Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Dei fleste i Møre og Romsdal er tilfredse med livet»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Dei fleste i Møre og Romsdal er tilfredse med livet

Nyhet

Dei fleste i Møre og Romsdal er tilfredse med livet

Publisert

Over 80 prosent av innbyggjarane i Møre og Romsdal er fornøgde med livet, viser den ferske folkehelseundersøkinga. Trivselen ser ut til å auke i takt med alderen til innbyggjarane, og trua på ei god framtid er høg.

Fornøgd person i naturen
Dei fleste i Møre og Romsdal er fornøgde med livet, viser Folkehelseundersøkinga. Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Over 80 prosent av innbyggjarane i Møre og Romsdal er fornøgde med livet, viser den ferske folkehelseundersøkinga. Trivselen ser ut til å auke i takt med alderen til innbyggjarane, og trua på ei god framtid er høg.


Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden

Folkehelseundersøkinga i Møre og Romsdal blei gjennomført mellom 1. og 14. februar av Folkehelseinstituttet (FHI) på vegne av Møre og Romsdal fylkeskommune. Deltakarane blei mellom anna spurt om tilgjenge til tenester, fysisk og psykisk helse, helserelatert åtferd , sosialt miljø og livskvalitet.

Undersøkinga viser at innbyggjarane i fylket jamt over meiner dei lever gode liv.

Høg framtidsoptimisme

82 prosent av deltakarane i undersøkinga svarer at dei er fornøgde med livet (skårer 6-10 på ein skala frå 0-10). Gjennomsnittsskåren er 7,3. Sjølv om det er korona ser folk lyst på framtida og skårer endå høgare på kor fornøgde dei forventar å vere om fem år (7,8 på same skala). 93 prosent opplev godt eller svært godt tilgjenge til natur- og friluftsområde, 87 prosent opplev å ha middels eller høg sosial støtte. 74 prosent trivast i stor grad i nærmiljøet og 72 prosent opplev å ha god eller svært god helse.

 – Når vi tolkar resultata, bør vi ha i mente at noko under halvparten av alle inviterte deltok. Sjølv om oppslutninga var god for denne type undersøking, skapar den noko usikkerheit omkring resultata. Det kan til dømes tenkast at dei som deltek har ei helsemessig gunstigare åtferd og betre helse enn dei som ikkje deltek, påpeikar forskar Marit Knapstad ved avdeling for helsefremmande arbeid ved FHI.

Små skilnader frå andre fylke

Samanlikna med andre fylker som har gjennomført liknande undersøking ligg Møre og Romsdal på det jevne, sjølv om det er visse skilnadar på enkelte punkt.

Til dømes er det færre i Møre og Romsdal som svarer at dei er samen med gode vener og deltar i aktivitetar kvar veke samanlikna med andre fylke. Innbyggjarane har også litt lågare skår på blant anna kor fornøgde dei er med livet, om livet er meiningsfylt og om dei har kjent seg engasjert den siste veka.

 – Det er mogeleg at dette er eit resultat av koronapandemien og ikkje handlar om reelle forskjellar mellom Møre og Romsdal og andre fylke, seier Knapstad.

Møre og Romsdal skil seg ikkje får dei andre fylka når det gjeld psykiske plager og einsemd.

Tilgjenget til gang- og sykkelvegar, offentleg transport og butikkar, serveringsstader og andre servicetilbod er saman med dei nordlegaste fylka ein del lågare enn i Rogaland og Agder. Her ser vi også nokså stor variasjon mellom regionane innan fylket, særleg på dei to første av desse spørsmåla.

Møre og Romsdal kjem godt ut samanlikna med fleire av dei andre fylka på følgande punkt:

  • Færre har problem med å få pengane i hushaldet til å strekke til (17 prosent)
  • Høg skår på tryggleik i nærmiljøet
  • Færre med episodisk høgt alkoholbruk (13 prosent)

Mykje blir betre med stigande alder og utdanningsnivå

Når alderen stig, aukar også trivselen, ifølge undersøkinga. Kosthaldet blir betre, færre kjenner seg einsame, og tilfredsheita med tilgjenget til servicetilbod og fasilitetar stig. Det meste blir også betre med stigande utdanningsnivå. Dette gjeld dei fleste mål på helseåtferd, helsestatus og livskvalitet. Forskjellane er tydelegast opp til høgare utdanning.

Det er visse kjønnsskilnadar. Kvinner kjem betre ut enn menn på nesten alle utfallsmål som handlar om kosthald, fysisk aktivitet og fedme. Mennene kjem litt betre ut enn kvinnene på dei fleste mål på psykiske plager og helseproblem.

I alt var det 24 967 personar i aldersgruppa over 18 år som svarte på spørjeskjemaet. Det var 45,8 prosent av dei inviterte.