Hopp til innhold
Lukk

Få varsel ved oppdateringer av «Det blir brukt mindre legemiddel i norsk fiskeoppdrett»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte og slette din e-postadresse ved å følge lenke i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Det blir brukt mindre legemiddel i norsk fiskeoppdrett

Oops, noe gikk galt...

... ta kontakt med nettredaksjon@fhi.no.

... last inn siden på nytt og prøv igjen.

Nyhet

Det blir brukt mindre legemiddel i norsk fiskeoppdrett

Publisert

Det blir brukt stadig mindre antibiotika og legemiddel mot lakselus i norsk fiskeoppdrett, viser 2019-tala frå Folkehelseinstituttet. Mindre bruk av middel mot lakselus skuldast blant anna at lusa i aukande grad blir fjerna med andre metodar – som spyling og rensefisk.

Laks.jpg

Det blir brukt stadig mindre antibiotika og legemiddel mot lakselus i norsk fiskeoppdrett, viser 2019-tala frå Folkehelseinstituttet. Mindre bruk av middel mot lakselus skuldast blant anna at lusa i aukande grad blir fjerna med andre metodar – som spyling og rensefisk.


Kvart år publiserer Folkehelseinstituttet grossistbasert statistikk for sal av legemiddel i norsk fiskeoppdrett, mellom anna antibiotika, middel mot lakselus, innvollsorm og overflateinfeksjonar.

Sjå artikkelen 2019: Bruk av legemidler i fiskeoppdrett. Den har tabellar og forklaring av tala.

Gir von om betre resistenssituasjon

I norsk fiskeoppdrett er bruken av fleire slag legemiddel på veg ned. Det gjeld særleg legemiddel mot lakselus, viser dei nye tala for 2019. Forbruket av antibiotika har vore lågt i heile perioden frå 2010 til 2019, men det blei ytterlegare redusert i 2019.

– Det reduserte forbruket av legemiddel mot lakselus gir von om at resistenssituasjonen på sikt kan betre seg, seier seniorrådgivar Irene Litleskare i Folkehelseinstituttet.

Dei fleste legemidla er på veg ned

Forbruket av dei ulike midla mot lakselus, innvollsorm og overflateinfeksjonar varierer noko frå år til år, men over tid er det ein tendens til at forbruket går ned.

Bruken av desse legemidla er på veg ned, med nokre unntak.

•            antibakterielle middel

•            middel mot lakselus

•            middel mot innvollsorm

•            middel mot overflateinfeksjonar på fisk i ferskvatn

Bruken av roande og bedøvande middel har auka eller er stabil.             

Legemiddel i fiskeoppdrett

Dette er legemidla som blir nytta i fiskeoppdrett:

  • Antibakterielle middel: antibiotika og kjemoterapeutika som blir brukte mot bakteriar og andre sjukdomsframkallande mikroorganismer
  • Middel mot lakselus: parasitt- og insektsmiddel
  • Middel mot innvollsorm: Middel mot bendelmakk (Eubothrium sp.)
  • Middel mot overflateinfeksjonar på fisk i ferskvatn: middel mot sopp på fisk
  • Roande og bedøvande middel

Kilde:  Felleskatalogen, Legemidler til dyr, www.felleskatalogen.no

Artikkelen «2019: Bruk av legemiddel i fiskeoppdrett» viser utviklinga i salet av dei ulike legemidla. Dei blir brukte og doserte ulikt, og kilotala kan difor ikkje summerast, men må sjåast kvar for seg.