Hopp til innhold
Lukk

Få varsel ved oppdateringer av «Inviterer 55 000 til spørjeundersøking om korona og livskvalitet»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte og slette din e-postadresse ved å følge lenke i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Inviterer 55 000 til spørjeundersøking om korona og livskvalitet

Oops, noe gikk galt...

... ta kontakt med nettredaksjon@fhi.no.

... last inn siden på nytt og prøv igjen.

Nyhet

Inviterer 55 000 til spørjeundersøking om korona og livskvalitet

Publisert Oppdatert

Om lag 55 000 personer i fire fylke blir no inviterte til ei spørjeundersøking om korona, livskvalitet og psykisk helse. Dei første får spørjeskjemaet onsdag 18. november.

Illustrasjon koronavirus

Om lag 55 000 personer i fire fylke blir no inviterte til ei spørjeundersøking om korona, livskvalitet og psykisk helse. Dei første får spørjeskjemaet onsdag 18. november.


Undersøkinga går ut til personar i Oslo, Agder, Vestland og Nordland.

Deltakarane blir spurde om dei følger råda om smittevern. I tillegg er det spørsmål om korleis dei opplever situasjonen under koronaepidemien, her blir det spørsmål om livskvalitet og psykisk helse.

Har livskvaliteten endra seg under epidemien?

Det var ei liknande undersøking i Agder og Nordland i juni. Resultata viste at det var små endringar i livskvalitet, samanlikna med situasjonen før epidemien.

– I juni gjekk epidemien i Noreg tilbake, og samfunnet opna opp. No er vi i ein heilt annan situasjon. Epidemien har vart lenger, det er aukande smittetal, og deler av samfunnet stenger ned, seier Camilla Stoltenberg, direktør ved Folkehelseinstituttet. 

Tilbakemeldingane skal vere til hjelp i smittevernarbeidet

Undersøkinga i dei fire fylka er ein del av arbeidet med å finne ut i kva grad folk etterlever råda om smittevern. 

- Vi håper å få svar på om det er forskjellar mellom ulike grupper i befolkninga og mellom landsdelar. Slik kunnskap vil vere til hjelp når smitteverntiltak skal utformast, seier Stoltenberg.

I Agder og Nordland vil spørjeskjemaet gå til personar som vart inviterte i førre runde, dette er for å kunne samanlikne svara. I Vestland og Oslo blir skjemaet sendt til personar som ikkje har vore med i fylkeshelseundersøkingar tidlegare.

Innlogging

Når du klikkar på lenka i invitasjonen, kjem du til ID-porten med ei side som ser slik ut (sjå bildet):

nettskjema.PNG

– Lenka er kryptert for å unngå at den blir kapra av robotar og brukt til svindelforsøk. Vi er klar over at lenka kan sjå mystisk ut, og vi får mange henvendelsar om det, seier Thomas S. Nilsen ved Folkehelseinstituttet.

–  Forklaringa er altså at innlogginga og undersøkinga blir sikrare med slik kryptering, seier  han.

Om undersøkinga

  • Personar i Oslo og Vestland får invitasjonar frå 18. november. I Agder og Nordland startar utsendinga torsdag 19. november. Det blir invitert frå 10 000 til 20 000 personar i kvart fylke.
  • Dei som blir inviterte, er 18 år og eldre.
  • Deltakarane får invitasjon på e-post og sms og kan bruke PC, smarttelefon eller nettbrett for å svare.
  • Det tar om lag 15 minutt å fylle ut skjemaet. 
  • For å svare på undersøkinga logger du deg inn med personlig ID, for eksempel bank-ID eller Min-ID. Skjemaet kan fyllast ut enten på mobiltelefon, nettbrett eller PC.
  • Fylkeshelseundersøkingar har dei to siste åra vore gjennomførte i mange fylke. Undersøkingane har spørjeskjema med litt ulikt innhald, men alle undersøkingane skjer i samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og den enkelte fylkeskommunen.

    Kontakt