Hopp til innhold

Nyhet

Daglegvarehandelen sel stadig meir smertestillande, nasespray og røykeavvenningsmiddel

Publisert

Stadig fleire reseptfrie legemiddel blir selt i daglegvarehandelen, viser dei nye tala i 2019 frå den grossistbaserte legemiddelstatistikken frå Folkehelseinstituttet.

kvinne med tablett i hånden
Illustrasjonsfoto: Fizkes, Shutterstock.com

Stadig fleire reseptfrie legemiddel blir selt i daglegvarehandelen, viser dei nye tala i 2019 frå den grossistbaserte legemiddelstatistikken frå Folkehelseinstituttet.


26. februar klokka 08.01:
Tala for antall pakningar i tabellen nedanfor ble først feil, men er no retta.

Daglegvarehandelen står for ein stadig større del av salet av dei mest brukte reseptfrie legemidla som blir selde både der og i apotek, ifølge dei nye 2019-tala frå Folkehelseinstituttet.

– Dei mest selde reseptfrie midla i daglegvarebutikkane er smertestillande, nasespray mot tett nase og nikotinmiddel for dei som ønskje å slutte å røyke. I tillegg blir det selt mellom anna reseptfri allergimedisin, seier seniorrådgivar Kristine Olsen i Folkehelseinstituttet.

Alle dei nye tala er publiserte i artikkelen Reseptfrie legemiddel selt i både daglegvare og apotek i 2019.

Dette er utviklinga frå 2010 til 2019

Denne figuren viser korleis andelen av salet (målt i definerte døgndosar (DDD)) av dei mest omsette reseptfrie legemidla fordeler seg på apotek og daglegvarebutikk, i perioden 2010–2019.

Figur 3.PNG

Kjelde: Grossistbasert legemiddelstatistikk, Folkehelseinstituttet

Tabellen nedanfor viser antal pakningar som blei selde i daglegvarehandelen i 2019, og andelen i daglegvare av totalt reseptfritt sal. Tabellen omfattar dei mest omsette legemidla som blir selde i både daglegvarehandelen og apotek.

Virkestoff

(varemerke)

 

Antal pakningar

Prosentandel i daglegvare (dosar, DDD)

Ibuprofen

 (Ibux®)

 

2,0 millionar

38 %

Paracetamol

 (Panodil®, Paracet®)

 

5,0 millionar

56 %

Nikotin

(Nicorette®/Nicotinell®, Zonnic®)

 

1,2 millionar

50 %

Xylometazolin

 (Otrivin®)

 

4,5 millionar

71 %

Xylometazolin/

ipratropiumbromid

 (Otrivin comp®)

 

0,1 millionar

33 %

Cetirizin

 (Zyrtec®)

 

0,15 millionar

25 %

Totalt andel i daglegvare

 

57 %

Kjelde: Grossistbasert legemiddelstatistikk, Folkehelseinstituttet

Auka sal av paracetamol

Totalt sett auka det reseptfrie salet av paracetamol med tre prosent i 2019. For reseptfritt og reseptpliktig sal totalt var derimot auken på 6,5 prosent, målt i dosar (DDD). Det inneberer at det er salet av reseptpliktige pakningar som aukar mest, sjå figur 1.

Figuren nedanfor viser total omsetning, både reseptfritt og reseptpliktig, av paracetamol i perioden 2010–2019. Tala er oppgitt i definerte døgndosar (DDD) per 1000 innbyggarar per døgn.

Figur 2.PNG

Kilde: Grossistbasert legemiddelstatistikk, Folkehelseinstituttet,

– Kva kan den auka bruken av paracetamol skuldast?

– Tala tydar på at auken i stor grad skuldast at fleire får resept av lege og derfor får utlevert større mengder paracetamol enn det dei kan kjøpe reseptfritt. Legemiddelet blir blant anna brukt ved behandling av kroniske smerter.

Paracetamol er reseptfritt dersom du til dømes kjøper ein pakning på 20 tabletter à 500 mg, men ved behov for pakningar med fleire tablettar eller høgare styrke, må du til legen for å få ein resept. 

Reseptfritt auka med fem prosent

Frå 2018 til 2019 auka totalsalet av dei mest selde reseptfrie legemidla med fem prosent. Allergimedisin har hatt størst prosentvis auke i 2019.

– Auken for allergimedisin har truleg samanheng med den tidlege og kraftige pollensesongen i fjor, og dette kan også ha påverka salet av nasespray sjølv om dette ikkje er tilrådd bruk. Auken i bruk av nasespray kan også skuldast at mange brukar desse legemidla over lengre tid enn det som er tilrådd. Det kan medføre problem med å slutte med nasespray, seier seniorrådgivar Kristine Olsen i Folkehelseinstituttet.

Salet av nikotinhaldige røykeavvenningsmiddel auka med 3,6 prosent i 2019. Halvparten av salet skjer i daglegvarehandelen. Tyggegummi er mest populært, mens plaster og andre variantar blir brukt i liten grad.­­­­­