Hopp til innhold
Lukk

Få varsel ved oppdateringer av «Aborttala fell ytterlegare – trend forsterka av pandemien»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Aborttala fell ytterlegare – trend forsterka av pandemien

Oops, noe gikk galt...

... ta kontakt med nettredaksjon@fhi.no.

... last inn siden på nytt og prøv igjen.

Nyhet

Aborttala fell ytterlegare – trend forsterka av pandemien

Publisert

Aborttalet ligg under ti per 1000 kvinner. Nedgangen dei siste tretten åra skuldast i hovudsak færre abortar blant dei under 25 år. Frå mai til november såg ein eit tydeleg fall i abortar samanlikna med tidlegare år, viser 2020-tala frå Abortregisteret.

lege som snakker med ung kvinne på legekontor
Legekonsultasjon. Foto: Colourbox.com

Aborttalet ligg under ti per 1000 kvinner. Nedgangen dei siste tretten åra skuldast i hovudsak færre abortar blant dei under 25 år. Frå mai til november såg ein eit tydeleg fall i abortar samanlikna med tidlegare år, viser 2020-tala frå Abortregisteret.


Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden

Aborttala gjekk ytterlegare ned frå 2019 til 2020, viser den nye statistikken frå Abortregisteret som Folkehelseinstituttet publiserte den 11. mars. Tala er publiserte her:


Nedgang i både sjølvbestemte og nemndbehandla abortar

Frå 2019 til 2020 var det ein nedgang i både sjølvbestemte og nemndbehandla svangerskapsavbrot. Aborttala har aldri vore lågare enn i 2020, då det var registrert 11 081 svangerskapsavbrot i Abortregisteret. Til samanlikning var det registrert 14 675 i 2000.

Ettersom befolkninga har auka i denne perioden, må ein sjå på abortraten – tal per 1000 innbyggarar i alderen 15–49 år – for å finne den reelle utviklinga. Dei to siste åra har for første gong i historia raten vore under ti per 1000 kvinner nærare bestemt 9,2 for dei som tok abort i alderen 15–49 år.

– Hovudsakleg skuldast nedgangen i talet på svangerskapsavbrot at færre aborterer i aldersgruppa under 25 år, men det er ein fallande tendens i alle aldersgrupper, seier overlege Mette Løkeland-Stai i Abortregisteret, Folkehelseinstituttet. Samtidig har vi i 2020 sett at det har vore ein tydeleg nedgang i talet på avbrot frå mai til november i forhold til føregåande år.

– Prevensjonsvanar og pandemi

Smittervernsreglar som har avgrensa sjansane til samver under pandemien er ei nærliggjande forklåring på ein nedgang i talet på abort. Ein annan årsak kan vera at fleire vel å fullgå eit uplanlagt svangerskap. Det siste veit vi ikkje svaret på før vi ser eventuelle endringar i fødselstal i løpet av 2021, seier Mette Løkeland-Stai. Overlegen seier at ein av hovudårsakene til den store nedgangen vi har sett dei seinaste åra truleg er at dei unge har vorte flinkare til å nytte prevensjon og tar med seg prevensjonsvanane sine inn i vaksenlivet.

– Studier viser at bruk av langtidsverkande prevensjon, som til dømes p-stav og spiral, er den type prevensjon som i størst grad førebygger uynskte svangerskap.

Åtte av ti abortar vert utført før 9. veke, og ni av ti abortar vert utført medikamentelt.

Ein ser det same fallet i aborttala blant dei yngre og at ein aukande del av abortar vert utført før 9. veke i mange land.

Fortsatt regionale skilnader

Ein ser framleis regionale skilnader, men dei er mindre enn tidlegare.

Høgast abortrate

I 2020 hadde desse fylka dei høgaste abortratane, målte i tal på abortar per 1000 kvinner i alderen 15–49 år:

Troms og Finnmark:                       11,6

Oslo:                                                11,1

Innlandet:                                        10,0

Lågast abortrate

Desse fylka hadde dei lågaste abortratane:

Møre og Romsdal:                         7,0

Rogaland:                                        7,1

Agder:                                              7,8


Nedgang i talet på nemndbehandla svangerskapsavbrot

Svangerskapsavbrot etter tolvte veke må behandlast av ei nemnd. Dei sakene som får avslag i primærnemnda, vert automatisk sende vidare til ei klagenemnd.

I 2020 vart det i alt utført 508 nemndbehandla avbrot. Dette er det lågaste talet sidan 2003. Av dei nemndbehandla abortane vart nesten alle (498) innvilga i primærnemnd.

– Dei fleste nemndbehandla avbrota vart innvilga på grunnlag av risiko for fosterskader, sosiale forhold og/eller mors helse, seier Løkeland-Stai.