Hopp til innhold

Nyhet

Abortregisteret

Historisk låge aborttal i 2019, også færre til nemnd

Publisert

For fyrste gong er aborttalet under 10 per 1000 kvinner. Nedgangen skuldast i hovudsak færre abortar blant kvinner under 25 år. Talet på nemndabortar har falle med 9 prosent det siste året, viser 2019-tala frå Abortregisteret.

For fyrste gong er aborttalet under 10 per 1000 kvinner. Nedgangen skuldast i hovudsak færre abortar blant kvinner under 25 år. Talet på nemndabortar har falle med 9 prosent det siste året, viser 2019-tala frå Abortregisteret.


Aborttala gjekk ytterlegare ned frå 2018 til 2019, viser den nye statistikken frå Abortregisteret som Folkehelseinstituttet publiserte den 13. mars. Tala er publiserte her:

Nedgang i både sjølvbestemte og nemndbehandla abortar

Frå 2018 til 2019 var det ein nedgang i både sjølvbestemte og nemndbehandla svangerskapsavbrot. Aborttala har aldri vore lågare enn i 2019, då det var registrert 11 726 svangerskapsavbrot i Abortregisteret. Til samanlikning vart det registrert 14 675 i år 2000.

Ettersom befolkninga har auka i denne perioden, må ein sjå på abortraten – antal per 1000 innbyggarar i alderen 15–49 år – for å finne den reelle utviklinga. For fyrste gong i historia var raten under 10 per 1000 kvinner, nærare bestemt 9,7.

– Hovudsakleg skuldast nedgangen færre abortar i aldersgruppa under 25 år, men det er ein tendens til nedgang i alle aldersgrupper, seier overlege Mette Løkeland-Stai i Abortregisteret, Folkehelseinstituttet.

– Prevensjonsvanane betyr mykje

Overlegen seier at ei av hovudårsakene til den store nedgangen truleg er at dei unge har vorte flinkare til å nytte prevensjon, og at dei tar med seg prevensjonsvanane sine inn i vaksenlivet.

– Studiar viser at langtidsverkande prevensjon, som til dømes p-stav og spiral, er den typen prevensjon som i størst grad førebygger uynskte svangerskap, seier Løkeland-Stai.


Åtte av ti abortar vert utført før 9. veke, og ni av ti abortar vert utført medikamentelt.

Ein ser det same fallet i aborttala blant dei under 25 år, og at ein aukande andel abortar vert utført før 9. veke. Ein ser ei liknande utvikling i mange land.

Fortsatt regionale skilnader

Ein ser framleis regionale skilnader, men dei er mindre enn tidlegare.

Høgast abortrate

I 2019 hadde desse fylka dei høgaste abortratane, målte i antal abortar per 1000 kvinner i alderen 15–49 år:

Troms og Finnmark:                       13,3

Oslo:                                               11,8

Nordland:                                        10,1

Lågast abortrate

Desse fylka hadde dei lågaste abortratane:

Møre og Romsdal:                          7,5

Rogaland:                                        8,0

Agder:                                              8,0

Nedgang i talet på nemndbehandla svangerskapsavbrot

Svangerskapsavbrot etter tolvte veke må behandlast av ei nemnd. Dei sakene som får avslag i primærnemnda, vert automatisk sende vidare til ei klagenemnd.

I 2019 vart det i alt utført 516 nemndbehandla avbrot. Dette er ein nedgang på 9,3 prosent frå 2018, og er det lågaste talet sidan 2003. Av dei utførte nemndbehandla abortane var 508 innvilga i primærnemnd og åtte kvinner fekk eit endeleg avslag i klagenemnd.

– Dei fleste nemndbehandla avbrota vart innvilga på grunnlag av risiko for fosterskader, sosiale forhold og/eller mors helse, seier Løkeland-Stai.

Nemndbehandling varierer regionalt

Frå 2018 til 2019 varierte nedgangen i nemndbehandla svangerskapsavbrot ein god del mellom del ulike helseregionane. Regjeringa vedtok i 2017 å redusere talet på primærnemnder frå 35 til under 17, og i 2019 var talet redusert til 25 primærnemnder. Det er stor variasjon i talet på nemnder i dei ulike helseregionane, sjå tabell. 

Nemndbehandlingar

Helseregion

Nedgang nemnbehandlingar (%)

Talet på primærnemnder (2019)

Helse Vest

18,4

2

Helse Midt-Noreg

9,9

4

Helse Sør-Aust

6,5

13

Helse Nord

5,7

6

Kjelde: Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret), 13. mars 2020.

– Kan det vere ein samanheng mellom talet på primærnemnder og nedgangen i nemndbehandla svangerskapsavbrot?

– Vi kan ikkje seie sikkert kva nedgangen i nemndbehandla svangerskapsavbrot skuldast. Talet på nemndbehandla abortar varierer frå år til år, og ein har også tidlegare sett liknande nedgang, men det er interessant at det er så stor regional skilnad. Vi kan difor ikkje utelukke at færre nemnder har påverka tala. Dette er noko vi må sjå vidare på, svarer overlege Mette Løkeland-Stai i Folkehelseinstituttet.