Få varsel ved oppdateringer av «Færre abortar under covid-19-pandemien»
Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:
- Færre abortar under covid-19-pandemien
Oops, noe gikk galt...
... ta kontakt med nettredaksjon@fhi.no.
... last inn siden på nytt og prøv igjen.
Nyhet
Abortregisteret
Færre abortar under covid-19-pandemien
Publisert
Talet på abortar har gått ned under koronaepidemien. Frå mai til august i år var det om lag 200 færre abortar per månad enn i åra 2016–2019. Det viser foreløpige tal frå Abortregisteret i Folkehelseinstituttet.
Talet på abortar har gått ned under koronaepidemien. Frå mai til august i år var det om lag 200 færre abortar per månad enn i åra 2016–2019. Det viser foreløpige tal frå Abortregisteret i Folkehelseinstituttet.
Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden
Dei siste åra har det vore stadig færre som har teke abort i Noreg. Denne tendensen såg ein òg dei to fyrste månadene i 2020. Men i månadene etter at landet i praksis stengde den 12. mars, og spesielt frå mai, har nedgangen halde fram i ein grad vi ikkje har sett tidlegare.
Eit tydeleg fall gjennom sommaren
Figur 1 viser talet på abortar frå januar til august i åra 2016 (den mørkeblå/svarte lina øvst) til 2020 (den raude lina nedst). I desse månadene var det ein nedgang frå rundt 1000 til rundt 800 abortar per månad. Det tilsvarar ein nedgang på 18 prosent samanlikna med 2019. Tala er foreløpige.

Kjelde: Abortregisteret i Folkehelseinstituttet, 16. november 2020.
I heile 2019 var det 11.726 abortar i Noreg. Tala for 2020 er naturleg nok ikkje klare før neste år, men det er grunn til å tru at den gradvise nedgangen dei siste åra vil halda fram. I tillegg ser det ut til å vere ein nedgang knytt til korona-perioden.
Her er dei foreløpige tala for dei fyrste åtte månadene i 2020 samanlikna med året før:
|
Januar |
Februar |
Mars |
April |
Mai |
Juni |
Juli |
August |
Samla 8 månader |
2019 |
1167 |
999 |
963 |
845 |
1092 |
959 |
947 |
1047 |
8019 |
2020 |
1136 |
968 |
915 |
888 |
811 |
844 |
844 |
829 |
7235 |
Overlege Mette Løkeland i Abortregisteret seier dette om dei foreløpige tala for i år:
– Det var ein liten nedgang dei fyrste fire månadene i år i forhold til året før, men nedgangen var mindre enn mellom 2018 og 2019. Det er difor sannsynlegvis eit uttrykk for naturleg variasjon og ei forventa utvikling. Dei som tok abort i mars og april, vart gravide før koronarestriksjonane vart innførte, i motsetnad til abortane frå mai og utover sommaren. Det er vanlegvis færre abortar i juli, og så aukar talet igjen i august. I år ser vi ikkje denne variasjonen.
Årsakene må analyserast nærare
– Kva kan nedgangen skuldast?
– Vi veit ikkje om dette betyr at folk har hatt mindre seksuell kontakt, og at det difor er færre uønskte svangerskap, eller om fleire ønskjer å få barn, svarer Løkeland som òg trekkjer fram at sommarferien i år var annleis enn tidlegare år.
I mars og april stengde sjukehusa mykje av den ordinære aktiviteten for å kunne oppretthalde tilgangen til akutt helsehjelp og livstrugande sjukdomar.
– Kan det vere at kvinner ikkje fekk utført abort under nedstenginga?
– Abort kjem inn under akutt helsehjelp. Ut frå våre tal er det ingen grunn til å tru at kvinner ikkje fekk den hjelpa dei trong, svarer ho.
Kva med fødetala?
– Også talet på fødslar har gradvis gått ned dei siste åra. Er det noko endring der?
– Det er for tidleg å seie. Medisinsk fødselsregister har berre oversikt over kvinner som allereie har født, men eg har jo lagt merke til at Kvinneklinikken i Bergen har opplyst at dei ventar fleire fødslar i desember og januar. Det stemmer med nedstenginga i mars og april, så det vert spennande å fylgje med på kva pandemien fører til når det gjeld barnefødslar, svarer Mette Løkeland.