Hopp til innhold
Lukk

Få varsel ved oppdateringer av «Fylkeshelseundersøking  i Rogaland startar måndag»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte og slette din e-postadresse ved å følge lenke i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Fylkeshelseundersøking  i Rogaland startar måndag

Oops, noe gikk galt...

... ta kontakt med nettredaksjon@fhi.no.

... last inn siden på nytt og prøv igjen.

Nyhet

Fylkeshelseundersøking i Rogaland startar måndag

Publisert

På måndag får 76 000 innbyggjarar i Rogaland invitasjon til å delta i ei fylkeshelseundersøking.

Rogaland er det andre fylket som i år gjennomfører fylkeshelseundersøkelse i samarbeid med FHI.. Foto: Rogaland fylkeskommune/Elisabeth Tønnessen
Rogaland er det andre fylket som i år gjennomfører fylkeshelseundersøkelse i samarbeid med FHI.. Foto: Rogaland fylkeskommune/Elisabeth Tønnessen

På måndag får 76 000 innbyggjarar i Rogaland invitasjon til å delta i ei fylkeshelseundersøking.


Invitasjonane går til personar som er trekte tilfeldig frå Folkeregisteret. Alle får tilsendt melding på sms og e-post. Til saman blir 76 000 personar over 18 år inviterte.

Trivsel og livskvalitet

Undersøkinga tar for seg helse, trivsel og andre faktorar som påverkar folkehelsa. Spørjeskjemaet inneheld spørsmål om kor fornøgd du er med nærmiljøet, lokale tilbod og aktivitetar, spørsmål om fysisk og psykisk helse, om nærmiljø, levevanar, skadar og ulykker.

– Spørjeskjemaet har ein eigen del om livskvalitet. Livskvalitetsspørsmåla inngår no i alle fylkeshelseundersøkingane, seier prosjektleiar Thomas S. Nilsen ved Folkehelseinstituttet.

Livskvalitet er viktig både for psykisk og fysisk helse, og dermed for folkehelsa i kommunane og fylka

Spørsmål om korona

Fylkeshelseundersøkinga inkluderer også nokre spørsmål om korona. Deltakarane blir spurde om arbeidsforholda deira har endra seg på grunn av koronaepidemien og om haldninga deira til koronavaksine.

Rogalandsundersøkinga inneheld òg ein eigen del spesielt utvikla for Rogaland. Her er det mellom anna spørsmål om korleis ein reiser til jobb og skule, bruk av grøntområde og om fødeland.

Samarbeid

Fylkeshelseundersøkinga i Rogaland er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og  Folkehelseinstituttet. Saman med annan kunnskap vil undersøkinga gi grunnlag for det lokale folkehelsearbeidet. 

Rapporten frå fylkeshelseundersøkinga er venta å vere klar innan desember. Større kommunar, regionar og fylkeskommunen vil få lokale resultat. 

Dei siste to åra har Folkehelseinstituttet gjennomført fleire fylkeshelseundersøkingar i samarbeid med fylkeskommunar. Tidlegare i år vart det gjennomført undersøkingar i Nordland, og i fjor i Agder, Troms og Finnmark og Sogn og Fjordane. 

Fylkeshelseundersøkingane kallast òg folkehelseundersøkingar i fylka.

Godt utprøvd og sikker teknisk løysing

Undersøkinga er elektronisk, og lenke til det elektroniske spørjeskjemaet blir sendt ut med e-post og sms til alle inviterte.

– Den tekniske løysinga er godt utprøvd. Vi veit at ho fungerer bra, og at ho òg tar vare på personopplysningar på ein sikker måte, seier Nilsen.

For å svare på undersøkinga loggar du deg inn med personleg ID, til dømes bank-ID eller Min-ID. Skjemaet kan fyllast ut enten på mobiltelefon, nettbrett eller PC.

Les meir om undersøkinga på nettsidene til Rogaland fylkeskommune