Hopp til innhold
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Nyhet

Rettleiar for idrett under covid-19-epidemien

Publisert

Ein ny rettleiar for idrett under covid-19-utbrotet er utarbeidd av Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.

Ein ny rettleiar for idrett under covid-19-utbrotet er utarbeidd av Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.


Rettleiaren gir råd om kva idrettslag bør gjere for å førebygge at deltakarar og tilskodarar blir utsette for smitte og spreiing av covid-19.

Rettleiaren gjeld for Noregs idrettsforbund (NIF), særforbund, idrettslag, foreiningar og andre som arrangerer organisert idrett. NIF må saman med dei enkelte særforbunda utarbeide råd og tilrådingar som er tilpassa dei spesifikke idrettsgreinene og aktivitetane.

Arrangement for 50 personar

Det blir opna for arrangement på inntil 50 personar med avstand på minst 1 meter, men det blir ikkje tilrådd aktivitetar som medfører større mobilitet og blanding av deltakarar på tvers av geografiske område.

Maks 20 i treningsgrupper

For ordinære treningar blir det tilrådd samling av maksimalt 20 personar i ei gruppe og avstand på minst 1 meter. Dette gjeld både innandørs og utandørs. Fleire slike grupper av maksimalt 20 personar kan samlast dersom gruppene blir haldne frå kvarandre, og dei enkeltvis og samla kan halde seg til smittevernråda.

Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet foreslår at det blir tatt ei ny vurdering av den totale smittesituasjonen før sommaren for å sjå på ei ytterlegare normalisering av idrettsaktivitetar.

Når det gjeld symjing, vil Folkehelseinstituttet utarbeide eigne råd i god tid før gjenåpning 1. juni.

Les heile rettleiaren for idrett her: