Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Inviterer 90 000 frå Vestfold og Telemark til folkehelseundersøking»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Inviterer 90 000 frå Vestfold og Telemark til folkehelseundersøking

Nyhet

Inviterer 90 000 frå Vestfold og Telemark til folkehelseundersøking

Heile 90 000 personar over 18 år i Vestfold og Telemark vert no inviterte til å delta i ei folkehelseundersøking om livskvalitet, trivsel og helse i regi av fylkeskommunen og Folkehelseinstituttet.

illustrasjonsfoto av folkemengde
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Heile 90 000 personar over 18 år i Vestfold og Telemark vert no inviterte til å delta i ei folkehelseundersøking om livskvalitet, trivsel og helse i regi av fylkeskommunen og Folkehelseinstituttet.


I desse dagar startar «Folkehelseundersøkelsen – Helse og Trivsel i Vestfold og Telemark 2021». Undersøkinga føregår på nett, der ein svarer ved å fylle ut eit digitalt spørjeskjema. Utvalde personar vil motta ein invitasjon på SMS og e-post. 

– Målet med undersøkinga er å få betre viten om livskvalitet, helse og trivsel til innbyggarane i Vestfold og Telemark, seier seniorrådgjevar Thomas Sevenius Nilsen som koordinerer undersøkinga frå Folkehelseinstituttet si side.

Skal støtte det lokale folkehelsearbeidet

Folkehelseundersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet (FHI) og Vestfold og Telemark fylkeskommune. Undersøkinga vil gjeve ny, unik lokal kunnskap for å betre livskvalitet, trivsel og helse til innbyggarane i fylket.

Folkehelseinstituttet gjennomfører jevnlig slike undersøkingar i samarbeid med dei enkelte fylkeskommunane. Resultata skal støtte opp under folkehelsearbeidet til kommunane og fylkeskommunen. Svara vil også inngå i forsking, og dei første resultata er venta tidlegast åtte veker etter at undersøkinga er avslutta.

Innbyggarane som får invitasjon til å delta, er tilfeldig utvalde, bortsett frå i kommunar med færre enn 3500 innbyggjarar, der vert alle vaksne inviterte. Undersøkinga varer i tre veker, og liknande undersøkingar har vorte gjennomført i fleire fylke allereie.

Innlogging

Når du klikkar på lenka i invitasjonen, kjem du til ID-porten med ei side som ser slik ut:

imagexr0t.png

– Lenka er kryptert for å unngå at den vert kapra av robotar og brukt til svindelforsøk. Vi er klar over at lenka kan sjå mystisk ut, og vi får mange førespurnader om det, seier Thomas S. Nilsen.

–  Forklaringa er altså at innlogginga og undersøkinga vert sikrare med slik kryptering, seier han.

Om undersøkinga

  • Denne gongen er det personar i Vestfold og Telemark som vert inviterte til å delta i fylkesundersøkinga.
  • Dei inviterte er 18 år og eldre.
  • Deltakarane får invitasjon på e-post og SMS og kan bruke PC, smarttelefon eller nettbrett for å svare.
  • Det tek om lag 20 minutt å fylle ut skjemaet. 
  • For å svare på undersøkinga loggar du deg inn med personleg ID, for eksempel bank-ID eller Min-ID. Skjemaet kan fyllast ut anten på mobiltelefon, nettbrett eller PC.
  • Fylkeshelseundersøkingar er gjennomført i mange fylke dei siste åra. Undersøkingane har spørjeskjema med litt ulikt innhald, men alle undersøkingane skjer i samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og den enkelte fylkeskommunen.

Dette vert det spurt om

Spørjeskjemaet er delt inn i åtte overordna tema, og dette vert deltakarane spurde om:

  • nærmiljø
  • helse
  • sosial støtte
  • helserelatert åtferd
  • skader
  • fysisk miljø
  • livskvalitet
  • demografiske opplysningar (opplysningar om seg sjølv)

I 2015/2016 vart eit utsnitt av befolkninga i Vestfold også spurde på denne måten, det gjer det mogleg å samanlikne resultat.