops, noe gikk galt...
... ta kontakt med nettredaksjon@fhi.no.
... last inn siden på nytt og prøv igjen.
Nyhet
Inviterer over 54.000 vaksne i Møre og Romsdal til å delta i folkehelseundersøking
Publisert
Den 1. februar vil i overkant av 54.000 utvalde personar over 18 år i Møre og Romsdal få ein invitasjon på sms og e-post om å delta i ei folkehelseundersøking. Blant spørsmåla er nokre om koronavaksine.

Den 1. februar vil i overkant av 54.000 utvalde personar over 18 år i Møre og Romsdal få ein invitasjon på sms og e-post om å delta i ei folkehelseundersøking. Blant spørsmåla er nokre om koronavaksine.
Folkehelseundersøkinga, som er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet (FHI) og Møre og Romsdal fylkeskommune, vil gi viktig informasjon om helse, velferd, trivsel og livskvalitet til innbyggarane i fylket. Det blir også stilt nokre spørsmål om koronavaksine som vil vere til hjelp i smittevernarbeidet og arbeidet med å vaksinere befolkninga.
Tilfeldig utvalde
Innbyggarane som får invitasjon til å delta, er tilfeldig utvalde. Undersøkinga varer i to veker, og er ein del av ei større undersøking om folkehelse i Noreg. Undersøkinga er anonym, og opplysningane blir lagra og behandla i samsvar med regler om personvern. Det er gjennomført liknande undersøkingar i fleire fylke allereie.
Både FHI og fylkeskommunen er merksame på at koronaepidemien vil kunne ha innverknad på korleis folk svarer på dei generelle spørsmåla om helse, velferd, trivsel og livskvalitet, men fylkeshelseundersøkinga blir gjennomført først og fremst med tanke på det langsiktige folkehelsearbeidet.
Undersøkinga inneheld òg ein eigen del spesielt utvikla for Møre og Romsdal. Her er det mellom anna spørsmål om korleis ein reiser til jobb og skule, bruk av grøntområde og kartlegging av muskel- og skjelettplagar.
Innlogging
Når du klikkar på lenka i invitasjonen, kjem du til ID-porten med ei side som ser slik ut (sjå bildet):
– Lenka er kryptert for å unngå at den blir kapra av robotar og brukt til svindelforsøk. Vi er klar over at lenka kan sjå mystisk ut, og vi får mange førespurnader om det, seier Thomas S. Nilsen ved Folkehelseinstituttet.
– Forklaringa er altså at innlogginga og undersøkinga blir sikrare med slik kryptering, seier han.
Om undersøkinga
- Denne gongen er det personar i Møre og Romsdal som blir inviterte til å delta i fylkesundersøkinga.
- Dei inviterte er 18 år og eldre.
- Deltakarane får invitasjon på e-post og sms og kan bruke PC, smarttelefon eller nettbrett for å svare.
- Det tar om lag 20 minutt å fylle ut skjemaet.
- For å svare på undersøkinga logger du deg inn med personleg ID, for eksempel bank-ID eller Min-ID. Skjemaet kan fyllast ut enten på mobiltelefon, nettbrett eller PC.
- Fylkeshelseundersøkingar er gjennomført i mange fylke dei to siste åra. Undersøkingane har spørjeskjema med litt ulikt innhald, men alle undersøkingane skjer i samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og den enkelte fylkeskommunen.
Sjå meir på www.mrfylke.no/folkehelseundersokinga og nettsidene til FHI om folkehelseundersøkingar og om personvern i folkehelseundersøkingar for detaljar.